Hopp til innhold

Avinor i «anstrengt» økonomisk situasjon dei neste åra

Den nye kvartalsrapporten til Avinor peikar mot utfordrande økonomi dei neste åra.

OyiMjUJLV3E

DATERT? Avinor-modellen inneber at overskotet frå større flyplassar gjer det mogleg for Avinor å drifte ulønnsame lufthamner i distrikta. No spør fleire om modellen har gått ut på dato.

Foto: NTB

Den nye kvartalsrapporten til Avinor viser at selskapet er i pengeknipe.

– Den økonomiske situasjonen vil vere anstrengt dei næraste åra, også med dei tiltaka som no skisserast, seier konsernsjef Abraham Foss i ei pressemelding.

I rapporten går det fram at inntektene aukar, men ikkje nok.

– Den geopolitiske og økonomiske utviklinga i verda gir også auka usikkerheit, seier Foss.

NRK har forsøkt å kontakte konsernsjef Abraham Foss. Selskapet opplyser at Foss er i Asia og ikkje kan svare på førespurnader frå media tysdag.

I ein e-post skriv konserndirektør for strategi og verksemdsstyring, Petter Johannessen, at Avinor ikkje ber om meir pengar frå staten.

Avinor treng ikkje hjelp til å oppretthalde aktivitet og betale gjeld. Avinor har ei velfungerande drift, god likviditet og eit godt forhold til nasjonale og internasjonale finansinstitusjonar. Men det er likevel viktig å sikre at staten vedgår at den infrastrukturen for norsk luftfart som Avinor forvaltar, berre kan drivast innanfor ei ramme som er finansielt forsvarleg på lengre sikt, skriv Johannessen.

Vil ikkje legge ned flyplassar

Regjeringa har vore opne om at den førebelse handsrekkinga i form av auka flyplassavgifter ikkje er tilstrekkeleg til å få selskapet opp frå kneståande.

Ifølgje samferdselsminister Jon-Ivar Nygård har Avinor «synleggjort» at færre flyplassar kan vere eit sparetiltak.

Statsråden har kvittert med at det å leggje ned flyplassar ikkje er aktuelt.

Likevel er det teikn til at presset mot flyplasstrukturen aukar.

I Bergensavisen ironiserer kommentator Svein Tore Havre over at «grisgrendte» Sogn og Fjordane, med sine 110.000 innbyggjarar, har fire flyplassar på «kvart nes og kvar ås».

Fire flyplassar med ruter til to destinasjonar til ein skyhøg pris for skattebetalarane er inga berekraftig løysing, skriv han.

8RUv3Uyra3o

– Dei økonomiske utfordringane Avinor står overfor tilseier at vi må snu alle steinar, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård til NRK.

Foto: NTB

– Vi kjem til å passe på med argusauge

Pengeknipa til Avinor starta då flytrafikken kollapsa under korona-nedstenginga.

Avinor la til grunn at flytrafikken ville ta seg opp igjen, men i staden er det teikn til at pandemien har skapt varige endringar i reisemønsteret. Særleg blant forretningsreisande.

Ifylgje E24 var Avinor difor berre dagar unna «finansiell kollaps» då regjeringa stilte med 200 millionar kroner i «naudhjelp» tidlegare i november.

Driftsresultatet til et knippe norske lufthavner

Diagrammet skildrar driftsresultat for regionale lufthamner (blå søyle) og statens FOT-tilskot (grøn søyle) per år. Alle tal for 2019.

Illustrasjon: Avinor

Pengeknipa til Avinor er til politisk sjenanse for Støre-regjeringa som i Hurdalsplattforma (2021) lova å «halde oppe og vidareutvikle dagens lufthamnstruktur».

Eg er ikkje uroleg for at Førde lufthamn vert lagd ned, men vi kjem til å passe på med argusauge, seier Jenny Følling (Sp), som er ordførar i Sunnfjord.

Ordførar-kollega i Gloppen, Arnar Kvernevik (Ap), trur kortbanenettet står framfor «ein gullalder».

I den nye nasjonale luftfartsstrategien heiter det at Noreg skal vere eit føregangsland for elfly, og at dei første elflya skal fasast inn på FOT-rutene frå 2028–2029.

