Hopp til innhold

Ove var med og leita etter dei sakna i Tokagjelet: – Vi ønskjer å hjelpe

Då alarmen gjekk i Kvam i Hardanger, var Ove Haugen og elveredningsgruppa klare for å hjelpe. – Det er krevjande, både fysisk og psykisk, seier Haugen.

Ove Haugen i elveredningsgruppa var med i søket etter dei tre sakna i Hardanger.

GODT Å HJELPE: Ove Haugen og fleire andre frå elveredningsgruppene i Sogndal og Eid, har vore med i søket etter dei sakna personane i Kvam. – Det er godt å hjelpe. Det er det vi står klare til, seier Haugen.

Foto: Benedikte Grov / NRK

– Det er intenst når det står på, men det gir ei god kjensla å hjelpe til, seier Ove Haugen.

Søndag kveld gjekk alarmen i Tokagjelet i Kvam i Hardanger: Ein båt med tre personar om bord vart teken av straumen, og båten dei sat i har truleg gått utfor ein høg foss. Politiet trur dei tre er omkomne.

Ove Haugen og dei andre i elveredningsgruppa på Nordfjordeid var blant dei som rykte ut for å hjelpe til i søket.

kran over tokagjelet

OMFATTANDE: Det er store ressursar som er sett inn i leiteaksjonen etter dei sakna i Tokagjelet.

Foto: Cato Heldal Kristensen / NRK

To-tre aksjonar årleg

Årleg blir elveredningsgruppa kalla ut på to-tre slike aksjonar, og det kan ofte vere svært utfordrande forhold som møter gruppa som har vore aktive i ti år.

Den største utfordringa er ofte å få tilkomst til staden der dei ønskjer å søke, fortel nordfjordingen.

Korleis er det når du står midt oppi dei vanvettige kreftene som de jobbar under, blir du redd?

– Nei, i utgangspunktet ikkje. Men blir nokre i gruppa redde, så skal det vere takhøgd for å seie ifrå. Det er ingen som skal ofre livet på grunn av ein aksjon.

Totalt var ti personar med frå gruppene på Eid og Sogndal med på den første dagen av aksjonen i Hardanger. Neste dag var sju personar med i søket etter dei tre sakna, Ruth Wathne (68), Nils Johan Bårdsen (72) og Kjell Arne Pedersen (64).

Ruth, Nils og KJell Arne forsvant i Tokagjelet

SAKNA: Ruth Wathne (68), Nils Johan Bårdsen (72) og Kjell Arne Pedersen (64) er sakna i Tokagjelet i Kvam.

– Mange faktorar kan spele inn

Kvar aksjon er unik, og det er mange faktorar som kan vere med å avgjere kor krevjande arbeidet til gruppa blir, fortel Haugen.

Kva gjer elveredning så utfordrande?

– Det er vatn som er i bevegelse og grådig store krefter, seier han.

Ein kubikk i ei elv, veg eit tonn.

Han er aldri i tvil om at det er dette han vil gjere.

– Det er meir krevjande å skulle sitte heime og følge med derfrå.

Fram til 1. oktober i år, miste 60 personar livet i drukningsulykker i Noreg. Dei fem siste åra har 1 av 5 drukningsulykker skjedd i ei elv, syner tal frå Redningsselskapet.

Opp gjennom åra har gruppa skaffe seg mykje kunnskap og kompetanse på elveredning. Dette såg dei at dei hadde behov for etter ein aksjon for ein del år tilbake.

– Vi såg at vi mangla kunnskap om kreftene i elva og det å lese straumane som er der. Dette er eit ganske stort tema, og ei elv er aldri ei elv. Det er mange faktorar som kan spele inn.

Leiting etter omkomne i Tokagjelet

STORE KREFTER: Det er vatn som er i bevegelse og grådig store krefter, seier Ove Haugen i elveredningsgruppa.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Står klare året rundt for å hjelpe

Elveredningsgruppa opererer under Røde Kors. Ifølge Haugen er det ikkje mange andre slike grupper i landet.

Han og dei andre jobbar under særs krevjande forhold, men dei er godt trente og førebudde på det som møter dei når dei reiser ut, fortel Haugen.

Men for folk frå utsida, kan jobben gruppa gjer sjå ganske intens ut, vedgår han.

– Det kan sjå ganske vanvettig ut, men vi planlegg alltid godt og har gode tryggleiksrutinar. Vi trenar svært mykje, og vi står i beredskap heile året. Vi ønskjer å bidra og hjelpe der det er behov, seier Haugen.

Korleis er det å kome tilbake til kvardagen etterpå?

– Den kjem brått tilbake, men livet må gå vidare, og vi er begynt å få god erfaring etter kvart.