Det tøffaste valet for Ap-Arild Ingar

ÅRDAL (NRK): I Årdal har sju av ti røysta på Arbeidarpartiet, men før valet til hausten augnar opposisjonen ein historisk sjanse til å ta makta i Ap-bastionen.

Ordførar Arild Ingar Lægreid

HOTLINE TIL YOUNGSTORGET: Ordførar Arild Ingar Lægreid og Årdal har mange gonger fått raus hjelp frå Ap i regjering: – Me prøver å ikkje ta kontakt for ofte, for det tener ikkje saka vår, seier Lægreid.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Det er kanskje no me har sjansen, seier Aleksander Øren Heen, Senterpartiet sin ordførarkandidat i Årdal.

For nokre år sidan ville slike forhåpningar om å bryta ei 85 år lang rekkje av arbeidarpartiordførarar blitt møtt med flir. Men før kommunestyrevalet til hausten har opposisjonspartia eit håp om å forhindra reint Ap-fleirtal i industrikommunen.

– Den siste perioden har ein del saker skapt politisk debatt i Årdal. Slikt har det ikkje vore så mykje av tidlegare. Fleire ser difor etter alternative parti. Det kan gi eit anna fleirtal. Det skal ein del til, men ingenting er umogleg i eit lokalval, seier Heen.

Aleksander Øren Heen

HÅPAR PÅ ORDFØRARMAKT: – At fleire parti stiller til val i år, er eit uttrykk for den frustrasjonen mange sit inne med i Årdal i dag, seier Aleksander Øren Heen (Sp)

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Då 8 av 10 røysta Ap

I åtte år har den 26 år gamle opposisjonspolitikaren argumentert for døve øyre i kommunestyresalen i Årdal. Ingen plassar i Norge er det nemleg eitt parti som dominerer meir enn i Årdal. I val etter val har Ap fått over 70 prosent av stemmene, og dåverande partileiar Jens Stoltenberg måtte trekkja pusten då han i 2007 skulle kunngjera oppslutnaden til Årdal Arbeidarparti i lokalvalet:

– 77,5 prosent er eit resultat som er heilt utruleg. 4 av 5 som røysta i Årdal, røysta Arbeidarpartiet. Slike resultat kjem ikkje av seg sjølv, sa Stoltenberg i gledesrus.

Men dei siste par åra har applausen stilna. Fleire betente saker har skapt oppreist mot Arbeidarparti-styret i Årdal.

Ap tapar på Tangen

Det nye helsehuset i Årdal

SKAPAR BØLGJER I AP-BASTIONEN: At dei nye helsehuset skal liggja i Øvre, fell mange på Tangen tungt for brystet.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Metallplater blir skrudde fast på det nye helsehuset i Årdal kommune til 10 millionar kroner. I november skal dagens to helsehus samlast under eitt tak i Øvre Årdal, den eine av dei to tettstadane i kommunen. Det fell mange i den andre tettstaden, Årdalstangen, tungt for brystet.

– Eg trur at minst halvparten av Ap-veljarane her på Tangen kuttar ut Arbeidarpartiet i kommunevalet til hausten, seier ein pensjonist NRK møter utanfor kommunehuset.

To av alt

Folk i Årdal har vore godt vande. Kommunen har etter Den andre verdskrigen levd storflott på rause inntekter frå industrien. Framleis arbeider over 1000 årdøler i hjørnesteinsverksemda Hydro Aluminium og andre industriverksemder i kommunen.

Dei store inntektene har ført til at Årdal har to av alt, anten det gjeld barnehagar, skular, sjukeheimar, samfunnshus, idrettshallar, friluftsbasseng, eller altså helsehus. Øvre og Tangen har historisk fått ei likevekt av tilbod og fasilitetar – sjølv om det berre er 13 kilometer mellom dei. Men slik er det ikkje lenger, meiner folk på Tangen.

Grete Vedå

FRUSTRASJON PÅ TANGEN: – Mange tangingar reagerer mykje skarpare enn meg, seier Grete Vedå, som er misnøgd med sentraliseringa til Øvre og difor ikkje vil røysta på Ap i dette valet.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Grete Vedå er ein av mange lojale Ap-veljarar der som kjem til å skifta parti i valet til hausten:

– Det er berre til å sjå rundt seg – tomme butikkar, tomt badebasseng – alt fer til Øvre.

Jens kom med millionar

I Øvre Årdal er tonen ein litt annan. På torget utanfor det nye kjøpesenteret – dit fleire av butikkane som før låg på Tangen, er flytta – er folk framleis trufaste mot Arbeidarpartiet.

– Kva har Ap gitt Årdal? Dei har gitt oss ein trygg arbeidsplass, og det gjer dei framleis, pensjonist og tidlegare Hydro-tilsett Einar Lomheim.

– Eg røystar Ap, og det gjer eg til hausten òg. Ein må tenkja litt på rikspolitikken, seier ein annan pensjonist, Arnfinn Eldegard.

Nettopp rikspolitikarane har vore gode hjelparar for Årdal-samfunnet. Arbeidarpartiet i regjering har fleire gonger sikra arbeidsplassane i kommunen. Det skjedde sist for ni år sidan, då dåverande statsminister Jens Stoltenberg troppa opp med 70 omstillingsmillionar, slik at bygda fekk 200 nye industriarbeidsplassar.

Video Stoltenberg på Årdal besøk

MILLIONHJELP: Dåverande Ap-leiar Jens Stoltenberg vitja Årdal og ordførar Arild Ingar Lægreid ofte.

Foto: Nyhetsspiller

Går partivegen

På kommunehuset sit Arild Ingar Lægreid og håpar på ein fjerde periode som Ap-ordførar. Han avviser partiet hans har kjøpt seg stemmer.

– Nei, me er for små til det. Men me har fått god hjelp, og det set me stor pris på. Med omstillingshjelpa klarte me å få på plass Norsun, som er ei spennande verksemd og som vil vera viktig for Årdal å sikra framover, seier Lægreid.

Banda mellom kommunehuset i Årdal og Youngstorget og regjeringskontora i Oslo har vore tette. Grunnen er at sognekommunen heilt sidan 1950-talet har vore eit utstillingsvindauga for Ap, med stor symbolkraft som moderne velferdssamfunn og for partiet si industrisatsing.

Sosialdemokratisk mønstersamfunn

Ein viktig historisk årsak til den totale Arbeidarparti-dominansen, var at Ap var med på å grunnleggja industrisamfunnet Årdal rett etter krigen. Tyskarane hadde byrja oppbygginga av aluminiumsverket, og det skulle takast ei avgjerd om verket skulle startast opp, eller om straumen skulle sendast til Austlandet. Avgjerda blei til slutt det fyrste.

Hydro Aluminium

HJØRNESTEINSVERKSEMDA: Framleis har over 650 menneske arbeidet sitt ved Hydro Aluminium i Årdal.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Heilt frå starten på aluminiumsproduksjonen skulle Årdal vera eit sosialdemokratisk mønstersamfunn, men det er ikkje berre Arbeidarpartiet si forteneste, seier journalist Jan Egil Fimreite i Sogn Avis, som har følgt politikken i Årdal tett i 35 år:

– Årdal har jo vore eit velståande samfunn. Så Ap som parti har sleppt å gjera dei politiske prioriteringane. Dei har kunna seia «ja takk, begge deler», så det er nok meir økonomien enn det politiske arbeidet til Ap, som har prega kommunen.

Motbør for Ap

Når Ap har motbør i opptakten til valkampen, handlar ikkje det berre om ei sentralisering til Øvre. For to år sidan hamna den tidlegare mønsterkommunen i Robek, som er ei svarteliste over kommunar med dårleg økonomi. Grunnen var eit underskot på 10 millionar kroner. Det var ein alvorleg vekkjar, vedgår Lægreid:

– Me har vore godt vande og må gjera tiltak som kan forenkla drifta av dei kommunale tenestene våre, og det er me i gang med. I min periode som lokalpolitikar, har alle partia stort sett vore samde om dei retningane kommunestyret har peika ut.

Små sjansar for opposisjonen

Ein økonomisk blåmåndag og frustrerte tangingar er truleg ikkje nok til å forhindra eit framleis reint Ap-fleirtal etter valet i september, trur journalist Jan Egil Fimreite:

– Dei sjansane er ikkje store. Eg trur Ap vil gå på eit dårlegare val enn tidlegare, men ein skal hugsa på at situasjonen i Årdal kommune ikkje berre skuldast Ap; han skuldast òg opposisjonen, som har vore med på ein del av vedtaka, som mellom anna har ført Årdal inn i Robek.

Jan Egil Fimreite

TO-AV-ALT-KOMMUNEN: – Det er nok meir den gode økonomien enn det politiske arbeidet til Ap, som har prega Årdal, seier journalist Jan Egil Fimreite i Sogn Avis.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Lokaldemokratiet har lidd

Aleksander Øren Heen aktar like fullt å gi Ap hard kamp om makta denne gongen. Han er lite lysten på nye år i kommunestyret utan å få gjennomslag. For når 16 av 21 sete i kommunestyret høyrer til Ap, kan opposisjonstilværet bli tungt.

– Lokaldemokratiet har lidd, spesielt ved førre val, då berre fire parti stilte liste. Det er ikkje bra for ein så stor kommune som Årdal. At seks parti stiller til val i år, er bra, og det er eit uttrykk for den frustrasjonen mange sit inne med i Årdal i dag.