Hopp til innhold

Folk handlar alkohol som det var påske – no vil ordførar stengje pola

Salet på Vinmonopolet har stige til påske- og sommarferienivå etter dei strenge korona-tiltaka blei innførte.

Vinmonopolet

VIL STENGJE:- Vinmonopola bør vere stengde så lenge skular og barnehagar er det, meiner ordførar.

Foto: Geir Olsen / NTB scanpix

Vinmonopolet har denne veka selt 50 prosent meir alkohol enn vanleg, eit sal på nivå med påskeferien. Både talet selde liter og talet kundar går opp, men litertalet aukar mest.

Kvar kunde tek med seg i snitt tre liter heim frå polet.

– På nivå med sommarferien

– Salet er nært det vi ser i sommarferien. Ein tysdag om sommaren sel vi rundt 200.000-220.000 liter på landsbasis, noko vi også gjorde denne tysdagen, seier kommunikasjonssjef Jens Nordahl.

Auken kan ifølgje Nordahl henge saman med at grensehandel, taxfree-sal og sal på barar og restaurantar er stengt ned.

Likevel meiner ikkje Nordahl at folk hamstrar.

– Folk kjøper meir per handel og verkar flinkare å planlegge innkjøp, seier Nordahl, som understrekar at dei ikkje ønskjer eit auka konsum.

Leidulf Gloppestad

– TA OMSYN: – Å stengje vinmonopola ville gjort ein stor forskjell for enkeltfamiliar, seier Gloppen-ordførar Leidulf Gloppestad (Sp).

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Klarar oss utan brennevin

Ordføraren i Gloppen ber familieministeren om å stengje pola for å verne sårbare barn og unge.

– Her er enkeltskjebnar som no har store utfordringar. Vi klarer oss nokre veker utan brennevin så lenge skular og barnehagar er stengde, seier Leidulf Gloppestad, ordførar i Gloppen (Sp).

Overgrepsmottak er uroa over at allereie sårbare barn er ekstra utsette når skular og barnehagar er stengde som følgje av koronaviruset.

Gloppestad meiner vinmonopola bør vere stengde så lenge skular og barnehagar er det.

– I dette tilfellet meiner eg fleirtalet bør tenke på dei få, seier Gloppestad.

Vil ikkje stenge

Barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad (KrF) er bekymra for barn som bur i heimar med valds- og rusproblem.

– Ein veit at dei som før kunne kome seg på skulen, no potensielt kan vere saman med valdsutøvarar 24 timar i døgnet.

Men familieministeren vil ikkje stengje vinmonopola.

– Der er vi ikkje no. Vi er tvert imot opptekne av at mest mogleg skal fungere som normalt.

Statsråden ber folk vere ekstra merksame, og melde frå om ein mistenkjer at barn og unge har det vanskeleg.

– Skule og lærarar skal ha god kontakt med desse barna, og ikkje minst barnevernet. Det finst alarmtelefonar og chattar der barn og unge som opplever vonde ting skal få sagt frå.

Kjell Ingolf Ropstad

DROPP ALKOHOLEN: – Mitt klare råd er å droppe alkoholen når barna er til stades. Ein veit at mange er ekstra bekymra, då er det viktig å ikkje ha moment som gjer barna ekstra usikre, seier familieminister Kjell Ingolf Ropstad (KrF).

Foto: Svein Sundsdal / NRK

Vil bevisstgjere

Alkovettorganisasjonen Av-og-til oppmodar folk om å vere forsiktige med alkoholbruken.

– 290.000 barn veks opp med ein mamma eller pappa som slit med alkohol eller psykiske problem i så stor grad at dei ikkje alltid klarer å fungere normalt. Dei har det ekstra vanskeleg desse dagane, seier generalsekretær Randi Hagen Eriksrud.

Organisasjonen vil no kontakte Vinmonopolet og be dei bevisstgjere kundane sine om dei negative konsekvensane alkohol kan ha i desse tider, fortel Eriksrud.

Randi Hagen Eriksrud

DÅRLEG STRATEGI: – Vi veit at det er ein del som bruker alkohol for å takle utfordringar som dei vi står i no. Det er ingen god strategi, seier Randi Hagen Eriksrud i Av-og-til.

Foto: Av-og-til