Hopp til innhold

Ole Sverre (80) lever framleis eit godt liv – men kommunane kan «brekke nakken» av demensbølgja

STÅRHEIM (NRK): Tidlegare barnelege Ole Sverre Haga er blant meir enn hundre tusen nordmenn som har demens. Innan 2050 vil talet vere dobla.

Kristian Haga Orheim og Ole Sverre Haga.

MYKJE I LAG: Kristian Haga Orheim og Ole Sverre Haga er mykje i lag på garden Orheim i Nordfjord.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

– Eg trur ikkje far min hadde vore i live i dag om han hadde budd i ei leilegheit eller på ein sjukeheim, seier Kristian Haga Orheim.

Då far hans vart dement, avbraut han studia og flytta heim for å vere tettare på.

Faren Ole Sverre Haga har vore ein respektert og profilert barnelege. I 2005 byrja han å bli dement, og gav umiddelbart opp legetenesta.

15 år seinare har han vorte 80 år, og held sjukdommen i sjakk ved hjelp av kona, sonen og dottera.

Dagleg går han turar, kløyver ved, måkar snø og følgjer med nyheitene på TV. Det aktive livet gjer at hugsen ikkje blir så ille som han elles kunne vore.

– Eg har eit fint liv her heime på garden, og sjølv om eg hugsar dårleg, så er eg ikkje deprimert, seier han.

Ole Sverre Haga har vore ein respektert og profilert barnelege. I 2005 byrja han å bli dement.

DÅ HAN VAR I ARBEID: Ole Sverre Haga har vore ein respektert og profilert barnelege. I 2005 byrja han å bli dement, og gav umiddelbart opp legetenesta.

Foto: Inge Skavøypoll / NRK

Meir enn 100.000 nordmenn har demens

Distrikts-Noreg risikerer å bli «ein gamleheim i naturskjønne omgivnader», sa Victor Norman, leiar for demografiutvalet, i desember.

Same månad vart ein studie presentert for helse- og omsorgsminister Bent Høie. Den viste at det i dag er 101.118 nordmenn som har demens, 25 prosent fleire enn det som tidlegare er lagt til grunn.

Forskingsgruppa bak studien lanserte samtidig eit interaktivt noregskart, for å illustrere korleis talet på personar med demens vil auke i framtida.

– Allereie no må myndigheitene førebu seg på den auka som kjem, og det gjer dei ikkje i stor nok grad no, seier Geir Selbæk, forfattar bak studien og forskingssjef ved Nasjonal kompetanseteneste for aldring og helse.

Han har rekna ut at talet på fok med demens vil bli dobla dei neste 30 åra, og meiner at norske kommunar og sjukeheimar «ikkje er dimensjonerte for den demensbølga som kjem».

Ifylgje framskrivingane til SSB vil meir enn ein femdel av befolkninga vere meir enn 70 år gamle i 2060.

Aldring og helse - Nasjonalt kompetansesenter har lansert "Demenskart" hvor man kan finne prognoser for hvor mange i sin kommune som har- og som vil, utvikle demens i årene fremover.

DEMENSKARTET: Talet på eldre over 90 år med demens vil auke med 700 prosent fram til 2050.

Foto: Nasjonalt kompetansesenter

– Dramatisk for norske kommunar

– Dette vil få dramatiske konsekvensar for økonomien til norske kommunar, seier Mina Gerhardsen, som er generalsekretær i Nasjonalforeininga for folkehelsa.

– Dei nye tala om demens i Noreg var høgare enn vi trudde. No har vi ti år på oss før veksten møter oss på alvor.

Ho legg til:

– Demensplanen beskriv problema godt, men vi etterlyser ein strategi for å møte dei store utfordringane.

Helse- og omsorgsdepartementet lanserte i haust Demensplanen for 2025. Det var den tredje demensplanen i rekka.

Helseminister Bent Høie (H) har tidlegare sagt at «demens er ein større utfordring enn covid-19».

– Pårørande til personar med demens står ofte i svært krevjande situasjonar over lengre tid. Dei vil føle seg trygge på at den dei er pårørande til blir tatt godt vare på. Mange har også eit behov for å bli meir sett og høyrt. Dette er nokre av hovudmåla i pårørandestrategien regjeringa la fram før jul. Difor vil vi vidareføre satsinga på opplæring av personar med demens og pårørande, seier Høie til NRK.

Helseminister Bent Høie

TRUR PÅ FØREBYGGING: Bent Høie og regjeringa har trua på førebygging av demens.

Foto: Kamilla Marie Johnsen

LES OGSÅ: Fikk demens 43 år gammel: – Nesten som å få en dødsdom

182 milliardar kroner i året frå 2040

I august la Menon Economics fram ein rapport som viste at demens vil koste det norske samfunnet 182 milliardar kroner i året frå 2040. Det er dobbelt så mykje som i dag.

Kommunane står for 80 prosent av kostnadene knytt til omsorga for denne pasientgruppa.

– Demens-bølgja er ei av dei største utfordringane Kommune-Noreg vil møte i åra framover, seiar ordførar i Stad, Alfred Bjørlo.

Han fortsett:

– For ikkje å «brekke nakken» er vi nøydde til å mobilisere alle gode krefter og samarbeide på brei front om å gje folk med demenssjukdom eit godt liv.

I dag er rundt 15 prosent av innbyggjarane i kommunen hans er over 70 år. Og fleire skal det bli.

No har kommunen bygd ein eigen institusjon spesielt tilrettelagt for demente.

– I tillegg skal vi hjelpe flest mogeleg til å bli buande i eigen heim så lenge råd er, legg ordføraren til.

LES OGSÅ: De som glemmer

Bjørn Lichtwarck er lege og har utvikla eit eige manualbasert verktøy (TID) for å tolke og sette inn tiltak ved demens.

Han tek til orde for at kvar kommune må lage ein demensplan for dei neste ti åra, og presiserer at det «ikkje er meir å hente på innsatsen frå dei pårørande».

– Dei fleste er overbelasta allereie.

Han legg til at heimetenesta må styrkast og at kvar region må ha eigne mobile team som kan støtte og rettleie kommunehelsetenesta.

– Alt dette er mogleg. Det handlar om helsepolitiske prioriteringar for ei pasientgruppe som i liten grad kan kjempe si eiga sak.

Åshild Haga

SORG: Åshild Haga kjenner på ei sorg over ektemannen som lid av demens.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Ei einsam sorg år etter år

Tilbake på garden på Stårheim er Åshild, kona til Ole Sverre. Ho fortel om ei sorg som er vanskeleg å forklare.

– Det er altoppslukande, og det går eigentleg ikkje an å setje ord på korleis det er å bu med ein som er dement.

Ho skildrar det som å miste ektefellen sin, men i staden for at folk kjem med blomar etter eit dødsfall, så er det berre ei einsam sorg som varer år etter år.

Ho skulle gjerne hatt meir hjelp, og kunne til dømes ha tenkt seg at mannen fekk ein støttekontakt i løpet av dei 15 åra han har hatt diagnosen. Likevel klager ho ikkje.

– Vi har hatt to vaksne born buande på garden, og mannen min er så frisk at han sjølv klarer å gå turar og halde seg aktiv. Myndigheitene må gjere meir for dei som ikkje har det slik.

LES OGSÅ: Her kommer Norges første demenslandsby