Hopp til innhold

Vart kasta som meddommar - nøgd med terrordommen

– Det er ein god dom. Retten har kome fram til ein rett dom for tiltalte og samfunnet, meiner Thomas Indrebø om domen etter terrorangrepa 22. juli i fjor.

Thomas Indrebø

STÅR FAST: All den tid ingen kan dømmast til døden i Norge, tykkjer Thomas Indrebø at dommen etter terrorangrepa var god. Indrebø vart tidlegare i år kasta som meddommar i saka.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Thomas Indrebø vart kasta som meddommar i rettssaka mot massedrapsmannen Anders Behring Breivik.

Dette fordi sunnfjordingen skreiv på Facebook at dødsstraff var den einaste rettferdige straffa.

– Det synet har eg ikkje forandra på sidan sist, seier han.

Gått for same straff

Indrebø var mellom dei mange som følgde med då retten las opp dommen fredag. Gjerningsmannen vart dømd til 21 års forvaring.

Sjølv seier Indrebø at han ville blitt overraska om han sjølv hadde gått for ei anna straff enn det Oslo tingrett landa på.

– Eg veit eg hadde gått for tilrekneleg. Eg trur ikkje han er sjuk, men at han er like oppegåande som dei aller fleste av oss, seier Indrebø og er nøgd med domen.

– Kan gå vidare

– Dei har kome fram til at han ikkje er sjuk, og at han kan dømmast for det han har gjort. Det har etterlatne og pårørande vore interessert i heile vegen. No kan dei få fred, og gå vidare. Hadde han blitt dømd som utilrekneleg, så ville mange ikkje kunne gått vidare, seier han.

Både påtalemakta og forsvaret har signalisert at dei ikkje vil anke domen.

Indrebø meiner framleis at dødsstraff ville vere rett straff for terroråtaka der Behring Breivik drap 77 personar i Regjeringskvartalet og på AUF sin sommarleir på Utøya.

– Eg tykkjer ikkje det er rett at nokon som drep så mange menneske kan kome ut att. Då bør ein innføre livstid som livstid, og ikkje 21 år som maksstraff. Blir ein dømd til livstid i andre land, så er ein der resten av livet, seier han.