Hopp til innhold

Stoltenberg lova følgje med i Årdal

– Det skal ikkje stå på statlege midlar dersom Hydro vil investere, sa statminister Jens Stoltenberg då han besøkte Ap-bastionen Årdal i kveld.

Video Stoltenberg på Årdal besøk

SJÅ TV-SAKA: Stoltenberg besøkte Årdal vidaregåande skule onsdag kveld. Der møtte han ivrige elevar som hadde venta i timesvis.

Mange timar forseinka kom Stoltenberg til Sogn. Dårleg ver gjorde til at han ikkje kunne ta helikopter, men måtte køyre over fjellet.

Framtida til hjørnesteinsbedrifta Hydro er usikker og årdølene ville ha svar. Mange tilsette har blitt sende ut av porten dei siste åra som ledd i rasjonalisering og innsparingsprosessar.

– Det er opp til styret

Jens Stoltenberg

SNAKKA MED ELEVAR: Statsminister Jens Stoltenberg kom til Årdal vidaregåande skule.

Foto: Vegar Erstad
Hilmar Høl

KREV INVESTERING: Hilmar Høl i Årdal Ap meiner Hydro må modernisere i bygda.

Foto: Stig Laberg Øvstetun
Smoothies

DRIKKE: Elevane serverte smoothies i forskjellige fargar som skulle symbolisere dei ulike partia.

Foto: Vegar Erstad / NRK
Jens Stoltenberg

VALDE RETT: Stoltenberg tok den raude smoothien.

Foto: Vegar Erstad / NRK
T-skjorte

T-SKJORTE: Stoltenberg fekk også ei T-skjorte som skulle minne han om å bruke pengar på rett måte.

Foto: Vegar Erstad / NRK

På førehand var det store forventningar til kva Stoltenberg hadde å seie. Han blei møtt med krav om at regjeringa må leggje til rette for at Hydro skal modernisere og investere i Årdal.

– Det er viktig å poengtere at det er opp til styret i Hydro å bestemme kva som skjer i Årdal, men det skal ikkje stå på midlar frå Staten, seier Stoltenberg.

Han blei møtt av mellom anna fylkesleiar i Ap, Nils P. Støyva, ordfører Arild Ingar Lærgreid og Hilmar Høl som er leiar i Årdal Ap og tillitsvald på Hydro.

– Kom mykje godt ut av møtet

Høl er nøgd og seier det gjekk bra under møtet i dag.

– Vi fekk belyst fakta. Eg har forståing for at han ikkje kunne seie noko meir konkret, men at det er styret som må ta ei avgjerd. No vil tida vise kva som skjer.

Sjølv om det var ein snarvisitt, meiner Høl at dei fekk fekk mykje godt ut av besøket.

– Han hadde stor forståing for krava våre og var veldig oppteken av å ta imot kunnskap. Eg trur på han når han seier at han skal følgje med på Årdal og Hydro, seier Høl.

– Hadde du trudd han skulle vere meir konkret?

– Nei, eg hadde vel eigentleg ikkje det. Vi må sjå det i samanheng med rolla han har som statsminister, og eg tykkjer han gjekk langt i rolla si i dag.

Møtte elevar

Det var ikkje berre Ap-folk som fekk møte statsministeren i dag. Elevar ved Årdal vidaregåande skule venta i timesvis for å få møte den forseinka gjesten.

Dei unge fortalde statsministeren at dei er opptekne av heimstaden sin og at arbeidsplassane ved Hydro er viktige for dei. Mange av elevane fortalde Stoltenberg at dei var uroa for lokalsamfunnet.

Dei stilte mellom anna spørsmål om Hydro og lærlingeplassar. Mange av avgangselevane hadde merka at det var konkurranse om arbeidsplassane i industrien og at mange ikkje hadde fått lærlingeplassar.

Mange kjem til å reise vekk, fordi dei ikkje får jobb i hjørnesteinsbedrifta. Og flyttar dei vekk, er sjansen liten for at dei kjem tilbake.

– Det har vore stramt i alle industriverksemder på grunn av finanskrisa, men regjeringa har fokus på lærlingeplassar, sa Stoltenberg til elevane.