Hopp til innhold

Fekk mobildekning i førjulsgåve

1. januar sluttar fasttelefon over koparnettet å fungere i heile landet. I Solund har fleire fått mobilnett i førjulsgåve.

Bjarne Rørdal i Solund fekk mobildekning til jul.

FULL DEKNING: Før måtte Bjarne Rørdal leite etter den beste staden å snakke i mobilen, men no kan han bevege seg fritt rundt på øya, med full dekning over alt.

Foto: Sander Eide Aase / NRK

Med opninga av den nye basestasjonen på Klovedalsheia i Solund i Vestland er det blitt eit kvitt område mindre på mobildekningskartet i Noreg.

– Før hadde vi berre ein strek på mobil, og eg måtte sitje i trappa inne i huset. No er det full dekning over alt, så det er svært, seier Bjarne Rørdal etter at mobilmasta i øykommunen var sett drift.

Ingen veit heilt sikkert kor mange som framleis manglar mobildekning, men truleg ein stad mellom 5000 og 6000 personar.

I øykommunen Solund bur det folk på 13-14 øyar og veglause stader. Vegen til naboen kan vere lang, og den dårlege mobildekninga har vore utfordrande for beredskapen.

Difor har kommunen samarbeidd med Telenor om i alt seks basestasjonar som no er i drift, eller kjem i drift i næraste framtid.

– Det er viktig for oss at folk skal kunne bu i alle deler av kommunen. Det har mykje å seie for korleis landskapet og grendene vert tatt vare på, seier ordførar Gunn Åmdal Mongstad (Sp).

Ordførar i Solund, Gunn Åmdal Mongstad, opnar ny basestasjon.

Ordførar Gunn Åmdal Mongstad (Sp) opnar den nye basestasjonen Klovedalsheia.

Foto: Sander Eide Aase / NRK

Ved årsskiftet forsvinn koparnettet

– Noreg er eit stort land geografisk, så sjølv om 99,8 prosent av befolkninga har dekning der dei bur, så er det framleis igjen om lag 13 prosent av arealet som ikkje har dekning, seier Bjørn Amundsen, dekningsdirektør i Telenor.

Trass i at stadig meir av det offentlege Noreg vert digitalisert, er det ingen som har ansvar for å levere mobil- og internettdekning til heile landet. Frå årsskiftet er det slutt på fasttelefon over det gamle koparnettet, og dei tre siste åra har kring 100 kommunar tatt kontakt med Telenor for internett og mobilprosjekt.

Bjørn Amundsen

Bjørn Amundsen er dekningsdirektør i Telenor.

Foto: Elisabeth Sandve / NRK

– I samband med saneringa av koparnettet har vi vore tydlege på at ingen skal miste telefonen. Anten flyttar vi dei over på fiber eller mobil. For nokre svært får har vi vore nøydde til å finne spesialløysingar.

I Botnane i Bremanger fekk innbyggarane etter lang kamp i fjor likevel behalde koparnettet sitt til ei betre løysing var på plass.

Kostbar utbygging

Fleire stader i landet vert master no bygde som spleiselag mellom kommune, kraftselskap, Telenor, og med støtte frå sentrale styresmakter og lokal dugnadsinnsats.

– Skal vi få dekka den siste biten så må det offentlege på banen. Eg vil anslå at for å bygge ut den vesle biten som står igjen så vil det koste om lag like mykje som alt vi har bygt til no, seier Amundsen.

Blant anna gjer geografien det svært dyrt å få skikkeleg mobildekning langs vegane.

–I dag er eg i Alta der vi blant anna ser på Europaveg 45 mellom Kautokeino og Alta. Her vil kraftforsyninga til basestasjonane åleine kome på eit tosifra millionbeløp. Det seier litt om kor komplisert det er.

Enklare kvardag

I Solund har Bjarne Rørdal og kona berre tre nære naboar, men spesielt på sommaren kjem det hyttefolk og andre til øya. Då stig folketalet frå 770 til meir enn det dobbelte. Alle er avhengige av signala inn og ut av mobiltelefonen.

– Det har ikkje vore så enkelt når nokon vil ha tak i ein, men no blir det mykje lettare å halde kontakten. Så dette var ei fin julegåve.