Hopp til innhold

Sterke reaksjonar etter livsfarleg feilkøyring på den nye motorvegen

Politiet visste ikkje om hendinga med livsfarleg køyring på nye E39. Ordførar reagerer på bileta NRK har fått tak i.

bmw i feil retning E39

I opptak frå november køyrer tre forholdsvis nye BMW-ar mot køyreretninga på den nye motorvegen mellom Bergen og Os. Fartsgrensa er 100 km/t.

Foto: Statens Vegvesen

5. november 2022 i fjor: Tre BMW-ar stiller seg opp på den heilt nye motorvegen mellom Bergen og Os.

Vegen har vore eit stort prosjekt for vegmyndigheitene, som kortar ned reisetida langs kysten på E39.

Men vegen har også blitt ein plass med mange og nye trafikkfarlege situasjonar, som dei tre sjåførane NRK skreiv om laurdag.

Dei tre bilane snur, ein etter ein og køyrer tilbake der dei kom frå, altså mot køyreretninga. Fartsgrensa er 100 km/t på den nye vegen.

Videoen NRK publiserte har fått fleire til å reagera.

– Å ha førarkort er ikkje ein folkerett, seier Atle Heradstveit i trafikkseksjonen i Vest politidistrikt, etter å ha sett videoen.

No viser det seg også at politiet seier dei ikkje visste om saka før ho dukka opp i media.

Snur og kjører i feil retning på motorvegen

Politiet visste ikkje om hendinga

Politistasjonssjef i Bjørnafjorden, Oddbjørn Dyrdal, fortel at dei trur dei har identifisert eitt av dei tre skiltnummera godt nok til at dei kan gå vidare i saka.

– Men det er ein veg å gå derifrå til å vera sikker på kven som har køyrt bilen, seier han, og viser til at det ikkje treng å vera eigaren som er sjåfør.

Ifølgje Dyrdal vil politiet no nøsta vidare i saka, sjølv om ingen har meldt hendinga til dei.

Svenn Egil Finden i Statens vegvesen stadfestar at dei ikkje har meldt saka.

– Me melder ikkje slike ting, reine trafikklovbrot. Det er ikkje ein del av vårt mandat.

Han viser til at overvakinga deira skal brukast for å sikra drift og trafikktryggleik.

– Me kan gjerne gjera politiet kjende med slike situasjonar, men det er nok ikkje vår oppgåve å melda dei.

Det er ikkje politiet einige i.

Det var Os- og Fusaposten som omtalte hendinga med dei tre bilane først.

han ser til side for kamera, har på uniform med caps

Atle Heradstveit i trafikkseksjonen i Vest politidistrikt meiner Vegvesenet burde ha tatt kontakt.

Foto: Sissel Rikheim / NRK

Politiet meiner alle har eit ansvar

– Kven sitt ansvar er det å melda slike ting til politiet?

– Eg trur alle har eit ansvar her. Om ein kjem over slikt som det her må dei ringa og gi beskjed slik at det blir fanga opp og stoppa så tidleg som mogleg, seier Atle Heradstveit, seksjonsleiar på trafikkseksjonen i Vest politidistrikt.

– Tenkjer du at Statens vegvesen bør melda slike hendingar når dei ser dei på overvakinga si?

– Ja, det er heilt naturleg at dei melder det til politiet.

Overvakinga ikkje laga for identifisering

Videoen Vegvesenet har delt med politiet har ikkje gitt tydelege svar. Denne typen kamera er ikkje laga for å identifisere bilskilt. Men det kan vera synleg, til dømes om bilen køyrer roleg og lyset er godt.

– Vår oppgåve er ikkje å driva politiarbeid, vår oppgåve er tryggleiksovervaking av tunnelen, seier Finden i Vegvesenet.

Svenn Egil Finden

Svenn Egil Finden i Statens vegvesen.

Foto: Gunnar Grindstein / NRK

Heradstveit i politiet ville gjerne blitt varsla så tidleg som mogleg om saka.

– Det er lenge sidan dette skjedde. Blir det gjort nok for å stoppa slik type køyring?

Det er eit betimeleg spørsmål. Eg blei kjend med denne situasjonen i helga, og eg skulle gjerne gjort det før.

Han peikar på at denne hendinga ikkje viser ein eldre person som blir forvirra over ein ny vegtype og nye skilt, slik NRK også har skrive om.

Les også Køyrde mot trafikken i 100-sone: – Skadepotensialet er stort

Må snu når han køyrer mot trafikken i 100-sona

Dette er folk som veit kva dei gjer. Dei stiller seg opp, avtalar og køyrer på ein måte som set folk i livsfare.

Ordførar reagerer

Trine Lindborg (Ap) er ordførar i Bjørnafjorden kommune. Mange av innbyggjarane i kommunen hennar brukar vegen hyppig.

– Slik køyring er ikkje greitt. Me kan ikkje gå rundt og vera redde for at det skal koma nokon imot, det skal jo vera ein trygg veg. Me må setja vår lit til at Vegvesenet tek desse sakene på alvor.

Trine Lindborg, ordfører i Bjørnafjorden

Trine Lindborg, ordførar i Bjørnafjorden kommune.

Foto: Even Norheim Johansen

Ho peikar på at det er politiet og Vegvesenet som har ansvar og kompetanse på området.

– Når politiet er gjort merksame på denne hendinga, så ventar eg at dei i samarbeid med Vegvesenet finn ut av det dei treng for å etterforska vidare og å avdekka kven dette er.

bmw i feil retning E39

Her er snuoperasjonen i gang.

Foto: Statens Vegvesen

– Russisk rulett

Vegvesenet har ikkje oversikt over kor mange gonger nokon har køyrt mot køyreretninga sidan tunnelen opna 31. oktober, men Finden viser til at det truleg har skjedd 8-10 gonger.

Atle Heradstveit i trafikkseksjonen i politiet kallar sjåførane «risikovillige» som er villige til å utsetja andre for fare.

Etter mitt syn er dette ein russisk rulett. Faren for ei ulukke med stort skadepotensial er openbert til stades.

Dersom sjåførane blir tekne kan dei venta seg eit førelegg og tap av førarretten ein periode.

Å ha førarkort er ein tillit samfunnet gir deg. Om du ikkje skal ha den tilliten, så har me eit system der me tek tilbake det førarkortet.

Det har vore fleire situasjonar på den nye vegen sør for Bergen:

Les også Køyrde i 280 kilometer i timen i tunnel utan fotoboksar

264 km/t i Lyshorntunnelen