Store forventingar til «Jensemann»

Landets største Ap-bastion har store forventingar til dagens statsministerbesøk i bygda.

Jens Stoltenberg

KJEM I DAG: Statsminister Jens Stoltenberg vitjar landets største Ap-bastion, Årdal, i dag.

Foto: NRK

Statsminister Jens Stoltenberg blir møtt av eit krav om at regjeringa må leggje til rette for at Hydro skal investere i Årdal.

Som ledd i rasjonalisering og innsparingsprosessar, har mange av dei tilsette blitt sendt ut portane til verken dei siste åra.

- Eg vil gje uttrykk for at statsministeren at Årdalssamfunnet meiner at vi skal ha denne industrien i Norge, og sjølvsagt ha den i Årdal. Her ligg det best til rette for å modernisere, seier ordførar Arild Ingar Lægreid.

Ventar gode nyhende

Leiar i Årdal Ap, og tillitsvald på Hydro, Hilmar Høl, ventar at ministeren har med seg gode nyhende etter til Årdal.

Hilmar Høl

FORVENTINGAR: Lokallagsleiar i Ap, og tillitsvald i Hydro, har store forventingar til dagens besøk.

Foto: Stig Laberg Øvstetun

Han etterlyser signal om at det er vilje til å modernisere.

- Vi har dei eldste prebake-anlegget som Hydro har i Norge. Ikkje minst har vi gamle Søderbergtomta som ligg klar til ei forlenging og få ny hall med det nyaste av teknologi som Hydro køyrer. Det er det som er målet med kampen vi køyrer mot Hydro, i alle fall politisk, seier Høl.

Viktig for Årdal

Han viser til at arbeidsplassane ved Hydro er viktige for årdalssamfunnet. Ved utgangen av mars i år hadde 612 personar arbeid på verket.

- Eg føler på mange måtar at vi har fått selt våre ankepunkt i høve til Hydro si manglande vilje til å satse i Årdal både til Raymond Johansen, Trond Giske og Jonas Gahr Støre, no står vi att med Statsminister som kjem på besøk, seier Høl.