Hopp til innhold

Fryktar Kina skal kuppe gruvedrift i Telemark

Heile verda jaktar kritiske metall som finst i bakken på Fensfeltet. Kommunen fryktar Kina vil prøve seg om metalla skal opp av bakken. Det gjer dei rett i, skal me tru tryggleiksekspertane.

Kirsti Arvesen Nesheim

FENSKOORDINATOR: Kirsti Arvesen Nesheim i Nome Kommune er bekymra for kva som vil skje når førekomsten av sjeldne jordartar på Fen kjem på verdskartet.

Foto: Martin Torstveit / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Me vil ikkje stå att med eit hol i bakken, også flyt verdiane ut av landet, seier Kirsti Arvesen Nesheim.

Ho representer Nome kommune i arbeidet med minerala på Fen i Telemark.

Alt tyder på at Europas største førekomst av sjeldne jordartsmetall, kjend som REE, ligg under eit bustadfelt i kommunen.

Metalla er avgjerande for å produsere elbilar, mobiltelefonar og moderne forsvarsteknologi.

Kina dominerer marknaden knytt til kritiske REE-metall i dag.

– Me har sett at kinesarane er opptekne av å kjøpe opp førekomstar, seier Nesheim

Collage av Fensfeltet

Det bur om lag 700 menneske på Fen i Nome kommune. Under husa skjuler det seg sjeldne jordartsmetall.

Kan bli teke over av kven som helst

Det er to private selskap som har rett til å prøvebore på Fensfeltet.

– Eit privat selskap kan i teorien bli teke over av kven som helst. Det betyr at kinesiske interesser kan kjøpe seg inn i gruvedrifta. Det er me sterkt bekymra for, seier Nesheim.

Gruveselskapa på Fen undersøker bakken for å bevise at førekomsten er kommersielt drivverdig.

Da vil Fensfeltet bli synleg på eit kart over mineralførekomstar av ei internasjonal klasse.

Når Fensfeltet kjem på kartet fryktar Nome kommune at Kina vil bli interesserte.

– Det betyr at det lokale eigarskapet forsvinn, og det betyr at desse ressursane ikkje vil komme fellesskapet til gode.

Kart frå United States Geological Survey over store mineralforekomster i verden.

Dette kartet viser store mineralførekomstar i verda. Førebels er ikkje Fensfeltet på dette kartet, men det kan endre seg.

Foto: United States Geological Survey

Følgjer med på Kina

Den nasjonale tryggleiksmakta NSM meiner Nome kommune gjer klokt i å løfte denne problemstillinga.

– Her er kommunen årvakne, seier Sofie Nystrøm, som er direktør for NSM, som er eit fagleg direktorat under Justis- og beredskapsdepartementet og Forsvarsdepartementet.

Nystrøm seier at Kina er ein aktør som dei følgjer med på, og at det er eit tydeleg globalt mønster at Kina søker eigarskap i ulike økonomiar.

Kinesisk interesse

Noreg har lovverk som skal verne om norske tryggleiksinteresser, men Nystrøm peiker på at dette er ei ny næring som ikkje automatisk har sin plass i lovverket.

– Fensfeltet er eit enormt viktig område, som kan bli så viktig for Noreg at det blir aktuelt å bruke tryggleikslovverket, seier Nystrøm.

Ifølgje Petter Y. Lindgren, seniorforskar ved Forsvarets forskingsinstitutt, vil Kina vere interesserte i å halde fram med sin dominans innan sjeldne jordartar.

– Kinesiske selskap ville vore interessert i å komme hit. Sjeldne jordartar er nok ei problemstilling som vil bli meir relevant framover sidan så mange stormakter har det på radaren, seier Petter Lindgren.

Sofie Nystrøm

Sofie Nystrøm er direktør i NSM.

Foto: Oda Hveem / Oda Hveem

Treng fleire eigarar

Ingen av gruveselskapa på Fensfeltet har blitt kontakta av kinesiske selskap, men gruveselskapet REE minerals opplyser at dei vil trenge ein økonomisk partnar i framtida.

– Aksjonærgruppa vår i dag har ikkje kapital til å finansiere gruvedrift på vårt område. Det krevst enorme investeringar, og me har vore i kontakt med store aktørar både nasjonalt og internasjonalt, seier Thor Bendik Weider i REE minerals.

Ifølgje Alf Reistad som er dagleg leiar i gruveselskapet Rare Earths Norway ønsker dei å drifte gruvene sjølve.

– Me ønsker å vere ein leverandør til Europa, seier Reistad.

Les også Under bakken der Eli og familien bur ligg ein skatt heile verda er på jakt etter

Eli Landsdal

Vil ha staten på banen

For å sikre seg mot kinesiske interesser ønsker Nome kommune at det kjem på plass eit statleg selskap som kan drive gruver på Fen.

Fenskoordinator Kirsti Arvesen Nesheim i Nome kommune viser til måten Noreg handterte oljeeventyret på i sin tid.

– Me ønsker at staten går inn med eit eige selskap som sikrar at verdiane blir att i lokalsamfunnet og Noreg, seier Nesheim.

Jan Christian Vestre

Næringsminister Jan Christian Vestre la i førre veke fram ekstra pengar til mineralsatsing i samband med revidert nasjonalbudsjett.

Foto: Philip Hofgaard / NRK

Næringsminister Jan Christian Vestre forstår godt at Nome kommune vil sikre lokale interesser, men ser ikkje for seg eit statleg eigarskap på Fensfeltet.

– Me er opptekne av å mobilisere privat kapital til det grøne skiftet, seier Vestre.

På spørsmål om bekymringane knytt til kinesisk oppkjøp, viser Vestre til den nye norske mineralstrategien som er rett rundt hjørnet.

– Me må ha eit nasjonalt eigarskap til kritiske mineral som Noreg og Vesten treng. Difor skal me tenke veldig nøye gjennom kven me slepp til, seier Vestre.

Denne saka er du openbert interessert i sidan du les den heilt ned. Tips meg gjerne om andre vinklar eg bør sjå på knytt til denne saka. Send meg også gjerne ein e-post viss du har tips til saker eg bør sjå på. 

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark