Hopp til innhold

Vindkrafttilhengarar får dødstruslar

Tilhengarar av vindkraftutbygging får høyre at dei må betale med sine eigne liv og at husa deira vil bli raserte. Fleire saker er melde til politiet.

truslar i vindkraftsaka

FRONTAR VINDKRAFT: Nokre av truslane er melde til politiet.

Foto: montasje / NRK

Medan han sat på golvet og leika med den to år gamle sonen sin, tikka følgjande melding inn på Andreas Thon Aasheim sin Facebookkonto:

-:Synd at patetiske drittsekker som deg får spalteplass i en så viktig sak, men som alltid med folk som kødder med naturen, så treffer karma plutselig hardt og brutalt.

– Eg vart sjokkert og redd, fortel Thon Aasheim.

Han er spesialrådgjevar i Norsk vindkraftforeining, Norwea, og er ein av dei som jamleg frontar vindkraftutbygging.

På Frøya i Trøndelag har det vore ei hatefull stemning mellom tilhengarar og motstandarar av vindmøller.

Mellom anna er ein mann dømt til 75 dagar i fengsel for å ha sett livet til ein tilsett i TrønderEnergi i fare. Vidare vart ei gravemaskin på vindkraftområdet påtent.

– Vi får truleg ikkje det verste av dette. Det er endå tøffare for folk som stikk fram hovudet på lokalplanet og seier dei er for lokale vindkraftprosjekt, seier Aasheim.

Andreas Thon Aasheim Hamnefjell Vindkraftverk

GROV HETS: Vindkrafttilhengar Andreas Thon Aasheim har fått melding om at han er ein patetisk dritsekk der karma brått vil ramme hardt og brutalt.

Foto: Privat

Norewa har vald å melde tre personar til politiet for trugslar og sjikane. Ein mann i 30-åra frå Viken har fått eit førelegg på 7000 kroner.

– Politiet ser generelt alvorleg på alle former for truslar, uansett om dei er sett fram skriftleg eller munnleg. Det er ein oppførsel som ikkje er akseptabel og difor blir det straffa, seier politiadvokat John Ivar Johansen ved Sør-Øst politidistrikt.

Den andre saka er lagt vekk og ei sak er framleis under etterforsking.

Aasheim kjenner til folk som har etablert ekstra overvakingsutstyr og lys utanfor husa sine fordi dei opplever at folk luskar i buskene.

– Dette er folk som har uttrykt seg positivt til vindkraft, seier han.

-:Hvor i helvete har dere tenk å gjemme dere. For folket skal ha blodhevn. Mange av dere som fronter vindmølle utbygging vil må betale med deres egne liv.

– Folk tør ikkje ytre seg

Johnny Hansen, prosjektleiar i vindkraftselskapet Sephyr, har reist rundt på folkemøte om vindkraft sidan 2009.

– Det er ei vesentleg endring som har skjedd i løpet av desse åra. Debatten har vorte mykje meir tilspissa, ikkje minst via sosiale medium, seier han.

Johnny Hansen

TØFT DEBATTKLIMA: Johnny Hansen, prosjektleiar i vindkraftselskapet Sephyr, har fått vite at han «fortener å rotne på ei glattcelle».

Foto: Privat / Zephyr

Hansen har eit inntrykk av at mange ikkje lenger tør å seie at dei er positive til vindkraft.

– Folk heldt stilt fordi dei ikkje ønskjer å bli utsette for hets og negative ytringar. Vi får også høyre om lokalsamfunn der folk sluttar å helse på dei som har ytra seg positivt om vindkraft. Utviklinga er svært uheldig, seier han.

Hansen meiner det tek for lang tid å avgjere om dei ulike vindkraftprosjekta skal byggast ut eller ikkje.

– Mange kunne tenkt seg at dei enkelte prosjekta blir avklarte så snart som mogleg. Dermed kunne konfliktnivået dempa seg, seier han.

Får vite at han fortener å «rotne på glattcelle»

Hansen er prosjektleiar for eit stort vindkraftprosjekt på Dalsbotnfjellet i Gulen i Vestland fylke. NVE sa ja til å gje konsesjon i 2013, men framleis har ikkje departementet kome med ei endeleg avklaring.

– Vi håper verkeleg på ei avgjerd så snart som råd, seier han.

I samband med den planlagde utbygginga på Dalsbotnfjellet fekk Hansen følgjande e-post:

«Skal garantere at det blir bråk og ubehageleg for dykk når det blir oppstart».

I samband med eit vindkraftprosjekt på Sunnmøre fekk Hansen høyre at han er ein «del av ein gjeng pengegriske idiotar som fortener å rotne på glattcelle».

– Burde vore bunden fast til vindturbin

Også Marius Holm, dagleg leiar i miljøstiftinga Zero og ein varm tilhengar av vindkraft, har vorte utsett for trugslar og sjikane.

Holm har fått meldingar om at han burde vore bunden fast i ein vindturbin til han døydde. Ei anna melding gjekk ut på at han burde vore sett ut som ørnemat. Han har også fått ei melding om korleis han burde avslutte livet.

Marius Nyheim Kristoffersen

BLIR SJIKANERT: Marius Holm i Zero har fått vite at han burde vore lagt til mat til ørna.

Foto: Marius Nyheim Kristoffersen / ZERO

– Klart det er svært belastande å få slike meldingar, seier han.

– Tek offerrolla

Vindkraftmotstandar Hans Anton Grønskag frå Frøya tek sterk avstand frå truslar og sjikane. Samstundes skuldar han tilhengarane av vindkraft for å ta ei offerrolla ut frå taktiske omsyn.

Han fortel at dei som kjempar mot vindturbinar blir utsette for same type truslar og sjikane som Holm, Hansen og Thon Aasheim.

– Eg har fått drapstruslar og vorte karakterisert på stygge måtar, men eg synest ikkje det er noko å henge seg opp i.

Grønskag har ikkje teke vare på meldingane.

– Dei som kjem med denne type meldingar er ikkje friske, seier han.

Grønskag meiner tilhengarane av vindkraft verkar å vere desperate.

– Tilhengarane av vindkraft er tydelegvis desperate når dei tek offerrolla, seier han.

– Men kan vi godta trugslar og sjikane som del av ein politisk kamp?

– Eg tar sterk avstand frå det, men det er ikkje ei stor sak. Det som er ei stor sak er at vindkraftutbygginga på Frøya og mange andre stader raserer naturen og bryt Naturmangfaldslova, seier Grønskag.

Hans Anton Grønskag

KJEMPAR MOT VINDKRAFT: – Tilhengarane av vindkraft er tydelegvis desperate når dei tek offerrolla, seier Hans Anton Grønskag. Han leiar motstanden mot vindkraft på Frøya.

Foto: NRK

I tillegg til å leie motstanden mot vindkraft på Frøya, sit Grønskag i styret i «Motvind Noreg», ein nasjonal organisasjon som kjempar mot vindkraft på norsk jord.

Utbyggarane på Frøya avviser at dei bryt Naturmangfaldslova.

Andreas Thon Aasheim avviser på det sterkaste skuldingane frå Grønskag om at han og dei andre vindkrafttilhengarane som har fått truslar går inn i ei offerrolle for å få sympati.

– Det er utruleg at han kan seie noko slikt. Det får stå for Grønskag si eiga rekning, seier han.