Hopp til innhold

Krav om utsleppsfrie båtar kan gjere tunneloppgradering dyrare

Nullutsleppskrav i verdsarvfjordane kan gjere oppgraderinga av Noregs lengste tunnel dyrare og vanskelegare.

Undredal

VERDSARV: Aurlandsfjorden er på Unescos verdsarvliste. Noreg har då eit spesielt ansvar for å ta vare på fjorden.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Nye miljøkrav gjer at forureinande båtar skal bort frå verdsarvfjordane.

Miljøkrava trer i kraft samstundes som Statens vegvesen vil stenge Lærdalstunnelen for å gjere omfattande oppgraderingar.

Vegvesenet planlegg då å sette opp ei båtrute for å frakte passasjerar mellom kommunane på kvar side av tunnelen.

Men sidan båten må køyre gjennom ein verdsarvfjord, kan dei nye miljøkrava komme i vegen.

– Viss kravet set avgrensingar for kva for fartøy vi kan bruke og kor mange vi kan transportere, vil dette vere eit skikkeleg skot for baugen, seier prosjektleiar Stig Berg-Thomassen for tunneloppgradering i Vest i Vegvesenet.

Lærdalstunnelen på E 16 er ei av hovudfartsårene mellom Oslo og Bergen. I snitt passerer om lag 2000 køyretøy gjennom tunnelen kvart døgn. Omkøyringsmoglegheitene er få.

Les også Hanne (29) sluttar truleg i jobben om Lærdalstunnelen blir stengd

Hanne Torgersen

Fleire båtar og høgare prisar

Frå 2026 går det mot at alle turistskip og ferjer i verdsarvfjordane skal vere tilnærma utsleppsfrie, eller nullutsleppsskip.

Akkurat korleis dei nye miljøkrava slår ut er enno ikkje klart.

I Sjøfartsdirektoratet sitt fortslag til Klima- og miljødepartementet blir kravet avgrensa til passasjerfartøy med meir enn tolv passasjerar. Dette inkluderer hurtiggåande passasjerskipsfartøy.

– Det kan bety at vi må ha mange båtar, og det vil ikkje vere hensiktsmessig, seier Berg-Thomassen i Vegvesenet.

Båtturen mellom Aurland og Lærdal er på om lag fem mil.

Det er avgrensa mogelegheiter for til dømes elektriske båtar på så lange strekningar.

Lærdalstunnelen

Den 24,5 kilometer lange tunnelen kan bli stengt heilt eller delvis i minst eitt år.

Foto: Merete Husmo Høidal / NRK

Skyss har grovestimert at prislappen for ein båt med opp til 48 passasjerar med seks avgangar frå Lærdal og seks frå Aurland vil vere mellom 23–27 millionar kroner i året.

– Viss vi må køyre mange hurtigbåtar for å lykkast, kan det hende at kostnadane blir høgare.

Vegvesenet har endå ikkje rekna på kor mykje meir det vil koste dersom båtane blir omfatta av nullutsleppskravet. Berg-Thomassen seier at dei uansett ikkje kjem til å skrote forslaget om båt.

Stig Berg Thomassen

Prosjektleiar Stig Berg-Thomassen i Vegvesenet.

Foto: Håkon Eliassen / NRK

Vegvesenet vil søke om dispensasjon dersom nullutsleppskravet omfattar ein passasjerbåt mellom Aurland og Lærdal.

– Eg håper myndigheitene ser betydninga av å få gjennomført viktige nasjonale oppgåver slik at ein tilretteleggar for nokre opningar og løysingar.

Les også Turistnæringa kan tapa milliardar på stengd Lærdalstunnel

Lærdalstunnelen E16

– Må ta sin del av jobben

Leiar Truls Gulowsen i Naturvernforbundet meiner at Vegvesenet sine båtar bør følge miljøkrava.

– Det er jo noko av poenget: At vi ikkje skal få unødvendig utslepp i verdsarvfjordane. Då tenker eg at Vegvesenet må ta sin del av jobben.

Gulowsen viser til at nullutsleppskravet har vore varsla lenge. Han er overraska over at Statens vegvesen ikkje har førebudd seg på nullutsleppskravet tidlegare.

– Viss dei no synest dei får det travelt, betyr det at dei må jobbe raskare for å få til ein nullutsleppsløysing for den alternative transporten.

Klima- og miljødepartementet har ikkje svart på om hurtigbåtar vil få dispensasjon frå miljøkrava.

Klima- og miljødepartementet har mottatt ein anbefaling frå Sjøfartsdirektoratet om korleis stortingsvedtak knytt til Verdsarvfjordane kan bli følgt opp. Regjeringa jobbar no med den vidare oppfølginga av anbefalinga, skriv statssekretær Aleksander Øren Heen (Sp) i ein e-post.

Cruiseskip i Aurlandsfjorden

Slike cruiseskip kan bli eit sjeldan syn etter 2026.

Foto: Jan Christian Jerving

Utdatert tunnel

Det er EU-krav til sikring av tunnelar på Europavegar som gjer at Statens vegvesen må gjera oppgraderingar.

Ventilasjonsanlegget skal oppgraderast, det skal sprengast ut naudlommer, det skal gjerast arbeid med det elektriske og mykje anna.

Avdelingsdirektør i Statens vegvesen vest, Svenn Egil Finden, har samanlikna Lærdalstunnelen med «ein gammal Nokia frå tidleg 2000-talet».

– Han fungerer tilsynelatande heilt fint, men han er utdatert.

Les også Miljøkrav vil ha lite å seie for klimaet

Geiranger