Hopp til innhold

Hanne (29) sluttar truleg i jobben om Lærdalstunnelen blir stengd

Vegvesenet vil stenga Lærdalstunnelen, ein av hovudvegane mellom Aust- og Vestlandet, i eitt år. Lokale og næringsliv anar ikkje korleis dei skal løysa problema det vil føra til.

Hanne Torgersen

PENDLARVEGEN: Hanne Torgersen køyrer Lærdalstunnelen kvar gong ho skal på jobb. – Det er veldig fint om vinteren. Turt og enkelt, seier ho.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Det blir anten å slutta eller å søka om permisjon så lenge tunnelen er stengd, seier Hanne Torgersen (29).

Frå huset sitt i Aurland har ho ein halvtimes køyretur til nabokommunen Lærdal og jobben sin på legevaktsentralen på Lærdal sjukehus.

Men frå 2024 kan det hende Lærdalstunnelen på E16, som også er ein av tungtransporten sine mest brukte hovudvegar mellom Oslo og Bergen, blir stengd.

Det skal gjerast oppgraderingar i tunnelen. Statens vegvesen sitt mest aktuelle alternativ er å stenga tunnelen eit heilt år medan det heftigaste arbeidet blir gjort.

– Det tek lokalsamfunnet tilbake over 20 år. Det påverkar helsetilbodet, næringslivet og transport. Det blir vanskeleg, seier Torgersen.

Den 24,5 kilometer lange Lærdalstunnelen på E16 går mellom kommunane Lærdal og Aurland i Vestland fylke.

Då tunnelen stod ferdig i år 2000, vart det plutseleg veldig kort mellom dei to kommunane. No kunne folk bu i den eine og jobba i den andre.

Om lag 2000 køyretøy køyrer gjennom tunnelen kvart døgn i gjennomsnitt i løpet av eit år. Juli er høgsesong, då køyrer nesten 3900 køyretøy gjennom tunnelen kvart døgn. Aurland er ein stor reiselivskommune, og blant anna Nærøyfjorden ligg i kommunen.

Det er ingen gode, lokale omkøyringsmoglegheiter mellom Lærdal og Aurland.

Turen frå Aurland sentrum til Lærdal sentrum gjennom Lærdalstunnelen (rute 1) er 33 kilometer og tek om lag ein halvtime å køyra.

Aurlandsfjellet (rute 2). Ein smal og svingete veg som er vinterstengd sju månader i året, der turistkaoset ofte rår om sommmaren. Turen tek 40 minutt lenger enn tunnelen.

Fylkesveg 50 om Gol i Viken fylke (rute 3). Køyretida er over tre timar lenger enn Lærdalstunnelen.

Riksveg 13 over Vikafjellet (rute 4). Turen tek om lag 3,5 timar lenger enn tunnelen.

Visualisering: Anders Nøkling

EU-krav er årsaka

Onsdag og torsdag er det folkemøte i Aurland og Lærdal om arbeidet som skal gjerast og korleis Vegvesenet ser for seg å stenga tunnelen.

Det er EU-krav til sikring av tunnelar på Europavegar som gjer at Statens vegvesen må gjera oppgraderingar. Ventilasjonsanlegget skal oppgraderast, det skal sprengast ut naudlommer, det skal gjerast arbeid med det elektriske og mykje anna.

Fristen til å vera ferdig var eigentleg i 2019.

Først var planen å nattestenga tunnelen i fire år. Men nye undersøkingar viste at det ville blitt utfordrande. Fjellet er for ustabilt til at dei kan lova å klara å opna tunnelen til faste tider kvar dag når dei driv med sprengingsarbeid.

I tillegg ville veldig mykje tid gått vekk til å køyra maskinene inn og ut av tunnelen kvar kveld og morgon.

Dermed er det å stenga tunnelen heilt i eitt år som er det mest aktuelle alternativet no.

– Nattestenging skapar stor usikkerheit. Me vil aldri vita om me kan opna tunnelen klokka 6 om morgonen, klokka 8, klokka 12 eller kanskje ikkje i det heile tatt, seier Stig Berg-Thomassen i Statens vegvesen.

Eit alternativ dei også vurderer er å dela perioden tunnelen er heilt stengd i to, slik at den kan vera open gjennom dei hardaste vintermånadane.

E16 over Filefjell blir rekna for å vera ein av dei sikraste fjellovergangane mellom aust og vest, og då vil ein kunne ha ein trygg vinterveg mellom dei to landsdelane.

– Då må kanskje den samla tida tunnelen er stengd aukast frå 12 til 14 månader. Men det er kanskje betre i det store bildet likevel, om ein då får ein tryggare vinterveg, seier Berg-Thomassen.

