Hopp til innhold

Gøymde seg i skogen før dei slo til mot vindselskap

SVELGEN/BREMANGER (NRK): Selskapet som fraktar vindturbinar til Hennøy vindpark i Bremanger fekk køyreforbod på staden.

Folka frå Statens vegvesen måtte gøyme seg i skogen for å avdekke ulovleg køyring

GØYMDE SEG: Først då kontrollørane frå Statens vegvesen gøymde seg på denne staden i skogen, starta trafikken igjen.

Foto: NRK

Førre måndag utførte Statens vegvesen ein kontroll ved Svelgen i Bremanger, etter tips om at det føregjekk ulovleg transport med utanlandske køyretøy i området.

– Vi ønskte å kontrollere om det føregjekk etter dei bestemmingane som gjeld i Noreg. Vi har funne ut at det gjer det nok ikkje, seier faggruppeleiar Thormod Gausdal i Statens vegvesen.

Sjåførane høyrer til det danske selskapet Frank Nørager. Eit underselskap til Silvasti, som har kontor i Finland, Danmark, Russland og Polen. Selskapet er mellom anna stort på vindturbin-transport.

ny

UTANLANDSK SELSKAP: Frank Nørager er eit dansk underselskap av Silvasti. Køyretøya var registrerte i utlandet og hadde ikkje naudsynt løyve, ifølge Statens vegvesen.

Sjåførane var utanlandske og køyretøyet er registrert i Danmark.

I utgangspunktet skal godstransport berre utførast i landet ein kjem frå. Dersom ein køyrer gods til eit anna land, har ein som regel ikkje lov til å ta lokale oppdrag som konkurrerer med sjåførar i det aktuelle landet.

Frakt av vindmøller frå skip

LAST PÅ SKIP: Vindturbinane til Hennøy vindpark blir frakta frå skip på Nesbø ved Svelgen. Der blir utstyret køyrd til Marafjellet.

Foto: NRK

– Utanlandske køyretøy har lov til å transportere tre tilfeldige lass i Noreg mellom ulike stadar i løpet av sju dagar, dersom dei har internasjonal last med seg inn til Noreg. Denne transporten har skjedd over lengre tid.

– Vi fann ut at køyretøya ikkje har vore ute av landet og at dei har operert i Noreg i snart ein månad, seier Gausdal, som stadfestar at saka blir meldt til politiet.

– Har tipsa om fleire saker

Norges Lastebileier-Forbund (NLF) stadfestar at dei stod bak tipset som førte til aksjonen. Dei har fått tilbakemelding på liknande forhold ulike stadar i landet og meldt fleire saker til politiet og Statens vegvesen.

Jan-Ove Halsøy

KRITISK: Regionsjef Jan-Ove Halsøy i Norges Lastebileier-Forbund fortel at dei har meldt inn fleire liknande saker til politiet og Statens vegvesen i ulike delar av landet.

Foto: Christian Lura / NRK

– Det er ikkje lov i samsvar med kabotasjeregelverket, seier Jan-Ove Halsøy, regionsjef i Norges Lastebileier-Forbund.

Han viser til at Silvasti og Frank Nørager fekk avslag frå Samferdsledepartementet i to saker i 2017. Det eine handla om frakt av 33 vindturbinar mellom Egersund hamn til Tellenes vindpark. Det andre gjaldt frakt av vindmølledelar frå Båtsfjord hamn til Hamnefjellet.

– Dette er ein nasjonal transport som skal skje med norskregistrerte bilar. Og som må ha eit norsk godsløyve.

Han får jamlege tilbakemeldingar frå norske sjåførar som fortvilar over tapte inntekter.

– Det er sjølvsagt tap av inntekt. Det er dyrt utstyr. Det er 7–9 norske selskap som både har utstyr og kompetansen som skal til for å drive den type transport, seier Halsøy.

Han er glad for at Statens vegvesen no har gått til aksjon og håper politiet følger opp saka.

Kontrollørane gøymde seg

I starten av aksjonen var kontrollørane godt synlege. Då oppdaga dei at ingen av køyretøya passerte. Først då dei gøymde seg i skogen gjekk trafikken som normalt.

