Hopp til innhold

Ordførar fekk byggje utan at området var sjekka for rasfare

Ordføraren fekk lov av si eiga kommune å bygge på huset utan krav om å kartlegge mot skredfare. No syner det seg at han skulle ha betalt skredundersøking av huset sitt.

Garden til tidlegare Jølster-ordførar Oddmund Klakegg.

GENERASJONS-GARD: Oddmund Klakegg og familien bur på ein gard som no må vurderast for skredfare. Det har budd folk der i fleire hundre år.

Foto: Benedikte Grov / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Dåverande ordførar i Jølster, Oddmund Klakegg (Sp) fekk byggeløyve av kommunen han styrte i 2018.

No viser det seg at rasfaren skulle vore undersøkt. Ei privat skredfarevurdering kan koste mellom 10 000 og 40 000 kroner. Viser utgreiinga at det er stor skredfare, kan garden få byggeforbod.

– Dersom dette er eit område der ein fryktar ras, så burde dei vel kravd ei skredfarevurdering, seier Klakegg til NRK.

– Men du har aldri fått noko krav om skredvurdering?

– Nei, aldri.

I juni kom det fram at ei rekkje bygningar kunne vere bygde i Jølster, utan at det er gjort naudsynte vurderingar av rasfare. Desse bygningane ligg i såkalla omsynssone for ras, det gjer også huset til Klakegg.

Hardt råka av ras

Seinast i fjor sommar blei Jølster hardt råka, då ras og skred kløyvde byggefelt i to og ein mann omkom då bilen hans blei tatt av ras.

I Noreg bur tusenvis av menneske i ei fare eller omsynssone for ras og skred.

Men tidlegare ordførar Oddmund Klakegg seier han har aldri har høyrt om at huset hans kan vere i eit skredutsett område.

– Eg veit ikkje kva krava var då eg bygde her, så det veit eg ikkje noko om.

– Du var jo ordførar då du bygde. Meiner du at du her har alt på det tørre?

– Eg har fått mine byggjeløyve slik det skal vere.

Sunnfjord kommune meiner det er urovekkande at fleire hus er bygd utan at det er gjort vurderingar av rasfaren.

Jon Georg Dale og Oddmund Klakegg

VITNE TIL RAS: Oddmund Klakegg (t.h.) var ordførar i Jølster fram til kommunen blei ein del av nye Sunnfjord kommune. Her saman med dåverande statsråd Jon Georg Dale dagen etter at rasa råka Jølster i fjor sommar.

Foto: Bård Siem / NRK

Fleire hus blir vurderte

Byggesakssjef Odd Harry Strømsli seier at dei no snart har jobba seg igjennom den store bunken med saker dei var usikre på. Og til alt hell er det færre hus enn dei trudde.

– Eg må seie at det ser mykje betre ut enn dei tala vi har gitt tidlegare. Mange er no friskmelde, så har vi nokon unntak vi må jobbe vidare med.

Og eit av desse unntaka er altså bustadhuset til Oddmund Klakegg. Han var ordførar for Senterpartiet i Jølster til kommunen blei ein del av Sunnfjord kommune 1. januar i år.

Huset blei bygd rundt 2006 og bygd på i 2018 – i god tru seier ordføraren. Men no syner det seg at huset ligg i eit område der rasfaren må vurderast.

– Tydelegvis er eg ein av desse sakene, seier Klakegg til NRK.

Mange må betale sjølve

Kva som no skjer vidare med dei nye husa som er bygde i rasfarlege område i Jølster, kan ikkje Strømsli i Sunnfjord kommune svare konkret på enno.

– Vi brukar dei verktøya vi skal bruke når vi skal vurdere byggesak. Då ser vi at dette området kan vere utsett for ras. Då skal vi be om ei vurdering.

Andre stadar har folk blitt nøydde til å betale geologiske undersøkingar sjølv.

Det er mange hus og gardar som ligg i bratt terreng i Noreg. På garden til eks-ordførar Klakegg har det budd folk i mange generasjonar.

– Folk bygger der gardane deira har vore i mange hundre år og kanskje enda lenger. Utan at dei har visst om at det har gått ras eller at det skulle vere nokon rasfare. Eg trur ikkje vanlege folk kan innbille seg at det er rasfarleg der dei bur.

Brev til Oddmund Klakegg

FEKK BREV: Sunnfjord kommune har no sendt ut brev til fleire i Jølster, blant anna til den tidlegare ordføraren.

Foto: Sunnfjord kommune