Byggjer verdas første elektriske hurtigbåt i sitt slag: – Store moglegheiter for norsk industri

I år vil seksti el-ferjer gå i rute langs norskekysten. No står dieselverstingen hurtigbåten for tur. – Ei stor moglegheit for norsk industri, meiner samferdsleministeren.

Elektrisk hurtigbåt

FART OG (ELEKTRISK) SPENNING: Slik skal båten sjå ut når den skal frakte folk rundt i Rogaland i 2022.

Illustrasjon: Fjellstrand

I dag trafikkerer rundt 250 hurtigbåtar norske fjordar, sund og skjergardar.

Det medfører store klimagassutslepp, som står til hinder for å nå Noregs ambisiøse klimamål.

– Me har om lag 450 bussar, og 10 hurtigbåtar. Hurtigbåtane forureinar like mykje som alle bussane til saman, seier prosjektleiar i mobilitetsselskapet Kolumbus, Mikal Dahle.

Mikal Dahle

PROSJEKTLEIAR: Mikal Dahle i Kolombus.

Foto: Lidvard Sandven / NRK

– Eit paradigmeskifte

Der norske fylkeskommunar har investert milliardar og bytt ut deler av den dieseltunge ferjeflåten med el-ferjer, står no hurtigbåtane for tur.

– Å gjere hurtigbåtar til nullutsleppsbåtar er ekstremt viktig for å klara å oppnå nullutslepp i kollektivtransporten, konstaterer Dahle.

Selskapet inngjekk i fjor sommar avtale med skipsverftet Fjellstrand AS på Omastrand i Hardanger om å byggja hurtigbåten «Medstraum».

Frå før har Brødrene Aa bygd den elektriske hurtigbåten «Rygerelektra». Båten går i rute på Lysefjorden, og på grunn av behovet for lang rekkevidde er farten sett ned til 18 knop. Sjøfartsdirektoratet definerer til å vere fartøy som går over 20 knop.

Alt i løpet av 2022 skal «Medstraum» gå i testrute til Byøyene og Hommersåk i Rogaland, med ein marsjfart på 23 knop, noko som gjer den til verdas første elektriske hurtigbåt som oppfyller Sjøfartsdirektoratets krav til hurtigbåtfart.

– Dette er eit paradigmeskifte. Me dei nye krava som kjem frå styresmaktene, kjem dette til å vera den aller første og dermed bana veg for mange framtidige hurtigbåtar.

Fylkesordførar i Rogaland, Marianne Chesak

STOLT VESTLENDING: Fylkesordførar i Rogaland, Marianne Chesak.

Foto: Lidvard Sandven / NRK

Storsatsing på «klimaversting»

For fleire fylkeskommunar jobbar for tida med ulike måtar å kutta utsleppa frå hurtigbåtane.

I dag er det i underkant av 80 hurtigbåtar i fylkeskommunal drift i Noreg. Mykje drivstoff og høge utslepp per passasjer, er den korte oppsummeringa av dieselbåtane.

Regjeringa har eit mål om å halvera utsleppa frå skipsfarten innan 2030, og står klar med lommeboka for å få målet realisert.

Det opnar dørene for fleire slike avtalar som Kolumbus og Fjellstrand har inngått, meiner Rogaland-ordførar Marianne Chesak (Ap).

– Eg trur fleire ynskjer å ha denne båten, så eg trur at dette er byrjinga på eit industrieventyr, seier Chesak.

Salssjef Edmund Tolo i Fjellstrand skipsverft på Omastrand

SALSSJEF: Edmund Tolo ved Fjellstrand.

Foto: Lidvard Sandven / NRK

Kampen mot vekta

Ein hurtigbåt krev mykje energi, fordi den skal halda høg fart, noko som skapar stor motstand i bølgjer og sjø.

Eit sentralt moment for skipsverftet i Hardanger har difor vore å plukka vekt av båten, som blir bygd med aluminiumsskrog.

Hurtigbåten blir 30 meter lang, 9 meter brei og vil ha ein marsjfart på 23 knop. Skroget skal byggast i aluminium, som er eit robust materiale som både har låg vekt og er lett å resirkulera.

– Vekta er faktisk det essensielle på hurtigbåt. Det er det me kjempar mot heile tida, seier salssjef ved Fjellstrand, Edmund Tolo.

Då hjelper det ikkje at vekta av batteriet er på heile 15 tonn.

– Kvar kilo har ein verdi her hjå oss, så lenge han ikkje er med.

Knut Arild Hareide på ferja ut til Aukra

INDUSTRI: Samferdsleminister Knut Arild Hareide (KrF) trur norsk industri kan gjera seg store på innovasjonen som ligg bak el-ferjer og hurtigbåtar på batteri.

Foto: Ann-Eli Nøsen / NRK

Hareide: – Store moglegheiter for norsk industri

I løpet av 2021 vil det ifølge Energi og klima vera 60 el-ferjer i drift langs norskekysten. Sidan nettopp skipsverftet Fjellstrand kickstarta det elektriske ferjeprosjektet med Ampere i 2015, har etterspurnaden auka.

Samferdsleminister Knut Arild Hareide (KrF) trur norsk industri kan gjera seg stor på ein teknologi han meiner vil bli ettertrakta i tida framover.

– Dette er viktig for å nå klimamåla, men det er også ei moglegheit for norsk industri. Hurtigbåtar går rundt om i heile verda. Me bygger no denne type slike båtar i Noreg, og kan òg eksportera desse, i realiteten til heile verda, fortel han.

Rogaland fylkeskommune er ein av 14 samarbeidspartnarar tilknytt prosjektet. EU sitt forskings – og innovasjonsprogram har tildelt prosjektet 120 millionar kroner.

– Det er dyrt å bygga desse båtane, innovasjonen kostar. Men når me har fått på plass batteri og anlegg på land, er det ofte langt billegare å drifta. Det er ein pukkelkostnad først, men på sikt er det ei lønsam investering, meiner Hareide.

PS: Båtverftet Brødrene Aa i Hyen i Nordfjord står også bak fullelektriske båtar. Mellom anna blei Rygerelektra lansert som verdas første heilelektriske hurtigbåt i si tid. Men sidan toppfarten blei justert ned til 19,5 knop, vert ikkje båten rekna som ein hurtigbåt. Difor kan Fjellstrand og Kolumbus uttala at dei byggjer verdas første fullelektriske hurtigbåt.