– Dersom tunnelen stenger, blir reiselivet ved Sognefjorden sett mange tiår tilbake i tid, seier Heidi Hauge, direktør i Visit Sognefjord.
Ho har gjort ei uformell spørjeundersøking blant mange av selskapa som fraktar turistar i områda langs Sognefjorden om kva det vil bety at Lærdalstunnelen blir heilt stengd i eit år.
Resultatet ser ho på som nedslåande. Både i den tida tunnelarbeidet skjer, men også i åra etterpå.
– Dei langsiktige konsekvensane vil bli kjempestore, fordi turoperatørane vil finna andre ruter og alternativ som dei vil bruka også i framtida når tunnelarbeidet er ferdig, seier Hauge.
Effekten av ei endring av rutene for mange, mange år framover er, ifølgje Hauge, tap i milliardklassen.
FLÅM: Flåm får besøk av langt over ein million turistar kvart år. Arbeidet med Lærdalstunnelen vil merkast, uansett.
Foto: Merete Husmo Høidal / NRKHeilt stengd eller nattestengd?
Lærdalstunnelen ligg på E16 i Sogn. Tunnelen knyter kommunane Aurland og Lærdal tett saman, og er kjempeviktig for både regionen og for vegen mellom Austlandet og Vestlandet.
Aurland er ein av dei verkeleg store reiselivskommunane i landet. Turistmagneten Flåm ligg her, og Nærøyfjorden er på Unesco si verdsarvliste.
I Lærdal ligg blant anna den mykje besøkte Borgund stavkyrkje.
Borgund stavkyrkje og Nærøyfjorden er to av tinga som dreg mange turistar til Sogn.
Foto: FORTIDSMINNEFORENINGEN og TOMASZ FURMANEKMen den 22 år gamle tunnelen må gjennom omfattande oppgraderingar for å innfri EU-krav til tunneltryggleik. Statens vegvesen vurderer fleire ulike måtar å gjennomføra stenginga på.
Det mest aktuelle alternativet er å stenga tunnelen heilt i eitt år. Eit anna alternativ er å nattestenga tunnelen i mange år.
Titusenvis av besøkande vil forsvinna
Spørjeundersøkinga vart sendt ut til 2000 utanlandske turoperatørar. 50 av dei største selskapa Visit Sognefjord har kontakt med, svarte på undersøkinga.
Desse 50 selskapa bussar årleg om lag 50.000 gjester gjennom Lærdalstunnelen.
- 50.000 gjester vil forsvinna frå Aurland og Lærdal. Det betyr nesten 75 millionar kroner i tapte inntekter. Talet er basert på at kvar gjest har éi overnatting, aktivitetar og servering. Med to overnattingar blir tapet nesten dobla.
- Fire av fem turoperatørar vil flytta gjestene til andre område utanfor regionen, fordi heile tur-rutene må leggast om.
- Ein av fem turoperatørar vil droppa å i det heile tatt reisa til Vestland, dersom utgangspunktet er at reisa startar i Oslo.
– Og det er eit veldig, veldig forsiktig anslag, rekna ut frå berre dei 50 selskapa, og at gjestene berre har éi overnatting. I realiteten kan me nok gonga tapte inntekter med fire. Minst, seier Hauge.
Då nærmar talet seg fort 400 millionar kroner for eitt år med heilt stengd tunnel.
Heidi Hauge er direktør i Visit Sognefjord.
Foto: Visit SognefjordGir ikkje opp ein ekstra tunnel
Mange meiner at å bygga eit nytt tunnelløp er det einaste rette. Dei meiner det er det mest framtidsretta å gjera for tryggleiken. Og då vil ikkje dagens tunnel måtte stengast medan arbeidet held på.
Vegvesenet kallar det forslaget uaktuelt.
– Alternativet med eit ekstra løp er politikk og ikkje ein del av oppdraget vårt med tunneloppgradering. Det vil kosta veldig mykje meir og ta veldig mykje lenger tid. Tid me ikkje har, for desse EU-krava hadde eigentleg ein frist til 2019 på å bli innfridde, sa Stig Berg-Thomassen i Statens vegvesen til NRK i oktober.
Stengd Lærdalstunnel kjem til å bli eit vanleg syn. Spørsmålet er om den blir nattestengd eller heilstengd. Arkivbilde etter ei ulukke i 2017.
Foto: JAN CHRISTIAN JERVING / NRKSjølv om debatten om to løp er lagt daud av Vegvesenet, nektar Hauge å gi opp. Ho krev at politikarar og styresmakter løftar det opp att som ei aktuell løysing.
– For samfunnet som heilskap på lang sikt trur eg det vil vera like dyrt å stenga tunnelen som å bygga to løp. Tenk på alle dei andre næringane, bedriftene og lokalbefolkninga som også blir råka, seier ho.
Vegvesenet skal ha planen klar til våren
Arbeidet med å gjera greie for fordelar og ulemper ved dei ulike alternativa har frist 1. mars 2023. Kva som blir svaret, blir bestemt etter at den rapporten er levert.
Kva konsekvensar det har for blant anna lokalt næringsliv er ikkje med i ei vanleg samfunnsøkonomisk analyse.
Men fordi stenginga av tunnelen, uansett kva løysing det endar med, får så store konsekvensar lokalt og regionalt, kjem Vegvesenet likevel til å ta det med i ein tilleggsanalyse
– Målet vårt er å ha breiast mogleg grunnlag for å ta ei avgjerd. Det kan vera ting som ikkje er med i hovudanalysen som er relevant for avgjerda, seier Olav Svangstu i Statens vegvesen. Han har ansvar for utgreiingsarbeidet av Lærdalstunnelen.
– Reiselivet er ein viktig del i området. Me kjem til å snakka med næringa om kva dette betyr for dei, held han fram.
Cruisetrafikken fører årleg tusenvis av turistar til Flåm.
Foto: Merete Husmo Høidal / NRKUtfordringar på både sjø og land
Det er ikkje berre utfordringa inne i fjellet reiselivet i området har det tøft med om dagen.
Nye miljøkrav til cruiseskip gjer at også den framtida er usikker.
Det, tunnelen og ein pandemi som var knalltøff for bransjen, gjer at bransjen no er litt lei dei stadige utfordringane.
– Det er grenser for kor mykje eit område kan tola før det får uante konsekvensar for oss, seier Arve Tokvam, styreleiar i Aurland næringsråd.
Han ønskjer seg ei nattestenging av tunnelen, sjølv om det kan bli veldig uføreseieleg.
– Alle løysingar har fordeler og ulemper, men heilstenging får dei største negative konsekvensane for oss, seier Tokvam.