Kontraktar til ein verdi av 9 milliardar kroner på det tyske hurtigladenettverket – Deutschlandnetz – vart annonserte av den tyske samferdselsministeren i München onsdag ettermiddag.
Det norske selskapet Eviny, som har hovudkontor i Bergen, vann i underkant av ein sjudel av kontraktane (3 av 23 «pakkar»).
I sum betyr det at selskapet får meir enn ein milliard kroner i støtte frå tyske styresmakter.
– Dette er ei anerkjenning av jobben vi har gjort med å byggje ladestasjonar i Noreg og Norden, seier konsernsjef i selskapet, Ragnhild Janbu Fresvik.
Tidlegare i september varsla Forbundskanslar Olaf Scholz at Tyskland skal bli det første landet i Europa der «nesten alle» bensinstasjonar i landet skal tilby minst 150 kW ladeeffekt.
Målet er at Tyskland skal ha 1 million ladepunkt og 15 millionar elbilar på vegane innan 2030.
Det er meir enn ti gonger så mange ladepunkt (85.000) og elbilar som i dag (1,2 millionar).
Tysklands forbundskanslar Olaf Scholz vil ha fleire ladepunkt i landet. Til det får han hjelp frå Noreg.
Foto: Reuters– Noreg har gjort noko rett
Eviny skal i første omgang byggje 1232 ladepunkt, og dei første skal vere i drift tidleg på nyåret.
– Dette vil gjere oss til ein viktig ladeaktør i Tyskland, seier Pål Tveitevåg.
Han er dagleg leiar for Eviny Elektrifisering, selskapet som har ansvar for hurtigladesatsinga.
Han legg til at dei alt er i gang med å prosjektere fleire ladestasjonar enn dei som er med i anbodet:
– Historisk har Noreg ofte vore tidleg ute, utan at vi har greidd å ta det ut av landet. Med hurtiglading ser det ut som vi har gjort noko rett.
Anbodet la vekt på pris, kvaliteten på driftssystem, og kor mange ladestasjonar selskapa allereie hadde sikra.
Historisk sett har det vore eit fortrinn for norske selskap at dei også kan tilby opphavsgarantiar frå eigen vasskraftproduksjon – «grøne lisensar» som er ettertrakta i Europa.
Transportsektoren står for om lag 25 prosent av klimagassutsleppa i EU, og vegtransporten står for størstedelen av desse.
Foto: APMaks 60 kilometer
Frå og med 1. januar 2025 krev ny EU-regulering at det maks kan vere 60 kilometer mellom kvar hurtigladestasjon langs EUs viktigaste transportkorridorar (kart under).
EØS-medlemskapen gjer at lovgivinga også gjeld for Noreg.
Ladeselskapet Mer sorterer under Statkraft, som er den største produsenten av fornybar energi i Europa.
Selskapet har i dag 35.000 ladepunkt over store delar av Europa, og fleire kan det bli.
Etter det NRK har grunn til å tru er Mer blant vinnarane som i dag vert annonsert.
– Det er positivt at norske ladeselskap skal vere med på utbygginga av ladeinfrastruktur i Europa, seier Nils Sødal i NAF.
Han legg til:
– Vårt håp er at dette bidreg til at selskapa opnar opp systema sine slik at vi kan få på plass det som blir kalla roaming, altså at du som bilist kan bruke ein app for å betale for ladinga. I Europa er roaming vanleg, medan det i Noreg ikkje er det.
I fjor viste undersøking frå forsikringsselskapet If at 1 av tre nordmenn kvir seg frå å dra på elbilferie til kontinentet på grunn av rekkjeviddeangst.
Foto: NTBIkkje nye bensin- eller dieselbilar i EU etter 2035
Transportsektoren står for om lag 25 prosent av klimagassutsleppa i EU, og vegtransporten står for størstedelen av desse.
Den såkalla «fit for 55»-pakken skal sikre at EU når målet om 55 prosent utsleppskutt innan 2030.
Blant tiltaka er at det ikkje skal seljast nye bensin- eller dieselbilar i EU etter 2035.
– Dette er ei anerkjenning av jobben vi har gjort med å byggje ladestasjonar i Noreg og Norden, seier Eviny-sjef Ragnhild Janbu Fresvik.
Foto: Oddgeir Øystese / NRK