Hopp til innhold

Vegvesenet meiner desse skilta ikkje har nokon effekt

Fareskilt og blinkande lys skal hindre trafikkulukker, men skilta har liten effekt viser forsøk frå Statens vegvesen.

Kvart år kolliderer nesten 1000 hjort med bilar. No er håpet at digitaliserte hjorteskilt kan gjere noko med statistikken.

LITEN EFFEKT: Ved enkelte vegar er det sett opp «dynamiske hjorteskilt» som blenkjer når hjortefaren statistisk sett er størst, men effekten er liten.

Foto: Roger Oldeide / Fjordingen

På to dagar vart to hjortar påkøyrd langs E39 på Agdestein i Stord kommune på Vestlandet.

Begge påkøyrslane har skjedd ved eit skilt som varslar om hjortetrekk, med blinkande gult lys.

– Folk ser blindt på skiltet. Dei ser det, men tenkjer ikkje meir på det, seier Bjarte Litlabø, leiar i Stord/Fitjar ettersøkslag.

I 2019/2020 var det 918 påkøyrsler av hjort i Noreg. Det viser tal frå Statistisk sentralbyrå.

Nesten 400 av kollisjonane var i Vestland fylke.

Hjorteviltregisteret opererer med enda høgare tal.

Bukk teke av ettersøksjegar

LITEN EFFEKT: På to dagar vart to hjortar påkøyrd langs E39 på Vestlandet. I begge tilfelle var det skilt som varsla om hjortetrekk, utan at det hjelpte.

Foto: Rudi Sønnervik

Sette opp «dynamiske hjorteskilt»

I tillegg til dyrelidinga, kan kollisjonane ha store kostnadar for dei som sit inne i bilane.

I alt har 1.800 personar vorte drepne eller skadd i dyrepåkøyrslar sidan 1998. Det går fram av ein oversikt frå Statens vegvesen, basert på innrapporterte tal frå politiet.

I 2017 starta difor Sogn og Fjordane eit prosjekt for å få ned talet på påkøyrslar av hjort.

Ved veganane vert det sett opp «dynamiske hjorteskilt» som blenkjer når hjortefaren statistisk sett er størst.

– Me har sett ein effekt på nokre av strekningane, men på stader med gjennomgangstrafikk har det liten effekt, seier Magnus Frøyen ved Norsk hjortesenter.

Han legg til at «det gjerne er gjennomgangstrafikken som køyrer på hjorten, medan dei som er lokalkjente veit å vera på vakt».

Påkøyrsle av hjort

2019/2020

2018/2019

2017/2018

2016/2017

2015/2016

Heile landet

918

970

1161

832

609

Vestland

398

453

583

370

256

Hjort på Svarstad i Bremanger

STOR AUKE: Hjortebestanden har nærast eksplodert sidan 1990-talet. Her er hjortar på Svarstad i Bremanger. Biletet er teke i fjor.

Foto: Elin Karin Hauge Frøyen

– Kan ikkje seia at tiltaket fungerer

Mellom 2008–2017 auka talet på påkøyrde hjortar med 50 prosent.

Henrik Wildenschild er seniorrådgjevar i Trafikksikkerhetsavdelinga i Statens vegvesen, og har jobba med viltpåkøyrslar i mange år.

Neste veke skal han presentera funn frå forsøk på med gult blinkande lys på varselskilt på fire strekningar i Troms. Han vil ikkje røpa heile konklusjonen, men seier likevel litt.

– Me kan ikkje sjå ein skilnad så tydeleg at me kan seia at tiltaket fungerer.

I tillegg har dei prøvd andre tiltak, som blå refleks og viltskremmarar – men utan god effekt.

– Viltgjerde er det einaste som har god, og dokumentert effekt. Men det krev store investeringar, og kan vera vanskeleg i nærleiken av busetnad, seier han.

Til slutt er det eitt tiltak som seniorrådgjevaren meiner verkar, nedsett fartsgrense.

ELG SKREMMERE

LITEN EFFEKT: Slike blå refleksar skulle også skremma vilt. Men effekten var best i starten.

Foto: Henrik Wildenschild / Statens vegvesen

– Redusert køyrefart hjelper

Det same seier Trygg Trafikk, og det er også dokumentert i ein rapport lagd av Transportøkonomisk institutt (TØI).

«Redusert køyrefart kan auke moglegheita for bilistane til å oppdage dyr i vegen og gjere påkøyrslar mindre alvorlege. Samanhengen kan vere større i mørke enn i dagslys», skriv TØI.

Rapporten viser til eit sveitsisk forsøk der det vart vist både fareskilt og fartsgrense 40 km/t når det vart registrert vilt ved vegen. Resultata viste 81 prosent færre viltpåkøyrslar.

Den første og mest omfattande runden med å sette ned fartsgrensa på ulykkesutsette strekningar i Noreg vart gjennomført i 2001. Då vart farten sett ned frå 80 til 70 kilometer i timen. Vegvesenet har i etterkant evaluert tiltaket og komme til at det hadde «god effekt».

– Eg trur det vil komma ein diskusjon om nedsett fart, eller skilt som kan setja ned farta på viltutsette strekningar. Spesielt i periodar der det er mykje vilt, seier Wildenschild.

Viltskremmer

LITEN EFFEKT: Her står seniorrådgjevar Henrik Wildenschild med elektronisk viltskremmarar mot elg. Men dette tiltaket viste seg også å ha liten effekt.

Foto: Arild Moe / NRK

Nye skilt skal få ned talet på hjortepåkøyrsler