Hopp til innhold

Kommunar samde om å ofre skule

Indre Sogn er samde om å ofre Luster vidaregåande skule som sjølvstendig skule, i ein felles kamp for å behalde det vidaregåande skuletilbodet i regionen.

Luster vidaregåande skule på Hafslo

OFRAR: Som den vidaregåande skulen på Jølster, vil kommunane i Indre Sogn ofre Luster vidaregåande skule med krav om at studietilboda blir verande i regionen.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Kommunane i Sunnfjord vil ofre Mo og Jølster vidaregåande skule si avdeling på Vassenden i Jølster . No følgjer kommunane i Indre Sogn opp.

I Luster har dei no valt å gje opp kampen om å behalde Luster vidaregåande skule i Hafslo som sjølvstendig skule. Dei aksepterer at skulen blir lagt under Sogndal vidaregåande skule.

– Det er klart at det er trist, men når ein tek innover seg framtida, elevtalsutviklinga og krav til økonomiske innsparingar så ser ein det må takast grep, seier rektor Bergljot Buskaker.

Lang historie

Bygd i 1957, har Luster vidaregåande skule ei gamal historie. Skulen er ein rein yrkesfagleg skule, med design og handverk, helse og oppvekst og restaurant og matfag som sine tre programområde.

No er rektoren forsona med at indresogningane vil ofre skulen ho styrer. Ho håpar regionen på denne måten får behalde mest mogeleg av det vidaregåande opplæringstilbodet, framfor å skritte i mot og kanskje bli kutta heilt.

– Vårt utgangspunkt og fokus er at våre programområde blir ivaretekne til ungdomen i Sogn, seier Buskaker.

Har støtte

Færre elevar gjer at fylkeskommunen må kutte, og ei handfull av dagens 13 vidaregåande skular står i fare for å bli lagde ned.

Ivar Kvalen

VANSKELEG: Ordførar i Luster, Ivar Kvalen (Sp).

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

For å komme i forkant av prosessen, har Sogn regionråd laga framlegg til høyringsutkast som har støtte mellom dei åtte kommunane i Indre Sogn.

– Eg må vedgå at eg har måtte gå mange rundar med meg sjølv, og eg veit at mange kommunepolitikarar i Luster kjenner dette vemodig. Men no er vi truleg ved ein korsveg der ein ser at no må noko gjerast, seier ordførar Ivar Kvalen (Sp) i Luster.

Fleire lever farleg

– Kva ville alternativa vore om ein ikkje kom i framkant og lanserte eit eige framlegg?

– Då trur eg Luster vidaregåande hadde blitt avvikla, og at det ikkje ville blitt aktivitet i bygget framover.

For skulen i Luster er føreslått nedlagd i alle modellane fylkeskommunen har fått på bordet. Men skulen er ikkje åleine om å leve farleg i Indre Sogn. Også i Sogndal og Årdal blir råka hardt i fleire av modellane.

– Urimelege kutt

Jarle Aarvoll

ROSAR: Ordførar i Sogndal, Jarle Aarvoll (Ap), rosar skulen og politikarane i Luster for å ofre den vidaregåande skulen.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

I Sogndal vil ordførar Jarle Aarvoll (Ap) rose både skulen og lokalpolitikarane i Luster.

Samstundes meiner han det er urimeleg at Indre Sogn, som berre har ein fjerdedel av elevane i fylket, må stå for inntil halvparten av kutta.

– Vi finn oss ikkje i at utdanningstilbodet til ungdomen i Sogn skal bli så redusert. Vi finn oss ikkje i å ta så stor av ulempene av det som no skjer, seier Aarvoll.

Skal behandlast

Før Sogn regionråd vedtek høyringsuttalen neste fredag, skal alle dei åtte kommunane i regionen handsame uttalen politisk.

I Luster håpar elevrådsleiar Espen Sleppen Josvanger at framlegget frå regionrådet skal greie å halde mest mogeleg av studietilbodet for elevane i Indre Sogn.

– Alternativet er å flytte ein del linje ut frå regionen, og fleire må reise på hybel. Det tykkjer eg ikkje er akseptabelt, seier han.