Hopp til innhold

– Opptrapping først i slutten av veka

Allereie er nær 8000 lærarar i streik. Ved slutten av neste veke kan det vere enno fleire.

Demonstrasjon Trondheim

KAN BLI OPPTRAPPING: Over 7800 lærarar er tekne ut i streik landet over. Ved slutten av neste veke kan dei bli fleire. Her frå ein markering i Trondheim.

Foto: Kjartan Ovesen/NRK

– Det ligg ein plan klar, men det er altså varslingsfrist på fire dagar. Så ei opptrapping av streiken vil ikkje koma før tidlegast slutten av veka, seier leiar John Torsvik i Utdanningsforbundet i Hordaland til NRK søndag kveld.

Han konstaterer at situasjonen mellom KS og Utdanningsforbundet framleis er heilt låst. Denne veka vart også barneskulane offer for konflikten. Torsvik legg ikkje skjul på at ei eventuell opptrapping no i større grad kan råka dei aller yngste elevane.

– Det som er sagt no er at barnetrinnet ikkje vil bli skjerma i like stor grad lenger.

– Har planen klar

Kolbjørg Ødegaard har det praktiske ansvaret for streiken i Utdanningsforbundet. Ho seier til Bergens Tidende søndag kveld at dei har planen klar for vidare opptrapping, men førebels ingen dato.

– Det kan hende vi brukar nokon dagar på å omarbeide planen. I morgon tidleg skal vi diskutere dette i streikekomiteen.

Over 7800 lærarar i streik

John Torsvik i Utdanningsforbundet

John Torsvik i Utdanningsforbundet.

Foto: Bo Mathisen / Bo Mathisen

Ei eventuell opptrapping av streiken kan råka fleire skular i Hordaland.

– Ein skal ikkje sjå vekk ifrå at ein trappar opp ytterlegare i Hordaland. Anten vil det råka fleire kommunar eller så vert fleire tekne ut i Bergen og Askøy, seier Torsvik som forventar fleire møter med Utdanningsforbundet sentralt i løpet av veka.

Til saman er over 7800 medlemmar i dei fire lærarorganisasjonen Utdanningsforbundet, Skolenes landsforbund, Norsk Lektorlag og Musikerens fellesorganisasjon i streik.

MFO varsla opptrapping førre måndag, og tek frå i morgon av ut 41 lærarar ved kulturskular, ungdomsskular og vidaregåande skular over heile landet.

– Provoserande

Etter søndagens korte møte mellom partane, ligg det framleis ingen forslag på bordet. Forhandlingsleiar i KS, Per Kristian Sundnes, meiner lærarane ryggar.

– Jo meir vi kjem lærarorganisasjonane i møte, dess meir ryggar dei. Slik kan vi aldri kome til ei løysing. Då er det ikkje lenger forhandlingar, skriv han i ei pressemelding.

– Det er ei provoserande utsegn, svarar Torsvik.

– KS-krav hindrar løysing

Utdanningsforbundet beklagar at forsøka med å kome til ei løysing med KS har stranda nok ein gong.

– KS-styret har tydelegvis ikkje tatt inn over seg at lærarorganisasjonane forhandlar på vegner av medlemmane våre. Mandatet er klart: Nok er nok. Etter fleire tiår der lærarane stadig har gitt – og ikkje har fått – i forhandlingane med arbeidsgjevar, set dei ned foten, seier Utdanningsforbundets leiar Ragnhild Lied.

Få siste nytt om streiken i vårt nyhetssenter: