Hopp til innhold

Må kutte mellom 72 og 97 millionar

Ved å ikkje gjere noko med skulestrukturen for dei vidaregåande skulane i fylket kan ein spare heile 57 millionar kroner. Det er likevel ikkje nok, og ein må kutte ein eller annan plass for å kome i land med innsparingane.

Tore Eriksen, fylkesrådmann, Sogn og Fjordane Fylkeskommune

HØYRING: Fylkesrådmann Tore Eriksen vil at alle i fylket som meiner noko om dei framtidige skulestrukturen skal få seie sitt. Difor ber han fylkesutvalet om å sende høyringsutkastet ut på høyring.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Det kjem fram av høyringsdokumentet til den nye skulebruksplanen for dei vidaregåande skulane i Sogn og Fjordane som vart lagt fram i dag.

Her har fylkesadministrasjonen sett på konsekvensane av dei forskjellige forslaga, mellom anna sett på kva dei forskjellige kuttforslaga vil ha å seie i forhold til økonomiske innsparingar.

Om alle dagens 13 skular får leve vidare, vil ein kunne spare 57 millionar kroner. Det er likevel ikkje nok seier fylkesrådmann Tore Eriksen.

– Vi har funne ut at innsparingsbehovet fram mot 2024 vil ligge mellom 72 og 97 millionar kroner. Om vi vidarefører den skulestrukturen vi har i dag, så vil vi imøtekome vel 57 millionar kroner. Dette fordi elevtalet og talet på tilsette vil gå ned ganske mykje.

– Men vi vil ikkje imøtekome den innsparingsambisjonen som fylkeskommunen sin økonomi tilseier, seier Eriksen til NRK.no.

Er heilt nøydde til å spare

Kva vidaregåande skular skal Sogn og Fjordane ha i framtida? Kor dei skal ligge, og kva tilbod skal dei forskjellige skulane ha? Dette er spørsmåla politikarane til slutt må finne svar på.

Skuledebatten har rasa i fylket sidan i haust. I samband med at elevtalet går kraftig ned dei komande åra, og fylkeskommunen får mindre pengar til vidaregåande skular, må dei gjere grep. I dag finst det 13 vidaregåande skular, men om det blir like mange i framtida er slett ikkje sikkert.

Konsulentfirmaet Norconsult har laga fire modellar der det blir føreslått å leggje ned mellom tre og sju skular. Norconsult sin modell 0 inneber at skulane får vere slik dei er i dag. Felles for alle dei tre andre modellane til Norconsult er at Luster, Høyanger og avdelinga i Mo og Jølster blir lagde ned.

Fylkespolitikarane har i tillegg laga ytterlegare fire modellar, der dei justerer på Norconsult sine opphavlege kuttmodellar.

Bør ut på høyring

Tysdag la fylkesrådmann Tore Eriksen fram høyringsutkastet der dei har sett nærare på konsekvensane av åtte forskjellige modellar for ny skulebruksplan.

– Fire av dei er dei som mange kjenner frå Norconsult-rapporten, medan fire er konstruert av fylkesutvalet. Vi har sett nærare på alle åtte og sett på konsekvensane av det å gjennomføre dei.

Han seier tanken no er at utkastet skal ut på ei brei høyring, slik at alle dei som meiner noko om saka skal få seie si meining.

– Deretter skal vi kome med vår administrative tilråding til politikarane. Vi er ikkje der at vi meiner noko enno, seier Eriksen.

Fylkesrådmannen ønskjer så mykje informasjon som mogleg før han kjem med tilrådinga og rår fylkesutvalet til å sende alternativa til skulebruksplan ut på ei brei høyring i tidsrommet 4. mars til 26. april.

Det er til slutt politikarane som skal avgjere saka i juni.

LES MEIR OM SAKA:

(Artikkelen held fram under biletet)

Slik blir innsparingane på dei forskjellige skulemodellane

SLIK KAN DEI SPARE: Ein har sett nærare på konsekvensane av åtte forskjellige skulemodellar. Her ser du kor mykje ein kan spare på dei forskjellige.

Foto: skjermdump

Landar truleg på åtte eller ti skular

Eriksen seier dei har funne ut at innsparingsbehovet fram mot 2024 vil ligge på mellom 72 og 97 millionar kroner. Det er som nemnt umogleg å kome opp i slike innsparingssummar om ein held fram med skulane slik dei er i dag, altså med 13 skular.

– Dei andre modellane vi har sett på, som betyr helst ti eller åtte skular, vi i større eller mindre grad imøtekome ambisjonane og mange av dei vil gje ei tilstrekkeleg stor innsparing, seier Eriksen.

– Du seier ti eller åtte skular, det betyr eigentleg at ein må leggje ned skular for å imøtekome dei krava vi snakkar om?

– Ut frå berekningane vi har gjort, så er svaret på det ja, seier Eriksen.

Med unntak av Norconsult sin modell 0, legg dei andre sju modellane opp til at ein skal ha åtte, ti eller seks skular i Sogn og Fjordane.

– Alternativet med seks skular, trur eg både politisk og administrativt er sett på som lite aktuelt. Så vi ligg nok på det nivået med ti eller åtte skular, seier Eriksen.

Skulane som er truga er Luster, Høyanger og Mo- og Jølster, i tillegg til Dale og Stryn, og til slutt Årdal og Måløy. Alle desse lokalsamfunna har varsla kamp. For det 99 sider store dokumentet som kom i går kveld er ein invitasjon til at alle skal få seie si meining, før høyringsfristen altså går ut 26. april.

Blir fleire hybelbuarar

Mange har brukt argumentet med fleire hybelbuarar når dei har protestert mot skulekutta. Eriksen seier konsekvensutgreiinga dei har gjort viser at det vil bli fleire som må flytte på hybel om ein kuttar i tal skular, men at det ikkje vil vere store skilnader.

Eriksen fortel at det i dag er mellom 26 og 27 prosent av elevane i den vidaregåande skulen i Sogn og Fjordane som bur på hybel.

– Om vi ikkje gjer noko med skulestrukturen, og ikkje får den nødvendige innsparinga, så vil mellom 26 og 29 prosent av elevane bu på hybel,

– Om vi reduserer til ti skular, vil talet auke med to til tre prosent, altså at vi kjem på eit nivå der 28 til 32 prosent av elevane bur på hybel.

Går ein ytterlegare ned på tal skular, og reduserer det frå 13 til åtte, vil talet bli endå høgare.

– Då viser anslaga at vi kjem ut på mellom 33 og 37 prosent som bur på hybel. Det er avvikande frå dagens situasjon med 26–27 prosent, men den er ikkje veldig mykje større, seier Eriksen.