Hopp til innhold

NVE: Uroa for kva storm og nedbør dei neste dagane kan føre til

Etter veker med tørke og varme er NVE uroa for kva som skjer når «hauststormen» slår til i knusktørt terreng i Sør-Noreg.

Tom Barstad

FJERN RUSK OG RASK: Følg med på at rusk og rask ikkje har samla seg i avløp og rister.

Foto: Synnøve Hole

– Vi er usikre på korleis den tørre bakken vil takle nedbøren som kjem, seier Brigt Samdal, som er regionsjef for Vestlandet i NVE.

Det er venta kraftig nedbør og vind etter fleire veker med varmt og tørt vêr. Spesielt vått blir det på Vestlandet. I verste fall kan styrtregn føre til flaumskred.

– Det øvste jordlaget er hardt etter ein lang periode utan regn. Då vil det ta lengre tid før nedbøren trekk ned i jorda, noko som betyr at nedbøren kan finne nye løp eller dra med seg jord på vegen, seier Samdal.

Det er betydelege mengder med regn som vil skylje over landet.

– Den første nedbøren vil komme jamt på torsdag, før vi får meir intense regnbyer på fredag. Forhåpentlegvis blir jorda mjuk før styrtregnet kjem, seier Samdal.

Brigt Samdal - Regionsjef Vest NVE

PROBLEMATISK NEDBØR: Styrtregn kan skape trøbbel der bakken er tørr, åtvarar Brigt Samdal i NVE.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

– Pass på tette avløp

I det tørre vêret kan det ha samla seg mykje rusk og rask i avløp og røyrsystem. NVE-sjefen har eit klart råd til alle som vil bu seg på hauststormen.

– Følg med på at vatnet renn der det skal, og at det ikkje har tetta seg i avløp og rister, seier Samdal.

Lågtrykket treff Vestlandet på torsdag med både regn og vind.

– Ved Stad vil det blåse opp til ein full storm på kvelden, seier statsmeteorolog Mette Skjerdal.

NVE har ikkje auka beredskapen for dei neste dagane.

– Vi håpar og trur at dette vil gå greitt, sånn som vi vurderer situasjonen.

KRAFTIG VIND: Statsmeteorolog Kristian Gislefoss seier store delar av landet kan vente seg kraftig vind.