Hopp til innhold

– Streiken er inne i ein ny fase

Alvoret og ansvaret på partane for å løysa konflikten er langt større no når også barneskular blir råka av lærarstreiken, seier kunnskapsministeren Torbjørn Røe Isaksen (H).

De streikende lærerne møter på UiS for å "vise seg fram" for kunnskapsmister Thorbjørn Røe Isaksen

Dei streikande lærarane i Stavanger viste seg fram for kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) måndag denne veka.

Foto: Pål Christensen / Stavanger Aftenblad / NTB scanpix

Frå og med i dag er 7700 lærarar ute i streik. Over 90.000 elevar er truleg råka, og barneskular blir for første gong offer for konflikten mellom lærarane og arbeidsgjevarorganisasjonen KS.

Kunnskapsministeren ser alvorleg på at streiken no går inn i ein ny fase:

– Hittil har mange tusen born og unge ikkje fått begynna på skulen. No blir dei aller yngste borna råka. I verste fall kan det bety at også dei som starta på skulen på måndag etter kvart blir råka. Det er ein ny fase og det seier noko om kva alvor og ansvar som ligg på partane for å finna ei løysing på dette så raskt som mogleg, seier Torbjørn Røe Isaksen.

– Fleire foreldre kjem til å merka dette veldig tydeleg. Ein kan ikkje la ein sju-åtte-niåring vera heime heilt åleine utan vidare, legg statsråden til.

Konsekvensane av streiken er likevel ikkje store nok til at regjeringa kan gripa inn, ifølgje Isaksen.

– Det finst ei grense for kor lenge ein streik kan vara. Det kan ha med samfunnstryggleik og andre vitale samfunnsinteresser å gjera, men me er ikkje på den grensa no. Førebels må me seia at dette er ein lovleg streik som diverre råkar skuleelevar. Men dersom streiken blir langvarig, vil det kunne bli ei problemstilling at styresmaktene går inn, seier han.

Varslar ytterlegare opptrapping

Kolbjørg Ødegaard

Kolbjørg Ødegaard er aksjonsleiar for Utdanningsforbundet. No varslar ho ytterlegare opptrapping.

Foto: NRK

Streiken blir trappa opp, trass i at det torsdag går føre seg samtalar mellom Utdanningsforbundet og KS, Kommunesektoren sin organisasjon.

Sentralstyremedlem og aksjonsleiar i Utdanningsforbundet, Kolbjørg Ødegaard varslar at planane for å ta ut endå fleire snart er klare.

Ho grunngir dette med at det har vore lite som har vitna om forsoning i samtalane hittil, sjølv om begge partar har sagt at dei ynskjer å få slutt på streiken.

– Vi har enno ikkje fått så tydelege signal frå KS at det er grunn til å stanse streiken. Planane for neste fase i streiken er så å seie klare, seier Ødegaard til NRK.

I streikefasen som blir innleidd i dag blir også nokre barneskular bli ramma, men førebels er førsteklassingane skjerma. Men det er noko som fort kan endre seg i neste fase, ifølgje Kolbjørg Ødegaard.

Streikemøte hos lærerne i Drammen

Streikeviljen er stor. Her frå eit streikemøte i Drammen onsdag.

Foto: Anders Nielsen / NRK

– Då trappar vi opp streiken både i omgang og geografisk. Det er ikkje sikkert at førsteklassingane blir ramma, men eg kan ikkje love at dei ikkje kjem til å bli det, seier ho.

– Redde for å bli røysta ned

Det er planlagt nytt møte mellom dei streikande lærarane og KS i dag for å prøve å finne ei løysing på konflikten. Det var kontakt også onsdag, men det har kome lite ut frå samtalane. Begge partar har sagt at samtalane held fram torsdag.

Samtalane vil omfatte Norsk Lektorlag, Skolenes landsforbund og Musikernes Fellesorganisasjon.

Det kritiske punktet i tariffavtalen som medlemene i Utdanningsforbundet sa nei til, er at lærarane skal kunne påleggjast å vere til stades på skulen i inntil sju og ein halv time kvar dag. Dette i staden for å jobbe heime delar av arbeidstida, slik det er høve til i dag.

– Konflikten om meir bunden arbeidstid er og blir kjernen i denne konflikten, seier politisk kommentator i NRK Magnus Takvam.

Takvam trur ikkje partane er nære nok til at ein kan rekna med ei avklaring i løpet av torsdagen, men at ein håpar på semje før helga.

– Men lærarorganisasjonane har så lite handlingsrom at dei ikkje tør å bevega seg mykje. Dei er redde for å bli røysta ned i ei ny uravstemming, seier Takvam.

Meir tid på skulen

KS skal ha trekt timekravet, men står like fullt fast på at lærarane skal vere lengre på skulen enn i dag.

Hittil er rundt 64.000 elevar i alle fylke minus Oslo ramma av lærarstreiken. Med opptrappinga i dag vil dette talet truleg stige til over 90.000.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger