Hopp til innhold

Norske moskéar mobiliserer for å hjelpe jordskjelvoffer: – Gud set oss på prøve

Midt i jordskjelvkatastrofen er det små gløtt av håp. Landet rundt fungerer norske moskear som mellombelse hjelpesentralar.

Auad Mawloud

TEST FRÅ GUD: – Gud set oss på prøve, seier Auad Mawloud, som er talsperson for Sunnfjord-moskeen.

Foto: Håvard Nyhus

Klede, flytteesker og svarte søppelsekker ligg strødd utover golvet i Førde Islamske Senter.

Vi satsar på at det er rydda opp til fredagsbønna, smiler Auad Mawloud, som er talsperson for Sunnfjord-moskeen.

Dei siste dagane har han og resten av meinigheita jobba 12 timars skift for å sortere og pakke klede og anna nødvendig som skal ned til jordskjelvoffera.

I det vesle lokalet midt i Førde sentrum går trua, bønna og arbeidet opp i ei høgare eining.

Gud set oss på prøve, seier Auad.

No er det opp til oss å svare på hans kall.

I dag viser dei offisielle tala at 36.000 er døde etter jordskjelvet.

Laurdag sa FNs nødhjelpssjef Martin Griffith at han ventar at talet vil doble seg.

Fire år gammal jente redda frå ruinane

Men midt i katastrofen er det også små gløtt av håp.

Tysdag melder tyrkiske nyheitsmedium at ein 17 år gammal gut ved namn Muhammet og ein uidentifisert mann skal vere redda ut av ei samanrasa bustadblokk.

Dei har begge lege under bygningsmassane i 198 timar.

Måndag vart tre born og éin vaksen redda ut av steinmassane.

Nye anslag frå Syria Røde Halvmåne viser at over 300.000 har mista heimane sine og bur i mellombelse løysingar eller på open gate i minusgrader.

I ein spontan aksjon er derfor fleire norske moskear «ominnreidd» til redningssentralar, der folk henter, sorterer og lempar kasser opp i trailerar.

På vestlandet er moskeen i Bergen «hub» for dei mindre moskeane i Førde og på andre stader.

Turkish Airlines har tilbydd seg å flyge lassa gratis ned til Tyrkia.

– Vi har halde på sidan i går, i 24 timar utan stopp, seier Emre Karapinar, som er leiar i den tyrkiske moskeen til Avisa Oslo.

Måndag varsla Reuters at redningsmannskap har fått ut ei fire år gammal jente frå ruinane av eit samanrasa hus i Adiyman-provinsen i Tyrkia.

Forsvaret vil hjelpe til med transport av nødhjelp

Regjeringa melde førre veke at Noreg gir 150 millionar kroner i støtte til Tyrkia og Syria etter jordskjelva. Pengane går i hovudsak gjennom humanitære organisasjonar.

I tillegg gir Noreg i år 500 millionar kroner til FNs nødhjelpsfond (CERF) og nødhjelpsfondet til Røde Kors-føderasjonen (DREF).

Laurdag sende Forsvaret eit Hercules transportfly til Tyrkia for å hjelpe til med medisinsk evakuering av skadde personar og transport av nødhjelp.

Støre signer kondolanseprotokoll

– Det er ein kamp mot klokka og situasjonen er tidskritisk i vinterkulda, seier statsminister Jonas Gahr Støre (Ap).

Foto: Rodrigo Freitas / NTB

USA lettar på sanksjonane

Dei vestlege sanksjonane mot Syria forseinka nødhjelpa til dei syriske jordskjelvoffera med fleire dagar, men torsdag annonserte USA at dei lettar på sanksjonane i 180 dagar.

Og denne veka vart syriske styresmakter samde med FN om å opne to nye grenseoverganger på den tyrkiske grensa for hjelpearbeidarar i tre månader.

– Det er svært presserande å bringe inn mat, medisinsk utstyr og andre forsyningar, og dessutan sørgje for husly til millionar av menneske som er ramma, heiter det i ei fråsegn frå FNs generalsekretær António Guterres.

Kirkens Nødhjelp jobbar i tre av byane som er blant dei hardast ramma: Aleppo, Latakia og Hama.

Fredag varsla dei at dei trappar opp katastroferesponsen.

– Vi har så langt berre sett konturane av storleiken og omfanget av jordskjelvkatastrofen, seier Kirkens Nødhjelps landsdirektør i Syria, Benedicte Næss Hafskjold.