I går ettermiddag, og bak lukka dører, vart rektorane orientert om korleis fylkeskommunen ser føre seg den framtidige skulestrukturen.
Fylkeskommunen må kutte mellom 72 og 97 millionar kroner fram mot 2024.
- SJÅ I NETT-TV: Tilrådinga for framtidig skulestruktur (sendinga byrjar kl. 0930)
– Eg er budd på at dette skal vere litt utfordrande for Høyanger, seier ordførar Petter Sortland i Høyanger kommune.
Nervøse elevar
Ordføraren har grunn til å vere uroa. For skular som Høyanger, Jølster, Luster, Dale og Stryn er i faresona.
I verste fall kan sju av dagens 13 vidaregåande skular vere føreslått nedlagde når dagen er omme. Klokka 0930 er det informasjonsmøte på skulen, før elevane blir orienterte to timar seinare.
– Eg kjem til å vere litt nervøs, og eg trur det blir mykje blanda kjensler både for elevar og lærarar, seier elevrådsleiar i Stryn, Nadia Kvamme.
Har fått 200 innspel
– Eg tykkjer det er trist at Stryn kan få kutt i liner, eller bli lag ned, held elevrådsleiaren fram.
- LES OGSÅ: Ho nektar å godta nedlegging
Saka har skapt eit uvanleg stort engasjement med over 200 høyringsinnspel. I fleire av kommunane har det vore mobilisert til kamp for skulane, og ein har gjennomført fakkeltog.
I Indre Sogn har ein likevel semja om å gje opp den vidaregåande skulen i Luster som sjølvstendig skule. Denne kan hamne under Sogndal vidaregåande skule.
– No det byrjar
I Sunnfjord har kommunane gått eitt steg lengre, og lagt Mo og Jølster vidaregåande skule si avdeling i Jølster på hoggestabben. Her kan liner bli overførde til Øyrane vidaregåande skule.
I Høyanger seier ordføraren at det er no det verkeleg byrjar. For i dag går startskotet for eit intenst politisk spel den neste månaden før behandling i fylkestinget.
– Eg håpar at når ein har fått summa seg og gjort den politiske jobben, så skal dette snuast til noko positivt, seier Sortland.