Hopp til innhold

Nordmenn prutar på laksefiske: – Det er litt bittert å måtte gå ned i pris

Eigaren av ein av landets mest eksklusive lakseelver, Knut Munthe Olsen, tykkjer det er trist at nordmenn prutar på prisen for å få fiske når alle utlendingane blir borte på grunn av koronaen.

Knut Munthe Olsen

MISTAR KUNDAR: Knut Munthe Olsen driv den korte, men svært så eksklusive Årøyelva i Sogndal.

Foto: Privat

Kundane i dei beste norske lakseelvene har i stor grad vore rike utlendingar i alle år, men denne sommaren kjem ingen av dei.

Rundt 10.000 færre kundar blir det på grunn av koronakrisa. Elveeigarane kan tape fleire hundre millionar kroner.

Og no opplever elveeigarane at kjøpesterke nordmenn i mindre grad er villige til å bruke tusenvis av kroner for å få lov til å fiske.

Liten marknad i Noreg

– Det litt sure er at vi blir pruta på. Men mange av kundane har gjerne også tapt pengar, så eg kan forstå at dei vil ha det litt billegare. Men det er klart at det er litt bittert å måtte gå ned i pris, seier Knut Munthe Olsen til NRK.

Han eig og driv Årøyelva saman med kona Nina Munthe Olsen, og dei hadde fullbooka årets sesong.

– Det vi fort oppdaga når utlendingane ikkje kjem, er at den norske marknaden er ganske så liten, seier han.

Fiske i Målselva

BLANT DEI STØRSTE: Målselva i Troms er ei av elvene som blir råka av at utanlandske laksefiskarar ikkje kjem til Noreg i år.

Foto: Norske lakseelver

Milliardomsetning

Det er om lag 450 lakseelver i Noreg og mange av dei blir sett på som eksklusive og lite tilgjengelege for «folk flest».

Men har du råd, så er dette året der dei fleste kan kjøpe seg plass langs elvebredda.

Drammenselva, Numedalslågen og Bjøra opna for fiske alt 15. mai, men i dei fleste elvene startar fisket ved midnatt 1. juni og 15. juni.

Ifølgje organisasjonen Norske Lakseelver omset elveeigarane for om lag 1,3 milliardar kroner i dei tre hektiske sommarmånadane.

No er håpet at fleire nordmenn enn vanleg søker til elvene og kjøper fiskekort.

Håpar på endring

Ståle Solberg i Målselva i Troms er ein av dei som både håpar og trur at norske kundar skal dekke opp for noko av tapet.

– Eg trur fleire nordmenn kjem til å bruke tid i elva, og det difor kjem til å jamne seg ut, seier Solberg som vanlegvis har flest fiskarar frå Finland, Sverige, Polen og Latvia.

Odd-Helge Utby er leiar i samarbeidsutvalet som forvaltar Målselva. Han oppmodar nordmenn om å kome og fiske.

Dei legg uansett opp til eit strengt smittevernregime, både for folk og utstyr.

– Det blir desinfisering for bruk av gapahukar, og der folk desinfiserer fiskeutstyr må de også desinfisere hender og utstyret de bruker for å halde fiskeutstyret rent, seier Utby.

Strengt smitteregime

Han seier desinfiseringa som ein normalt bruker på fiskeutstyr, for å halde lakseparasitten Gyrodactylus salaris borte frå elvene, også kan brukast på menneske.

Organisasjonen Norske lakseelver har også eit håp om at regjeringa lettar på innreiseforbodet.

– Det er håp i hengande snøre, skriv dei i ei pressemelding.

I den kjende Altaelva håpar dei også på at regjeringa opnar opp for reisande frå Norden 15. juni.

Dagleg leiar Tor Erland Nilsen i Alta Laksefiskeri, kryssar fingrane for at det skjer.

– Vi trur uansett at det blir tilnærma som normalt, så får vi sjå kva vi får til. Det er mange nordmenn som fiskar i utlandet. Om ikkje utlendingar får reise inn, får heller ikkje dei reise ut, seier Nilsen.

Utanlandske laksefiskarar i 2019:

  • Finland, 4127 personar
  • Sverige: 2703
  • Danmark: 2353
  • Tyskland: 1249
  • Storbritannia: 455
  • Andre land: 1074