– Langvarig tørt og varmt vêr kan ha utløyst raset, seier geolog i skredseksjonen til Statens vegvesen, Mari Åmellom Brøto.
– Overraska over at det rasa akkurat no
Elfrid Førde og familien bur på Førde inst i fjorden, og vakna av ei fæla buldring. No må borna ta båt til skulen.
NABO: Elfrid Førde bur like i nærleiken av rasstaden.
Foto: Oddmund Haugen / NRK– Ja, vi var litt overraska over at det skulle rase akkurat no. Det er ingen trygg veg dette, då det går ras av og til. Men dei er sjeldan så store som dette. Og akkurat no har det vore lite nedbør, så dette hadde vi ikkje venta, fortel Førde.
– Vi trudde livet var over
Også lenger sør i landet, i Lindesnes kommune, rasa det stein i helga. Natt til søndag rasa tre steinblokker og knuste ei utleigehytte på Spangereid. Dei tyske turistane som budde i hytta vart skremde, men slapp frå det med skrekken.
HADDE FLAKS: Dei tyske turistane som budde i denne hytta fekk sjokk då dei bråvåkna av steinane som brasa inn i hytta på Spangereid i Lindesnes.
Foto: Politiet i Agder– Vi fekk panikk og trudde livet var over, seier Karsten Kucharczyk.
Festet smuldrar opp
Brøto kjenner ikkje raset i Lindesnes, men ho seier folk må vere budde på at det kan rase i sommarvarmen. Normalt tenkjer vi at det stort sett rasar når det er mykje nedbør eller frostsprenging. Det er rett at faren er størst då, men også langvarige tørkeperiodar, som vi har hatt no, kan utløyse store steinras. Enkelt fortalt skjer dette når vatnet tørkar ut og jord- og grusmassar smuldrar opp i fjellsprekkane og ikkje lenger klarer å halde fjellet på plass – dermed rasar steinane.
EKSPERT: Geolog Mari Åmellom Brøto i Statens vegvesen.
Foto: NRK– Dei fleste skreda kjem i periodar med nedbør, frost eller snøsmelting. Det er sjeldan det går ras på finvêrsdagar. Men vi har sett dei siste åra at dei største steinskreda har kome i periodar med langvarig tørke og varmt vêr, forklarar Brøto.
Uvisst om det skuldast klimaendringar
Sjølv om geologane dei siste åra har sett at dei største steinskreda har gått i tørre periodar, vil ho ikkje automatisk kople til det til klimaendringar.
– Det er sjeldan, og vi har lite data og statistikk. Det er òg gjort lite forsking på skred som går i tørt vêr. Men dette er noko vi må følgje med på for å sjå på om det kan ha samanheng med klimaet, seier Brøto.