Hopp til innhold

Familien slår ring rundt Vågsøy-ordførar

Ordføraren si syster tek eit kraftig oppgjer med hets og ryktespreiing. No ber ho folk om å halde fingrane av tastaturet.

Skjerm

TEK TIL MOTMÆLE: Janne Brit Aasen er ein av fleire som tek til motmæle på Facebook når det gjeld hets og rykte.

Foto: SKJERMDUMP/ FACEBOOK

– Kva rett har dei til å be ei 37 år gammal kvinne med mann og to barn på 10 og 12 år om å ryke til helvete og det som verre er?, skriv Janne Brit Aasen på Facebook.

Ho er systera til politikaren som har vore utsett for sjikane på nett. Politiske saker om skulenedlegging og flytting av kommunegrenser har fått fleire til å hamre laus på tastaturet. Aasen skreiv eit innlegg på Facebook for å sette foten ned.

Janne Brit Aasen

MÅ SKILJE MELLOM PERSON OG SAK: Søstra til Vågsøy-ordføraren, Janne Brit Aasen, er lei av hets og rykte.

Foto: Remi Sagen / NRK

– Nok er nok. Eg er tante til borna til Kristin. Ho har valt ein jobb der ho må tole mykje, men det går ei grense for kor mykje ein skal tole. Det går ikkje lenge før borna får det med seg, seier ho.

Det har vore tøft for Aasen å lese det folk skriv på sosiale medium. Ho tek ikkje stilling til vedtaka og politikken som ligg til grunn. Ho er oppteken av nettsjikanen.

– Det er snakk om vanvitige personkarakteristikkar frå nokon som aldri har møtt eller snakka med Kristin, og som berre har danna seg eit bilete av ho ut frå politiske vedtak.

Kristin Maurstad vil ikkje la seg intervjue, men seier følgande til NRK.

– Eg er kjent med innlegget på Facebook. Eg syns det er fint at nokon reagerer på dette, enten det er systera mi eller Eid-ordføraren, seier ho.

Helser ikkje på butikken

Det er ikkje berre på internett det har utarta seg. Nokre har slutta å helse på Maurstad på butikken. Andre snakkar nedsetjande om ho. Det var spesielt ein kommentar som fekk begeret til å renne over for systera.

– Eg fekk sjå bilete der nokon hadde bedt ho om å reise til helvete, og folk som forsvarar det dei skriv med at ho må tole det. Ingen må tole noko sånt, uansett om du er statsminister eller sjukepleiar, seier Aasen.

Aasen jobbar som vaktsjef i NRK Møre og Romsdal og har gått fleire rundar med både arbeidsgjevar og seg sjølv, før ho la innlegget ut på Facebook.

– Eg er journalist og veit at ein må tole noko i ein debatt. Det må vere lov som journalist å engasjere seg når det gjeld folkeskikk. Dette er første gongen eg seier noko som helst. Eg veit at den offentlege debatten må ha takhøgd, men når det går over i det usaklege, så må ein seie ifrå.

No ber ho andre om å skilje mellom person og sak.

– Kristin er ikkje berre politikar, ho er mamma, ho er sambygding og ho er ven. Systera mi er tøff, ho har tatt sine val, men ho er laga av kjøtt og blod. Ho har ein familie, ho har ungar som ikkje har gjort noko gale, og som veks opp i ei lita bygd. Dei er glade i mor si, og det er ikkje så kjekt å lure på om mor skal sendast til helvete, skriv Aase på Facebook.

– Eg står for det. Å fronte folkeskikk er ikkje det verste ein kan gjere i verda, seier ho.