Hopp til innhold

Korallen kan få ein unik status i Noreg

Glaskorallen veks berre ein millimeter i året. Statsforvalteren i Vestland vil redde han frå å bli teken av ein botntrål og vil verne havområdet rundt Stad.

Slik ser glasskorallen ut

MARINT VERNEOMRÅDE: Statsforvalteren berge korallar ved å verne havet rundt Stad.

Foto: Pål Buhl-Mortensen / Havforskingsinstituttet

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Langt under havoverflata veks ein art med god tid.

På eit heilt år veks glaskorallen, eller augekorallen som han òg vert kalla med berre ein millimeter eller to.

Korallen er viktig for artsmangfaldet i havet.

Men på eit blunk kan hundreår med den raudlista veksten bli viska vekk av ein botntrål, fryktar Statsforvaltaren i Vestland.

– Han er ekstra viktig for oss å ta vare på fordi han er eit viktig oppvekstområde for mange marine artar, seier seniorrådgjevar hos Statsforvaltaren, Maria Knagenhjelm.

No blir det teke grep frå fleire hald for å verne om korallen.

Avgrense taretråling

Statsforvalteren i Vestland vil no verne over 160 kvadratkilometer rundt Stadhalvøya, frå to meter under lågaste vasstand og ned til havbotnen.

Ein sentral del av forslaget er forbod mot inngrep og aktivitet på sjøbotn, slik at både korallrev og tareskogane blir verna og kan utvikle seg utan forstyrring og øydelegging.

Slik vil oppvekstområdet til marine artar både i grunne og i djupe delar av Stadhavet bli redda.

Dette område foreslår Statsforvalteren å verne

Dette område forslår Statsforvaltaren å verne.

Foto: Statsforvalteren

I tillegg tilrår Miljødirektoratet å legge til korallrev på lista over naturtypar som skal få ekstra omsyn og bli ein såkalla utvald naturtype.

Om korallane vert lagde til er det den første marine arten som får ein slik status.

– Langt bak skjema

– Me har forplikta oss til å verne 10 prosent av havområdet vårt innan 2030 og me ligg langt bak skjema, fortel ein engasjert Erling Svendsen, dykkar og hobbybiolog.

Svendsen har 46 års erfaring som dykkar langs store delar av norskekysten.

Han ønsker verna av området velkommen.

Gjennom åra har han bite seg merke i ei endring langs kysten:

– Det har blitt mykje mindre fisk, seier han.

Koraller
Foto: Eirik Hind Sveen / NRK

Fiskarlaget: – Positivt for fisken

Verning gjer restriksjonar for botntråling.

Men Knagenhjelm i Statsforvaltaren meiner at å verne korallområdet ved Stad ikkje skal kome i konflikt med fiskeriinteresser.

– Fisket vil i stor grad kunne halde på som tidlegare, sett vekk frå botntråling. Det vil vi sette restriksjonar på, seier Knagenhjelm hos Statsforvaltaren.

Formann i Nordfjord fiskarlag, Njål Aarsheim, er også nøgd med at det blir slutt på botntråling.

Les også Her ser dykkarane eit unikt korallområde – så kom oppdrettsanlegget

Blomkålkorallar

Ifølgje han har også taretråling vore ei utfordring for fiskarane ved Stad.

– Vi meiner det vil vere positivt for fisken og for oppvekst av fisk i tareskogen. Ringverknadane av den marine verneplanen vil vere positive for fiskeriet.

Han seier at fiskarlaget er positiv til ein marin verneplan for området.

Fiskarane veit kor korallreva ligg

I praksis veit fiskarane godt kor korallreva ligg, fortel Ole Morten Sorthe, leiar i Møre og Romsdal fiskarlag.

Ofte er fisket best nær område med korallar. Men fiskarane vil ikkje kome for nær.

– Du skadar både korallane og fiskereiskapen og det er ikkje i fiskarane si interesse, seier Sorthe.

Han er ikkje imot vern, men håper at det ikkje legg beslag på for store område.

– Det er i alle sin interesse at ein ikkje skadar korallrev og korallskog, dersom ein får til ei verning som gjer det går an å bruke området utan unødig hinder so kan fiskarane leve med det, seier han.

Stadhavet

Stadhavet kan bli verna.

Foto: Eirik Johnsen / NRK

Visste ikkje om korallar

Korallar har tidlegare vekt strid på Vestlandet.

I 2019 gav Statsforvaltaren løyve til å opprette eit oppdrettsanlegg ved Husevågøy i Nordfjord.

Problemet var at statsforvaltaren ikkje ante at det eksisterte eit unikt og stort korallområde der. Då hadde dei alt gitt løyve til oppdrett.

Då vedgjekk regjeringa at dei har for lite kunnskap om kva som er under havoverflata, og dåverande minister lova å skjerpe kartlegginga.

– Eg vil ta kontakt med fiskeri- og sjømatministeren, og få laga forslag til korleis dette kan gjerast, sa Ola Elvestuen i eit skriftleg svar til SV på Stortinget.

Les også Slik motarbeider Norge vern av havet

Jøssingfjorden