Om lokalsamfunna skal lukkast, er det viktig å ha tilgang til eit effektivt og spreidd flyrutetilbod, seier Kvernevik.

WMnE6hg30cM

Inntektene til Avinor har fått seg ein nasestyvar etter at nordmenn byrja å fly mindre og regjeringa kutta i taxfree-kvoten. Alle foto: NTB

CirevMgnF88

I andre kvartal fekk Avinor eit resultat før skatt på rundt 244 millionar kroner, ned frå 463 millionar kroner i same periode i fjor.

pdy0oA-qjGg

Normalt står avgiftsinntektene for i underkant av halvparten av Avinors samla inntekter. Inntekter frå kommersiell verksemd utgjer det resterande.

Flyplass

Avinors lufthamner er svært ulike i storleik og trafikkvolum. Oslo lufthamn er den klart største lufthamna og står normalt for meir enn halvparten av flytrafikken i Noreg og vel 70 prosent av all utlandstrafikk.

Det er spinnvilt at vi skal vere avhengige av framleis vekst i flytrafikken

Andre spør om det er rett at Avinor skal vere eit distriktspolitisk instrument.

Heile Avinor-modellen er moden for ein revisjon, skriv Aftenposten på leiarplass.

«Sal av avgiftsfri sprit til utanlandsreisande blir nødvendig for å halde oppe flyplassar i grisgrendte strøk. Dette er absurd», skriv dei.

Naturvernforbundet meiner dagens finansieringsordning «konstruerer ein konflikt mellom miljøomsyn og distriktspolitikk».

Det er spinnvilt at drifta av småflyplassane i distrikta skal vere avhengige av framleis vekst i flytrafikken, seier Pernille Bonnevie Hansen, som er nestleiar i Naturvernforbundet.

Ho kallar det eit paradoks at regjeringa har sett seg i ein posisjon der dei håpar på trafikkvekst av distriktspolitiske omsyn.

Vi forureinar allereie dobbelt så mykje som svenskar, franskmenn og tyskarar med flyreisene våre. Å gjere seg avhengig av vekst, er stikk i strid med klimamåla våre.

Ho legg til:

Eit openbert steg er at staten finansierer distriktsflyplassane direkte, ikkje gjennom ein vekst vi ikkje har rom for.

KvieGYTY29c

27 av Avinors lufthamner er kortbanelufthamner, med rullebanar mellom 800 og 1200 meter. Desse blir trafikkerte av mindre fly av typen Dash 8, ambulansefly og privatfly. Alle foto: NTB

WG7G7wR9_a0

Avinor har signalisert at dei treng å auke inntektene med opp mot 1,7 milliardar kroner i året. I eit brev føreslår regjeringa fleire handsrekkingar, men presiserer at hjelpa først kan komme på statsbudsjettet for 2025.

0Oa0USpY4pE

Avinor vart hardt ramma økonomisk av pandemien og fekk til saman 7,4 milliardar kroner i driftstilskot frå staten i 2020 og 2021

AQaQFEXz0Sk

I stortingsmeldinga «Berekraftig og sikker luftfart» heiter det at Avinor er i ein «anstrengd finansiell situasjon». I 2012 foreslo Avinor å leggje ned fire flyplassar.

Heile den norske flyplassmodellen er i spel

Sist fredag presenterte Framstegspartiet sitt alternative budsjett for 2024.

Der foreslår dei å fjerne flypassasjeravgifta og å reversere «det smålege kutta i taxfreekvoten». Kuttet i taxfree-ordninga skal ha kosta Avinor 236 millionar kroner.

Det er dramatisk at heile den norske flyplassmodellen er i spel, seier Frp-representant Morten Stordalen til NRK.

Regjeringa kan betre økonomien til Avinor med eit pennestrøk om dei innfører den gamle taxfree-ordninga.

Lufthavner i Norge

Regjeringa skjermar alle lufthamner og presiserer at dagens lufthamnstruktur står fast – koste kva det koste må.

Foto: Samferdselsdepartementet

Les også Avinor i pengeknipe: Har foreslått å leggje ned flyplassar

Tromsø flyplass langnes