Hopp til innhold

Ordførar på Askøy: – Ei utruleg tragisk hending

Dei tre personane som er sakna i Tokagjelet er alle frå Askøy. Kommunen har oppretta kriseteam for pårørande og dei som treng nokon å snakke med.

Siv Høgtun

FØLGJER SITUASJONEN NØYE: Ordførar på Askøy seier dei følgjer situasjonen i Kvam nøye.

Foto: Andrea A. Krüger / NRK

Arbeidet med å finne dei tre personane som i går kveld blei tatt av straumen i Tokagjelet i Kvam herad, held fram.

Dei tre sakna er frå Askøy kommune.

– Dette er ei utruleg tragisk hending. Våre tankar går til dei pårørande, seier Siv Høgtun, ordførar i Askøy kommune.

Kommunen har oppretta eit pårørandesenter i Strusshamn på Askøy, som held opent frå klokka 16. Kommunen er tilgjengeleg på telefon 408 06 186.

– Vi gjer alt vi kan no for å ta vare på dei pårørande i den vanskelege situasjonen dei står i.

Lokalsamfunnet i Kvam er prega

Måndag føremiddag blei det funne ein båt øvst i Tokagjelet, men ingen personar er førebels funnen.

– Det er framleis eit operativt redningsarbeid som går føre seg, seier ordførar i Kvam herad, Torgeir Næss.

Kommunen har oppretta eit kriseteam som skal assistere pårørande og dei som treng nokon å snakka med.

– Dette er ei hending som pregar lokalsamfunnet. Det er veldig viktig for oss at pårørande har ein plass å vere og nokon å snakka med no.

Torgeir Næss

PREGA LOKALSAMFUNN: Kvam herad har oppretta krisestab for å ta i mot pårørande.

Foto: Lidvard Sandven

Han understrekar at dei førebels er i ein rednings- og leiteaksjon, og at redningsmannskapet får fred til å gjere jobben sin.

– Aldri sett liknande

Tokagjelet ligg i eit populært hytteområde på Kvamskogen. Styreleiar i Kvamskogen vel, Eva Grimstad, seier ho aldri har opplevd noko liknande her.

– Vi er veldig triste for det som no skjer, seier ho.

Grimstad har lang fartstid i velet, som engasjerer seg for miljø og trivsel i hytteområda på Kvamskogen.

Ho understrek at Tokagjelet kan vere eit farleg område, men at dei ikkje har vore klar over dette faremomentet tidlegare.

– Vi i Kvamskogen vel skal gjere det vi kan for å jobbe med tryggleiken i denne elva i ettertid.

Redningsfolk Tokagjelet

UTFORDRANDE LEITEAKSJON: Leiteaksjonen som har gått føre seg i hele natt, hjar vore krevjande som følgje av mykje vatn og dårleg sikt.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Kraftverk i området

Selskapet Clemens kraft arbeider med å bygge et kraftverk på staden der ulykka i Tokagjelet har skjedd. De følger med på redningsaksjonen i dag.

– Dette er ei tragisk hending. Vi håper i det lengste at redningsaksjonen lukkast. Våre tankar går til alle de pårørande i denne saka, seier administrerande direktør Knud Nørve, til NRK.

Tokagjelet

KRAFTVERK I OMRÅDET: Clemens kraft byggjer eit kraftverk på staden der ulykka skjedde.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK