Hopp til innhold

Ny teknologi skal varsle bilistar om hjort langs vegen

Dei siste ti åra har 109.000 hjortevilt blitt påkøyrde i Noreg. Ingeniørstudentar kan sitje på éi av løysingane på problemet.

FLEIRE PÅKØYRSLAR: Talet påkøyrslar av hjortevilt har auka.

Dyr som blir påkøyrde i trafikken er eit aukande problem.

Dei siste fem åra har talet på kollisjonar med hjortedyr som elg, rådyr og hjort auka med 50 prosent.

Statens vegvesen har dei siste ti åra hatt ulike prosjekt for å få gjort noko med problemet.

Dei har prøvd å skremme hjorten vekk med elektroniske varslar.

– Men dette har vore til liten effekt, fortel Henrik Wildenschild frå Trafikksikringsavdelinga i Statens vegvesen.

No har ingeniørstudentar ved Høgskulen på Vestlandet kome med eit alternativ.

Løysinga studentane ser føre seg, er å sette opp kamera i område med mykje hjort langs vegen.

Som vist over på videoen, vil det kome opp ein raud firkant rundt det dyret som kjem på kameraet.

Teknologien vil så berekne sannsynet for at det som er ramma inn faktisk er ein hjort.

– Når det blir fanga opp, blir det sendt ut eit varslel, fortel Joachim Leiros, ein av fem studentar i prosjektet.

Varslinga kan skje direkte til bilen eller til varslingsskilt langs vegen.

Vanskeleg å skilje hjorten frå andre

For litt over ti år sidan hadde Statens vegvesen eit liknande prosjekt som det studentane frå Høgskulen på Vestlandet no driv med.

Men då var ikkje teknologien truverdig nok.

Det kom fleire meldingar om hjort som ikkje var hjort likevel.

No trur Wildenschild at studentane kan vere inne på noko.

– Om dei klarar å utvikle eit system for å fange opp hjort på kamera, kan det kombinerast med nokre av dei prosjekta vi jobbar med.

Statens vegvesen vurderer mellom anna å innføre variable fartsgrenser på enkelte strekningar med mykje hjort.

Han peikar på at sjølv om det kjem eit godt varslingssystem, må og bilistane gjere sitt.

Alt for mange av dei senkar ikkje farta sjølv om skilt varslar om at det kan vere dyr i vegen, meiner han.

Joachim Leiros med kamera

Joachim Leiros peiker på hjorten gjerne kjem seg frå den eine sida av vegen til andre gjennom viltsluser.

Foto: Kasper Valestrand/NRK

Fleire ulykker på sommaren

Ein tredel av ulykkene der hjortevilt er involverte, skjer i perioden frå juni til august.

Høgskulelektor Per Christian Engedal har vore rettleiar for studentane.

Han meiner prosjektet ser lovande ut frå testane som er gjort så langt.

– Eg trur dette er teknologi som kan oppnå meir truverd for varslinga som blir gjort, slik at folk tilpassar farten etter forholda, seier Engedal.

Han viser til at ein del varslingssystem i dag er baserte på sannsynsmodellar, noko som kan gjere at folk ikkje tek omsyn til varslingane fordi dei ikkje stoler på at det faktisk er hjort i området.