Hopp til innhold

Jølster: 29 hus kan vere bygde i rasområde

29 hus i Jølster kan vere bygde i rasutsette område, utan at det er gjort naudsynte vurderingar om tryggleik. Huseigarane har enno ikkje fått beskjed.

Vassenden i Jølster

FRAMLEIS OPPRYDDING: I fjor sommar gjekk det fleire ras under ekstremvêret i Jølster. No kan 29 hus i tidlegare Jølster kommune vere bygde i rasområde. Husa ligg i ulike delar av Jølster og har ikkje noko med biletet å gjere.

Foto: Håvard Heggen / NRK

– Eg har ikkje sett saker som dette før, seier kommunedirektør, Ole John Østenstad.

Frå nyttår vart Jølster ein del av Sunnfjord kommune.

Dei siste vekene har administrasjonen i den nye storkommunen jobba på spreng for å undersøke mangelfull handsaming av byggesaker i Jølster kommune.

  • Av 931 byggesøknader frå 2008 til 2019, er 389 saker ikkje formelt handsama.
  • 29 hus kan vere bygde i rasutsette område, utan at det er gjort naudsynte tryggleiksvurderingar.

– No er det bustadhus vi ser på i første runde. Det er ei prioritert oppgåve frå vår side og sikre at folk bur trygt, seier Odd Harry Strømsli, einingsleiar for areal og byggesak i Sunnfjord kommune.

Odd Harry Strømsli

PRIORITERER BUSTADHUS: Odd Harry Strømsli seier Sunnfjord kommune prioriterer sakene som handlar om bustadhus først.

Foto: Håvard Heggen / NRK

To tilsette i Sunnfjord kommune jobbar no meir eller mindre på heiltid med å få full oversikt over sakene. Huseigarane har enno ikkje fått informasjon om at huset deira kan ligge i eit rasutsett område. Etter planen skal kommunen sende ut informasjon før fellesferien.

– Det er urovekkande. Dersom det viser seg at det er rasfarleg, så må vi få vurdert faren og kva tiltak som er riktig, seier Strømsli.

Manglande risikovurdering

NVE har utarbeida såkalla aktsomheitskart, som gir kommunane eit godt grunnlag for første vurdering av skredfare.

Karta viser at alle dei 29 bustadane er førte opp i område med potensiell fare for jord- og flaumskred.

Sakene har blitt handsama på to ulike måtar.

  • Det er gitt skriftleg godkjenning, men det ser ut til å mangle dokumentasjon på om det er gjort vurderingar av tryggleiken før bygging.
  • Saka har ikkje blitt handsama i det heile teke frå kommunen si side. På eit tidspunkt har husa likevel blitt bygde.

– Kan dette tyde på at nokre av sakene er blitt godkjende munnleg, utan at det er skriftleg dokumentert?

– Vi har indikasjon på at det har vore ei slags munnleg saksbehandling, seier kommunedirektør Østenstad.

Ole John Østenstad

ALVORLEG: Kommunedirektør Ole John Østenstad seier huseigarane snart får skriv med meir informasjon frå Sunnfjord kommune.

Foto: Håvard Heggen / NRK

Han presiserer at det er for tidleg slå fast at dette har skjedd i dei 29 sakene.

Ein sentral del av arbeidet framover blir difor å kartlegge om det finst meir skriftleg dokumentasjon, som gir eit anna bilete.

Fleire ras

Nettopp i Jølster har innbyggarane fått oppleve følgjene av ekstremnedbør og ras, så seint som i fjor sommar.

Rasa vart utløyste av «tohundreårsregn», i løpet av tre timar kom det opptil 90 millimeter nedbør.

Ras i Jølster

STORE ØYDELEGGINGAR: Eit jordras ved Årsetelva på Vassenden førte til at store jordmassar gjekk gjennom byggefeltet i juli 2019. Ingen hus vart tekne.

Foto: NRK

Berre på E39 gjekk det fire større ras på tre kilometer.

På sørsida av Jølstravatnet vart ein bil teken av eit stort ras. Ein mann i 50-åra omkom.

Folk miste straumen og vart isolerte. Til saman måtte rundt 150 personar evakuere.

Les også: Den lange vegen heim etter raset

Sjekkar ansvar

Kommunedirektøren seier at ingen som behandla sakene i Jølster, jobbar med byggesaker i dag. Om sakene får personellmessige konsekvensar vil han ikkje spekulere i.

– Det er ikkje vårt fokus. Vi er opptekne av å få orden i dei konkrete byggesakene. Så får vi eventuelt ta det andre seinare, seier Østenstad.

NRK har vore i kontakt med ein av saksbehandlarane, som ikkje ønsker å kommentere saka.

I fjor sommar vart fleire område i Jølster kartlagt grundigare, då NVE laga såkalla faresonekart. Det betyr at kvar enkelt kan sjå om bustaden ligg i ei faresone. Sunnfjord kommune kjem no til å undersøke kva farsesone dei 29 husa ligg i.

Kommunedirektøren seier det kan oppstå ein situasjon der Sunnfjord kommune står ansvarleg. Og at det dermed blir store ekstrautgifter for kommunen til sikringstiltak.

– I verste fall kan det bety det. Men eg kan ikkje tenke sånn i desse sakene. Vi skal gjere dette rett. Har vi gjort ting som gjer at vi har eit ansvar, så må vi rette opp i det, seier Østenstad.