Hopp til innhold

Ordføraren fryktar at folkerøystinga skal gjere stemninga i Vågsøy endå dårlegare

I Vågsøy blir stemninga i det politiske miljøet skildra som svært dårleg. No fryktar ordføraren at ei folkerøysting vil gjere det endå verre.

Kristin Maurstad

SKEPTISK: Kristin Maurstad er skeptisk til folkerøystinga i Vågsøy.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Det eg er redd for er at vi no skapar falske forhåpningar hos dei som er mot ei samanslåing, seier Vågsøy-ordførar Kristin Maurstad (Ap).

Samanslåinga av Vågsøy og Flora er godt i gang. Likevel skal politikarane i Vågsøy altså halde folkerøysting om saka, trass i at stortingspolitikarar frå begge sider har stadfesta at dei ikkje kjem til å gjere om på sitt vedtak.

Det har vore steile frontar i politikken i Vågsøy ei stund no, og saka om samanslåing med Flora har vore betent. Kinn kommune har blitt skildra som Noregs raraste kommune, og ordførar Maurstad har måtte tole det som har blitt kalla hets og sjikane.

No har ei underskriftskampanje der kvar femte innbyggjar i kommunen har signert, sørga for ei folkerøysting i tolvte time. Maurstad er ikkje trygg på at det vil gjere situasjonen enklare.

– Det er jo mykje som er uklart, mellom anna kva ein ønskjer å bruke resultatet i folkerøystinga til. Men no er det vedteke at vi skal ha ei røysting, så då får vi berre gjere det beste ut av det, seier Maurstad.

Kinn kommune

SPLITTA: Kinn kommune får store Bremanger kommune midt i

Har ikkje bestemt seg for kva dei skal gjere

Det var Høgre som sikra eit fleirtal for folkerøysting i kommunestyret, men partiet har ikkje bestemt seg for om eit «nei» i røystinga faktisk bør bli eit nei.

– Vi har endå ikkje landa på om vi vil følgje resultatet frå folkerøystinga. Vi har drøfta det, men vi har ikkje konkludert, seier gruppeleiar i Høgre Morten Hagen.

– Korleis kan de ikkje ha bestemt dykk, når de no har sikra fleirtal for ei folkerøysting?

– Utgangspunktet vårt er at vi er positive til ei kommunesamanslåing, og vi har trua på at folket i Vågsøy vil røyste ja til ei slik samanslåing. Når vi får ut god informasjon om kva som ligg bak, trur vi at folk vil røyste ja, seier Hagen.

Morten Hagen

HAR IKKJE LANDA: Morten Hagen og Høgre har endå ikkje bestemt seg for kva dei skal meine dersom folket røystar nei til ei samanslåing.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Det er uansett ikkje sikkert at det er noko vits i å prøve å kome seg ut av samanslåinga, dersom det skulle bli eit «nei» i folkerøystinga. Stortinget har allereie vedteke samanslåinga, og det same har begge dei to kommunestyra gjort tidlegare. Det er med andre ord tale om ei frivillig samanslåing, som allereie er godt i gang.

– Det er ikkje mogleg å få endra vedtaket om å slå saman Vågsøy og Flora, sa Kari Kjønaas Kjos (Frp) som er nestleiar i kommunalkomiteen på Stortinget, til NRK tidlegare i år.

– Det er ingen grunn til å noko omkamp her, sa Arbeidarpartiet sin representant i komiteen, Rigmor Aasrud.