Hopp til innhold

Opprettar straffesak etter at tre bilar køyrde mot køyreretninga på E39

Trafikkseksjonen i Bergen i Vest politidistrikt opprettar no straffesak etter at tre bilar køyrde mot køyreretninga på E39 mellom Os og Bergen 5. november i haust. Det stadfestar politistasjonssjef i Bjørnafjorden, Oddbjørn Dyrdal. NRK har tidlegare omtalt hendinga fleire gonger.

Dyrdal stadfestar òg at politiet fekk melding om hendinga frå augevitne allereie 5. november.

– Det blei fanga opp og me tok fatt på det umiddelbart då me fekk kunnskap om det.

Dyrdal fortel at saka vart lagt vekk 10. november fordi det ikkje var mogleg for dei å verifisera registreringsnummera basert på bilete- og videomaterialet dei då fekk frå Statens vegvesen.

No er det altså likevel oppretta straffesak.

– Trafikkseksjonen i Bergen opprettar straffesak for å be om utlevering av det bilde- og videomateriellet som finst hjå Statens vegvesen og Vegtrafikksentralen, seier Dyrdal.