Hopp til innhold

Politisk parti har laga falsk video av statsministeren

I videoen seier den falske statsministeren at berre muslimske id al-fitr skal vere nasjonal heilagdag. – Dette er skummelt, seier professor.

Mette frederiksen på pressemøte.

Dette bildet av Mette Frederiksen, statsminister i Danmark, er ekte.

Foto: Liselotte Sabroe / NTB

I ein video publisert av Dansk Folkeparti ønskjer statsminister Mette Frederiksen velkommen til pressemøte.

– Vi avskaffar pinsa. Vi avskaffar påska. Og vi avskaffar jula. (...) Frå neste år vil Danmark vere fritt for helgedagar.

Derimot skal muslimske id al-fitr vere den einaste fridagen som består, seier ho.

Men videoen er ikkje ekte. Den er generert ved hjelp av kunstig intelligens, av eit parti som står langt unna Frederiksen sitt.

Dansk Folkeparti har laget en kampanje der Mette Frederiksen (KI) fjerne alle danske helligdagene og innfører en muslimsk helligdag.

Dansk Folkeparti har laga ein kampanje der ein KI-generert Mette Frederiksen seier ho vil fjerne alle dei danske helligdagene og heller innføre ein muslimsk helligdag.

Forsvarer videoen

Videoen er også merka med at den er laga av kunstig intelligens, men reaksjonane har ikkje latt vente på seg.

I kommentarfeltet på X meiner fleire at det ikkje er godt nok merka at videoen er falsk.

Morten Messerschmidt i Dansk folkeparti meiner derimot at det ikkje er mogleg å ta feil av.

– Det er jo ikkje nokon som kan vere i tvil om at videoen er satire, og at det er ein deepfake, seier han til Politiken.

Ifølgje avisa sende han sjølv bekymringsmelding til statsministeren i 2020, etter å ha blitt misbrukt i «deepfakes».

Morten Messerschmidt

Morten Messerschmidt er leiar i Dansk Folkeparti. Ein ekte versjon av han er òg med i videoen.

Foto: RITZAU SCANPIX / Reuters

– Dette er skummelt. Når vi ikkje lenger veit at om ein video er sann, kan vi ikkje stole på eigne auge.

Det seier Morten Goodwin, professor i kunstig intelligens ved Universitetet i Agder.

Han meiner likevel denne videoen i seg sjølv ikkje er farleg, sjølv om logoen kunne vore tydelegare.

– Det var meir morosamt. Dei var opne på at det var brukt kunstig intelligens.

– Er det verre at folk med så mykje makt brukar kunstig intelligens på denne måten?

– Nei, det er nok verre dersom folk med vonde hensikter bruker dette – som terrorgrupper.

Er videoen godt nok merka med kunstig intelligens?

Kan truge demokratiet

I januar spreidde falske nakenbilde av Taylor Swift seg som eld i tørt gras. Då sa ekspertane at 2024 kom til å bli «året for deepfakes».

– Eg trur Taylor Swift-eksempelet berre er starten på noko mykje større, sa Goodwin då.

Taylor Swift

Superstjerna Taylor Swift blei offer for deepfake» i januar.

Christiane Vejlø er digital trend-analytikar, direktør i Elektronista Media og forfattar. Ho seier til den danske rikskringkastaren DR at «deepfakes» er med på å undergrave demokratiet når politikarar blir offer for det.

Goodwin meiner slik bruk av kunstig intelligens kan true demokratiet på sikt.

– Eg trur alle saman må vere litt meir kjeldekritiske. Alle videoar vi ser, må vi tolke slik vi har tolka tekst. Vi må vere merksame på at videoar kan vere like usanne som ein tekst på Facebook eller ei tekstmelding.

Karianne Tung

Digitaliserings- og forvaltningsminister Karianne Tung.

Foto: William Jobling / NRK

Digitaliserings- og forvaltningsminister Karianne Tung seiar Noreg har eit godt teknologinøytralt regelverk. Ho håpar norske politikarar holder seg for god til å herme etter danskane.

– Å bruke KI på denne måten vil i ytste konsekvens ha betydning for demokratiet og skape tvil om kva som faktisk er ekt, seier Tung.

– Eg ser fram til å diskutere dette ytterlegare og gi støtte til min danske kollega, når eg møter henne om nokre veker.

Deepfake av Barack Obama

Allereie då Obama var president, blei «deepfake»-teknologien teke i bruk. I dag er «deepfakes» meir realistiske.

Foto: AP

Stor motstand

Bakgrunnen for videoen er avskaffing av den danske fridagen «den store bededag». Regjeringa valde i fjor å fjerne fridagen, for å heller bruke pengar på forsvaret.

Motstanden frå fagforeiningar, biskopar og folket var stor.

Regjeringa rekna seg fram til at fjerning av helligdagen ville spare 3,2 milliardar danske kroner.

Les også Har vært dansk fridag i 300 år - nå skal den bort

Folk som sitter under et Carlsberg øl-skilt på en restaurant i København.

AKTUELT NÅ