Hopp til innhold

Uavklart situasjon etter ras på Jølster

Det er ikkje noko som tyder på at der er personar i vatnet, skriv politiet i ei pressemelding natt til onsdag. Søket startar opp når området vert rekna som trygt nok.

Leiteaksjon etter bil på sørsida av Jølstravatnet.

LEITAR: Eit redningshelikopter vart sett i søket etter bilen som var tatt av dette raset på sørsida av Jølstravatnet, men måtte etter ei stund returnere på grunn av dårleg vêr.

Foto: Bård Siem / NRK

Alle søk er no innstilt i rasområda ved Jølstravatnet. Ifølgje politiet er situasjonen framleis uavklart.

I raset som gjekk ca. klokka 20.45 vart det meldt om at både ein bil og ein person var tekne av raset.

– Det har gått ei rekke ras i området, men per no er det ikkje noko som tydar på at nokon personar eller store verdiar er tatt av rasa, skriv politiet i ei pressemelding natt til onsdag.

Fleire jordras har tysdag ettermiddag stengt E39 på Jølster. Ei rekke vegar, bygningar og anna infrastruktur er skada av rasa.

Politiet skriv i pressemeldinga at området no er grovsøkt med båt, og at dei ikkje har funne noko som tydar på at det er folk i vatnet, men at situasjonen framleis er uavklart, og at dei framleis jobbar med å finne ut om det kan vere det.

Alle søk i området er no innstilt, men dei startar opp at så fort områda vert rekna som trygge nok for redningsmannskapa.

Meldt om person i vatnet

Terje Birkeland ved Alarmsentralen i Florø fortalde at ein bil skulle vere teken av jordraset.

– Ein person er observert i Jølstravatnet, sa han til NRK tysdag kveld.

Ingen skal vere meldt sakna. Politiet melde først om to bilar i vatnet, men korrigerte seinare til bil med hengar.

Natt til onsdag melder politiet at det ikkje er noko som tyder på personar eller bilar i vatnet.

Ein tipsar skal ha observert det heile på avstand. Raset skal vere om lag 80 meter breitt.

Fare for nye ras

Det er sendt redningshelikopter og redningsdykkarar frå Ålesund og Måløy.

Operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Stein Rune Ø. Halleraker, fortel at helikopter gjennomførte overflatesøk.

– På grunn av faren for nye ras er det ikkje mogleg å sende ressursar inn i området, seier han.

Eit ukjent antall personar er evakuert frå området, til fleire evakueringssenter. Basestasjonane til både Telia og Telenor er nede i området, difor er det dårleg mobildekning, og vanskeleg å få kontakt.

Redningshelikopteret har returnert

Redningshelikopteret har no returnert til Florø fordi det ikkje lenger er mogleg å fly i området.

Fire båtar frå Røde Kors held på med overflatesøk frå båt. Det er ikkje gjort noko funn av personar eller bilar i rasområdet.

Innsatsleiar på staden har i samråd med geolog vurdert faren for nye ras som så stor at det ikkje kan sendast mannskap til området på land. Det skriv politiet i ei pressemelding.

Sett inn fleire ferjer

Åtte vegstrekningar er framleis stengd etter rasa. Difor sett Vegvesenet no inn ekstra ferjer i området.

– Det vert køyrt ekstra nattferjer på strekninga mellom Hella og Dragsvik. Elles jobbar vi med å setje inn ekstra mannskap og materiell på andre ferjeovergangar, seier avdelingsdirektør Svenn Egil Finden i Statens vegvesen i Sogn og Fjordane til NTB.