Stig Berg Thomassen

PROSJEKTLEIAR: Stig Berg-Thomassen er prosjektleiar for tunneloppgraderingar i Statens vegvesen på Sør- og Vestlandet

Foto: Håkon Eliassen / NRK

Politiet blir splitta

På dei 22 åra tunnelen har vore open, har dei to kommunane smelta saman til éin bu- og arbeidsmarknad. Uansett kva løysing Vegvesenet landar på, blir det utfordrande lokalt.

– Alt me har bygd opp på tvers av kommunegrensene må leggast på is og byggast opp lokalt, seier Trygve Skjerdal, som er ordførar i Aurland.

Politiet i Aurland, Lærdal og Årdal har hovudsete i Lærdal. Der er det ni operative stillingar, alle med oppmøte på politistasjonen i Lærdal. Tre av dei tilsette bur i Aurland.

– Uavhengig av kva løysing dei landar på, vil det skapa store utfordringar for oss. Både korleis me skal organisera oss, og korleis me skal kunne gi gode og forsvarlege tenester til innbyggjarane, seier Marit Breistøl, tenestadsleiar i politiet i Aurland, Lærdal og Årdal.

– Veit de korleis de skal løysa det?

– Nei.

Marit Breistøl

FÅR EI UTFORDRING: Marit Breistøl, tenestestadsleiar for politiet i Aurland, Lærdal og Årdal.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

No blir det undersøkt korleis samfunnet skal få kabalen til å gå opp. Pendlarbåt mellom Aurland og Lærdal er eitt av alternativa som blir nemnd for dei som mistar pendlarvegen sin.

Mindre tiltak for å gjera vegen over Aurlandsfjellet betre blir også vurdert, men den vil framleis bli vinterstengd.

– Kven som skal betala kan eg ikkje seia meir om no. Ein kan ikkje senda heile rekninga til tiltakshavar, når dette er snakk om eit bidrag til heile samfunnet. Men me skal forsøka å strekka oss og vera løysingsorienterte, seier Berg-Thomassen i Vegvesenet.

Vil ha to løp

Mange har teke til orde for at den beste løysinga er å byggja eit nytt tunnelløp. Dei argumenterer med at då vil arbeidet der ikkje hindra trafikken i dagens tunnel. Når den nye tunnelen er ferdig, vil ein kunne leia trafikken der medan den gamle blir oppgradert.

Arne Slinde Ahlin, dagleg leiar i Slinde Transport, ser på dette som den einaste gode løysinga.

Og han argumenterer i tillegg for at då er ein rusta for framtida og eventuelt nye krav til tunnelar.

– Det er det einaste fornuftige. Slik tryggleikskrava til tunnelar har utvikla seg, er det berre eit spørsmål om tid før det uansett blir krav til to løp i så lange tunnelar.

– No er me veldig sentrale, men med tunnelstenginga blir me veldig usentrale. For oss som køyrer mellom Oslo og Bergen er dette nesten eit yrkesforbod, seier han.

Arne Slinde Ahlin, dagleg leiar i Slinde Transport

BLIR EIN UTKANT: Arne Slinde Ahlin i Slinde transport fryktar dei får hovudkvarteret sitt i ein utkant når tunnelen blir stengd.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Men Vegvesenet kallar det forslaget uaktuelt.

Alternativet med løp nummer to er politikk og ikkje ein del av vårt oppdrag med tunneloppgradering. Det vil kosta veldig mykje meir og ta veldig mykje lenger tid. Tid me ikkje har, for desse EU-krava hadde eigentleg ein frist til 2019 på å bli innfridde, seier Berg-Thomassen i Statens vegvesen.

Oppgraderingsarbeidet vil kosta om lag 2 milliardar kroner. Å byggja eit nytt løp vil kanskje kosta så mykje som 11 milliardar kroner.

Det er usikkert akkurat når Vegvesenet bestemmer seg for korleis dei vil stenga tunnelen, men dei satsar på at arbeidet er i gang i 2024.

Onsdag svara samferdsleminister Jon-Ivar Nygård (Ap) i spørjetimen på Stortinget om det er vurdert eit nytt tunnelløp, og om dei har sett på samfunnsøkonomien i det.

NRK interjvua han om det same like etterpå.

– Staten må stilla opp for å hjepla med dei avbøtande tiltaka. Men me veit endå ikkje akkurat kva dei tiltaka skal vera, så det er litt tidleg å konkludera med korleis det skal handterast no, seier Nygård.

Han har forståing for at vegprosjektet byr på problem for veldig mange i byggeperioden.

– Det vil alltid vera slik med større vegprosjekt at det er ulemper for samfunnet. Men det som er litt spesielt her er at det er lite omkøyringsmoglegheiter, og rett og slett større ulemper enn i mange andre prosjekt, seier han.