– Eg var aldri i tvil om at eg skulle ha dei med. Og så fann eg ut at eg ville samle dei i eit eige kapittel, heller enn å spreie dei utover, seier Gøril Grov Sørdal frå Vik i Sogn.
Ho har nyleg gitt ut boka «Nomino, historia om norske stadnamn». Og det er nettopp det boka handlar om – norske stadnamn og kor dei kjem ifrå og kva dei betyr.
Mange grove namn
Grov Sørdal er kjend frå NRK programmet Nomino som har sett på namn og stadnamn. Boka tar føre seg mykje som det rett og slett ikkje var plass til i TV-serien.
Og nokon av stadnamna er grovare enn andre. Svartfitta, Horevika, Sædingsklubben, Ronketorpet, Knullskardet, Kjerringskrevet, Spermbanken, Myggfitta, Hamarøykuken, Trollpikken, Tjukk-Anne-kuken, Pikkhaug, Prestefitta og Bestemorhølet er alle plassar i Noreg.
– Eg la ein gong ut eit bilde på Facebook med nokre av desse namna. Då var det ein som kommenterte at han lurte på kven som har godkjent desse namna. Men det er jo slik at dette er namn som har dukka opp av seg sjølv. Det er noko som har blitt sagt om ein plass ein gong og så har det blitt verande, seier Grov Sørdal.
Fleire favorittar
Det er mange døme på grove stadnamn, men ofte betyr dei noko anna. Som ho skriv i boka:
Sædingsklubben er ikkje ein runkering for tenåringsgutar, sæding er eit anna ord for gråmåke, og klubb betyr nes. Sædingsklubben betyr altså Gråmåkeneset, og det ligg i Karlsøy kommune i Troms.
– Eg har litt barnsleg humor og syns det er moro med slike namn. Og så vert eg nysgjerrig på kvifor vi lagar slike namn, seier ho.
– Har du ein favoritt blant dei grove namna du har funne?
– Brokaskiten likar eg. Det ligg i Austevoll og eg har ikkje klart å finna ut kvifor staden har fått det namnet. Fjertberget i Nordland er også morosamt, svarar ho.