NRK Meny
Normal

– Så vulgære stadnamn at ingen vil nemne dei

Tjukk-Anne-kuken, Underbrokaberget, Koddane og Gygrarøvi. Desse er blant mange underlege namn Kristian Solvang kjem over i sitt arbeid med å digitalisere stadnamn.

Kristian Solvang

MANGE RARE NAMN: Nokre av namna som er teikna ned i kartverket er så vulgære at folk ikkje ville seie dei høgt, fortel Kristian Solvang.

Foto: Even Lusæter / NRK

OPPDATERT JUNI 2017: Etter at steinen «Trollpikken» i Eigersund blei rikskjendis 20. juni etter hærverk, er det mange andre tilsvarande namn og formasjonar som har dukka opp i media frå forskjellige stader i landet.

Så då er spørsmålet, har vi noko tilsvarande i Sogn og Fjordane? Send oss gjerne ein epost med tips og eventuelt bilete til sf@nrk.no!

Her er nettsaka om stadnamn frå november 2015:

Mange upassande namn

Stadnamna våre er det mange av, og berre i Sogn og Fjordane er det samla inn 250 000 namn. Dei fleste av dei er no digitalisert, merka på kart og er tilgjengelege på Fylkesarkivet.

Men mange av namna har vore sett på som upassande og har berre levd på folkemunne.

Dei mest vulgære namna står ikkje nedteikna nokon stad, men dei er også viktige å få med fordi dei kan fortelje oss mykje om historia vår, seier Kristian Solvang.

– Dei kan seie noko om tidlegare bruk av eit område eller korleis det ser ut der, men dei fortel også ein del om kjønnsroller.

Kusa

GROVE NAMN: Eitt av mange rare stadnamn finn ein i Sogndal kommune.

Foto: Fylkesarkivet

«Tjukk-Anne-kuken»

Det verste namnet her i Sogn og Fjordane finn vi i Utvik. Der er det ein stein eller eit svaberg som heiter Tjukk-Anne-kuken. Men Solvang seier at slike vulgære namn ofte ikkje vart nemnde.

– Det er fordi informanten ikkje ville ta slike namn i sin munn.

Men mange plassar er kalla opp etter utsjånaden og får namn etter kroppsdelar frå folk og dyr. Desse er ofte greie å tolke.

– Til dømes er det nokså sjølvforklarande kvifor to steinar på eit sva i Luster heiter Køddane, eller at eit hol i eit berg i Luster heiter Musi.

Kristian Solvang

STRYN: Kristian Solvang gjer stadnamna digitale på Fylkesarkivet.

Foto: Even Lusæter / NRK

Difor heiter det Sølvberg

Men ein del stadnamn kan det vera vanskelege eller nærast umoglege å finne ei sikker tolking på. Døme på eit slik namn finn vi på ein gard rett over fjorden frå Utvik som heiter Sølvberg.

Ei historie fortel at det skal ha budd ein mann på garden som fann sølv, men at han vart sjuk og døydde før han fekk fortalt kvar sølvet var grave ned.

– Det er ei god historie, men ho er nok dessverre ikkje sann, ler Solvang.

Arne Sølvberg

SPELMANN OG SAUEBONDE: Arne Sølvberg og kona Asbjørg har lita tru på at dei vil finne sølv i grunnen.

Foto: Astrid Marie Årdal

Har berre funne kråkesølv

På Sølvberg bur Arne og Asbjørg, og dei er også lei seg for at namnet ser ut til å vera ein myte.

– Har de funne den gøymde skatten?

– Ja hadde det berre vore så vel at det var eit sølvberg her, ler Arne.

Han har grave grøfter og sprengt hustufter, men framleis er det resultatlaust.

– Så langt har eg funne berre kråkesølv, humrar Arne, og har lita tru på at gardsnamnet har noko med sølv å gjera. Derimot meiner han at det fyrste delen av namnet skriv seg frå sol.

Vil du høyre Arne Sølvberg fortelje om dei mannevonde avkomma til Ari eller det brutale drapet på Bromann? Klikk på lydklippet under:

Interessert i meir om stadnamn i Sogn og Fjordane? Då bør du høyre desse to innslaga: