Hopp til innhold

Vegvesenet: – Dette har ikkje lærarane lov til

Streikande lærarar stod på krava med streikebannerar ved innfartsårene inn til Bergen i dag. – Det hadde dei slett ikkje lov til, seier Statens vegvesen.

Streikende lærere demonstrerer på Fjøsanger

STREIKAR: Lærarar i streik stod i dag langs innfartsårene inn til Bergen for å markere streiken. Her står dei ved Gamlehaugen i Bergen.

Foto: John Arnt Nøstdal / NRK

Som perler på ei snor stod i dag tidleg streikande lærarar langs innfartsårene inn til Bergen sentrum.

– Lærarane er i streik, og me ønskjer å vise kor viktig saka er for oss. Dette er ein roleg måte å markere streiken på, seier streikeleiar i Bergen Bjarne Mohn Olsvold.

Streikande lærarar

STREIKEMARKERING: Lærarar i streik gjorde seg synlege ved alle innfartsårene til Bergen sentrum i dag. Her står dei på gangbrua over F580, ved Lagunen i Bergen.

Foto: Lene granli / NRK

Lærarane samla seg langs gangbruer med store banner for å gjere seg synlege for morgonbilistane.

– Dette er ein anna streik enn vanleg. Denne gongen handlar det ikkje om løn, men om lærarrolla. Eit av måla våre under streiken er å komme oss rundt og forklare folk kvifor dette er så viktig for lærarane, seier Olsvold.

– Dette har lærarane ikkje lov til

Å henge opp banner langs vegane utan å søke om det er ikkje greitt, seier byggeleiar i Statens vegvesen Håkon Toverud.

– Bilistane skal halde fokus på det som skjer på vegane, og ikkje på det som står langs vegen.

Politiet kan gje løyve til at folk kan stå langs vegen, men det er Statens vegvesen som skal gje løyve til å henge opp banner.

– Ein kan søke om å henge opp ting, men vegane lærarane har stått langs er høgtrafikkerte vegar og då gjev me ikkje løyve til det, seier Toverud.

– Me trudde me var innanfor reglane

Bjarne Mohn Olsvold

SØKTE POLITIET OM LØYVE: – Me har ikkje registrert at det har vore spesielle reglar for å henge opp banner, og trudde det var innanfor då me fekk løyve til å stå langs vegen, seier streikeleiar i Bergen Bjarne Mohn Olsvold.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Streikeleiar i Bergen, Bjarne Mohn Olsvold meiner utspelet frå Vegvesenet er spesielt.

– Det er ikkje noko mål for oss å skape problem i trafikken, og det meiner me heller ikkje me har gjort. Me har også fått løyve frå politiet til å stå langs vegane.

Han seier dei trudde dei heldt seg innanfor reglane då dei fekk løyve frå politiet til å gjennomføre markeringane.

– Me har ikkje registrert at det har vore spesielle reglar for å henge opp banner, og trudde det var innanfor reglane. Det var ikkje meininga å bryte nokre reglar eller lage problem langs vegane, seier Olsvold.

Tuting og tommelen opp

Stemninga var god blant både lærarar og dei forbipasserande under morgonrushet i dag.

– Me har snakka med mykje folk ute i dag, og opplevde stor forståing for markeringa og streiken. Folk tok tommelen opp og tuta og smilte, seier streikeleiaren.

No er bannera tatt ned, og lærarane er tilbake på streikevakter og streikekafèar.

– Streiken er berre eit verkemiddel. Den er ikkje eit mål i seg sjølv. Me håpar me kan få ei løysing som skapar ro i skulen, seier Olsvold.