Hopp til innhold

Overgrepsmottaket er bekymra for at barn som blir utsett for vald har mista frisona si

Barn som er isolerte kan bli utsette for vald og overgrep utan at nokon merkar det.

Barn leker i barnehagen

KRISE: Barn som manglar trygge vaksne strevar når skular og barnehagar stenger.

Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

– For mange i ein vanskeleg situasjon, er skule og jobb ein fristad, seier Lin Hjelmeland Finjord, sjukepleiar ved overgrepsmottaket i Sogn og Fjordane.

Stengde barnehagar, skular og fritidstilbod er ein utfordring for foreldre landet over.

Men no varslar Redd Barna at barn som ikkje har det bra heime slit ekstra mykje etter at koronatiltaka blei innført.

– Dette er barn som har skular, barnehagar og fritidsaktivitetar som eit pusterom, men som no er isolerte og kanskje saman med foreldre som ikkje er i stand til å gi god nok omsorg, seier Monica Sydgård, som er leiar for Redd Barnas Noregsprogram.

No risikerer vaksne å ikkje oppdage at barn vert utsett for rusproblem, omsorgssvikt, vald og seksuelle overgrep.

Monica Sydgård

BEKYMRA: Monica Sydgård i Redd Barna.

Foto: Redd Barna

– Alle i befolkninga har eit ansvar for å ta vare på kvarandre no, det er viktig at vi vaksne veit kva vi skal gjere. Om det er ein akutt fare for noko ulovleg, har ein plikt til å avverje, og skal kontakte politiet, seier Sydgård.

Enorm pågang på alarmtelefonen sine nettsider

På grunn av koronakrisa er alarmtelefonen for barn og unge (116 111) døgnopen.

Alarmtelefonen gjer at barn, unge, men også vaksne som er bekymra kan få hjelp.

– Vi har opplevd ein vanvitig pågang på våre nettsider, seier Margrethe Østerhus, leiar for alarmtelefonen.

Østerhus ventar at trafikken vil auke framover.

– Dette må vi erkjenne blir ei krevjande periode for dei barna som strevar mest, seier Østerhus.

Østerhus oppmodar barn og unge om å ikkje nøle med å ta kontakt, det er også viktig å tenke over om dei har trygge vaksne dei kan snakke med.

Alarmtelefonen for barn og unge

ALARMTELEFON: Barnevernet i Kristiansand driv telefonen i samarbeid med barnevernstenesta i heile landet. (Arkivfoto)

Foto: Kristin Ellefsen, Alarmtelfonen for barn og unge

Barn med behov kan få vere i barnehage og skule

Bufdir bestemte i helga at barn som har særskilde omsorgsbehov likevel er blant dei som kan møte opp på skule og barnehage.

Barnevernstilsette har også fått status som personell i kritiske samfunnsfunksjonar.

– Det er svært viktig å halde oppe beredskapen for barn i kommunane, og i statleg barnevern, seier direktør Mari Trommald i Bufdir.

Bjarte Gangeskar, som er leiar for barnevernet i Stad kommune seier hjelpeapparatet skal fungere.

Bjarte Gangeskar

BARNEVERNSLEIAR: Bjarte Gangeskar i Stad kommune.

Foto: Silje Guddal / NRK

– Vi må halde hovudet kaldt og hjartet varmt. Vår erfaring er at folk taklar greitt å vere heime frå jobb og skule. Vi skal ikkje krisemaksimere, men gå inn i den enkelte saka og sjå om vi kan etablere eit tilbod, seier Gangeskar.

Viktig at vaksne følgjer med

Redd Barna meiner det er positivt at alarmtelefonen skal vere open døgeret rundt.

– Vi meiner også at telefonen treng ein chatte-funksjon. Det er ein viss terskel for å ringe, og kanskje også vanskeleg for barn som er tett på familiane sine, seier Monica Sydgård.