For nokre år sidan dykka undervassfotograf Erling Svensen ved Husevågøy ytst i Nordfjord.
Med eitt var han ansikt til ansikt med ein fjellvegg dekt av blomkålkorallar.
– Det var ei ut av kroppen-oppleving, sa han til NRK.
Han kalla det «Noreg sitt svar Great Barrier Reef».
Statsforvaltaren i Vestland handla resolutt og erklærte kort tid etter at fjellveggen var «unik og verneverdig».
Men det var eit problem.
Den same statsforvaltaren hadde tidlegare gitt løyve til eit oppdrettsanlegg i same område, og oppdrettarane hadde allereie investert 39 millionar kroner.
Kva no?
Staten trekte tilbake løyvet, og sidan har saka gått som ein bordtennisball i forvaltninga og i det juridiske systemet.
Dette er Great Barrier Reef. Ikkje i Nordfjord, men utanfor Australia.
Foto: DAVID GRAY / Reuters– Tingretten la til grunn feil faktum og juss
Oppdrettsselskapa argumenterer for at blomkålkorallskogen ikkje blir skadelidande som følgje av aktiviteten deira, og dessutan at arten ikkje er trua.
Blomkålkorall har status som «livskraftig» i norsk raudliste for artar.
Medan staten har stått på sitt: Føre var-prinsippet gjer at korallane og oppdrettsanlegget ikkje kan eksistere side om side, og dessutan at «korallskogen på Husevågøy ikkje er ein eigna stad for å forske på tolegrensa til arten».
Ein studie frå Finnmark viser at blomkålkorallen forsvinn om han er nærare enn 300 meter frå eit anlegg.
«Vi reknar det som sannsynleg at blomkålkorall kan påverkast av utslepp frå oppdrett, men har avgrensa kunnskap om sensibiliteten til artane», skriv Havforskingsinstituttet i rapporten.
Då Miljødirektoratet sette ned foten i 2020, svarte oppdrettarane med å ta saka til retten.
Den første sverdvekslinga kom i Hordaland tingrett. Oppdrettarane tapte, og måtte betale 300.000 kroner i sakskostnader.
Utan at det dempa kamplysta. For denne veka starta ankesaka.
– Vi meiner at tingretten la til grunn feil faktum og juss, og vil klargjere dette grundig under behandlinga til lagmannsretten, seier styreleiar i Troland Lakseoppdrett, Carl-Erik Arnesen, til avisa Kyst.no.
– Eg håpar oppdrettarane taper. Eit så unikt habitat må ikkje bli øydelagt av fiskeoppdrett, seier Erling Svensen.
Foto: Erling SvensenErkjenner at det er «store kunnskapshol»
Som eit mildnande tiltak har oppdrettsselskapa foreslått å finansiere eit overvakingsprogram for å samle kunnskap om korleis korallar blir påverka av oppdrett.
I eit brev til Miljødirektoratet erkjenner Statsforvaltaren i Vestland at det er «store kunnskapshol» og «svakheiter i dokumentasjonskravet» når det gjeld påverknaden frå oppdrettsanlegg på korallar.
Før jul tok Miljødirektoratet til orde for å leggje til korallrev på lista over naturtypar som skal få ekstra omsyn.
Korallar blir den første marine arten med ein slik status.
Denne veka vart det også foreslått å supplere lista med sukkertareskog.
– I Noreg tek skogen opp store mengder klimagassar frå atmosfæren og bidreg til karbonlager på land. Marine naturtypar tek også opp og lagrar mykje karbon. Dei er derfor viktige for livet i havet og for regulering av klimaet på kloden, seier Ellen Hambro, direktør for Miljødirektoratet.
– Eg håpar oppdrettarane taper
På vegner av Miljødirektoratet publiserte Niva denne veka to rapportar om karbonlagring i marine naturtypar i Noreg.
Den eine er ei kunnskapsoppsummering om område som er viktige for karbonlagring. Den andre identifiserer kjelder som forstyrrar karbonlager i havet.
Konklusjonen er at marine naturtypar tek opp like mykje klimagassar som naturtypar på land.
Den nye kunnskapsoppsummeringa er eit ledd i arbeidet med å gjere klimaomsyn til eit sjølvstendig verneformål.
Det er sett av åtte dagar til å behandle ankesaka i Gulating lagmannsrett.
Undervassfotograf Erling Svensen, som oppdaga korallane, vil følgje med:
– Eg håpar oppdrettarane taper. Eit så unikt habitat må ikkje bli øydelagt av fiskeoppdrett, seier han.
– Vi kan ikkje gamble på dette.