NVE har gitt Mowi ASA to gebyr på til saman 16,3 millionar kroner.
Grunnen er at dei har forsynt seg ulovleg med for mykje vatn frå to vassdrag, ei elv i Kinn kommune i Vestland og ein innsjø i Orkland i Trøndelag.
– Det er svært alvorleg og svært uheldig når Mowi ikkje følgjer krav som er gitt i konsesjonar. Dette er krav som er laga for å ta vare på ålmenta sine interesser, seier Mari Hegg Gundersen som er seksjonssjef i NVE.
NVE meiner Mowi har tent store pengar på å ta for mykje vatn frå vassdraga, fordi det har gjort det mogleg å auke talet på fisk i anlegga. Mowi er verdas største oppdrettsselskap med milliardforteneste årleg.
Selskapet seier dei vil klage på straffa.
Ulovleg uttak av vatn
I desember 2011 vart det gitt konsesjon til å bruke vatn frå Haukåvassdraget i Kinn kommune, for bruk til settefiskproduksjon.
For å ta vare på vill fisk i vassdraget fekk Mowi ikkje lov å forsyne seg med meir vatn enn 20 kubikkmeter i minuttet.
NVE har avdekka at Mowi har hatt eit høgare gjennomsnittleg vassuttak enn dei har lov til.
Mowi har også brutt kravet om å registrere vassuttak og minstevassføring i store delar av samme periode, meiner NVE.
Gebyret for det ulovlege vassuttaket blir sett til 11 millionar kroner.
Mowi sitt settefiskanlegg på Haukå i Kinn kommune.
Foto: Ottar Starheim / NRKFekk nei til å tappe ned vatn men gjorde det likevel
Vinteren 2021 var det tørt i Trøndelag. I februar det året søkte Mowi om løyve til å senke Slørdalsvatnet i Orkland kommune, under lågaste lovlege vasstand.
NVE avslo søknaden av omsyn til landskap, fisk og elvemusling. Trass i avslaget fortsatte dei å tappe vatn frå Slørdalsvatnet.
I 11 dagar var vatnet under lågaste lovlege vasstand. Dette meiner NVE Mowi gjorde for å halde liv i settefisk.
NVE har estimert talet til å vere 800 000 lakseyngel. Fortenesta har dei berekna til å vere 5 millionar kroner, derfor set dei gebyret på 5,3 millionar kroner.
– Eit settefiskanlegg skal planlegge at det kan kome tørre år. Det skal også vere reservevasskjelder som sikrar vatn i tørkeperiodar. Vi meiner Mowi kunne unngått situasjonen gjennom å ta høgde for tørke, seier Gundersen i NVE.
Mowi vil klage
Mowi seier til NRK at dei vil klage på milliongebyra.
– Vi har nettopp mottat avgjerda. Vi ser at NVE har tatt omsyn til enkeltelement i våre kommentarar i sakshandsaminga, men vi er usamde i vedtaka og vil påklage dette, seier kommunikasjonssjef Eivind Nævdal-Bolstad.
– Folk vil fort bli skuffa over Mowi om de tar for mykje vatn frå vassdrag for å tene ekstra mykje pengar, korleis synest dykk ser dette ut?
– Det er viktig å presisere at vi er usamde i vedtaka. Vi skal svare godt i vår klage, og syte for at vi får snudd vedtaka, seier Nævdal-Bolstad.
Selskapet vil ikkje gi ytterlegare kommentarar.
Også i 2014 fekk selskapet skuldingar, den gongen for overproduksjon på anlegget på Haukå i Kinn. Då ville politiet gi selskapet bot på to millionar kroner, og gjere ei inndraging av 10 millionar kroner. Mowi vann den gongen fram i tingretten.