Kontrollørar i Statens vegvesen gjer seg klar til kontroll

SYNLEG KONTROLL: Då kontrollørane viste seg, kom det ingen køyretøy. Først etter at dei gøymde seg i skogen, starta trafikken.

Foto: NRK

Kontrollen skjedde ved ein kommunal, offentleg veg.

– Det er ikkje farleg å møte oss dersom alt er i orden. Denne gongen var transporten i gong og det er påfallande at det då blir stopp når vi kjem.

– Kor alvorleg ser de på det?

– Det er klart det er alvorleg dersom dette er med på å uthule konkurransereglane. Det set andre i ei stilling der dei ikkje har moglegheit til å konkurrere, seier Gausdal.

Statens vegvesen i Svelgen

KØYREFORBOD: Kontrollørane gav sjåførane køyre- og bruksforbod på staden.

Foto: Bård Siem / NRK

Avviser skuldingar

Selskapet Silvasti, som eig det danske selskapet Frank Nørager, avviser at dei har gjort noko gale. Leiinga ønsker ikkje å stille opp til intervju, men skriv i ein e-post at dei alltid forsøker å utføre oppgåvene innanfor lovgivinga i landet dei arbeidar i.

Dei reagerer på framgangsmåten til Statens vegvesen, og kallar det eit «talerøyr for NLF».

– Vi vil understreke at vi nesten utelukkande arbeider med transport av vindkraft over heile Europa. Ingen andre stadar har vi sett styremaktene fungere som ein talsperson for ein interesseorganisasjon. Som utanforståande ser det ut som om det er eit veldig usunt forhold mellom NLF og Statens vegvesen, skriv administrerande direktør Mikael Schmidt i Silvasti.

I e-posten skriv Silvasti at «vi er aldri tiltalt eller sikta i nokon sak om kabotasje i Noreg». Dei skriv også at transporten skjer «på lukka område», der det ikkje er krav om transportløyve.

«Vi har ikkje problem med å bli kontrollert av Statens vegvesen - og dersom vi gjer feil, er vi også klare til å fikse det. Men Statens vegvesens vilje til å snakke med pressa om saklege feil som støttar NLFs sak, synest vi er slåande.»

NRK har vist svara frå Silvasti til Statens vegvesen. Thormod Gausdal presiserer igjen at kontrollen skjedde på offentleg veg og avviser at dei har vore talerøyr for NLF. Statens vegvesen skriv også at kabotasjereglane gjeld for all transport mellom stadar i Noreg, også på lukka område.

Eigarane reagerer

Største eigar i Hennøy vindpark er det italienske selskapet Falck Renewables, gjennom selskapet Falck Renewables vind. Dei svarar slik på opplysninga om at Statens vegvesen meiner det skjer ulovleg køyring i området.

– Det er viktig for oss at våre entreprenørar og underleverandørar, som Silvasti i dette tilfellet, alltid opererer i samsvar med gjeldande lovgiving, opplyser administrerande direktør Scott Gilbert i Falck Renewables Vind.

Selskapet skriv vidare i ein e-post at det er vindkraftleverandøren, Vestas, som har ansvaret for å sørge for alle sider ved turbintransporten.

– Vi har instruert dei til å undersøke denne saka med sine underleverandørar, skriv Gilbert.

Vestas svarer NRK slik i ein e-post: «Det er viktig at reglar blir følgde, så vi er i kontakt med styresmaktene for å få klarleik i omstenda.»

Også Sogn og Fjordane Energi er inne på eigarsida i Hennøy vindpark og skriv at eigarane er «fullstendig einige» om rammene for Falck Renewables Vind si verksemd.

Ola Lingaas

TETT OPPFØLGING: Sogn og Fjordane Energi er inne på eigarsida i Hennøy vindpark. Konserndirektør Ola Lingaas seier det er ein sjølvfølge at turbintransporten skal skje på lovleg måte. Han seier at saka skal følgast tett opp.

Foto: Andreas Eikeseth Nygjerd

Konserndirektør Ola Lingaas skriv at «ein sjølvsagt skal følge alle norske lover, forskrifter og konsesjonar» og at eigarane har tett oppfølging av verksemda.