Hopp til innhold

Får endelig driftsløyve

Næringsdepartementet har vedteke å oppretthalde Nordic Mining sitt driftsløyve for gruvedrift i Engebø-fjellet i Sunnfjord.

Selskapet sjølv stadfesta dette med ei børsmelding fredag morgon. Vedtaket frå departementet er endeleg og kan ikkje påklagast.

Aksjonistar frå Natur og Ungdom har denne veka forsøkt å stanse arbeidet på staden ved å lenke seg fast til anleggsmaskinar. Dei protesterer mot planane om å deponere 250 millionar tonn gruveavfall i Førdefjorden.

I ei pressemelding skriv næringsminister Jan Christian Vestre at dei har skjerpa miljøkrava til Nordic Mining no.

– Før selskapet kan starte utvinning må blant anna driftsplanen vere godkjend, skriv Vestre i ei pressemelding.

Aksjonistar lenkar seg fast i Vevring.

Aksjonistene vil ikke la seg stoppe av næringsministeren sitt ja til gruvedrift

Aksjonene holdt frem i Vevring etter at gruveselskapet Nordic Mining fikk endelig driftstillatelse til prosjektet ved Førdefjorden.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no