Hopp til innhold

Meddommar kjende seg som popstjerne etter han fekk sparken

Thomas Indrebø vart rekna som inhabil og sparka som meddommar i 22. juli-rettssaka. Han opplevde det som ein popstjernetilvære, melder VG Nett.

Video 816327a1-9bbe-4191-a6dd-f9b9721af719.jpg

Sparket meddommer angrer ingenting

– Det er den einaste måten å straffe folk som drep folk og bombar hus, seier tidlegare meddommar Thomas Indrebø til NRK.no i dag.

Slik kommenterer 33-åringen frå Førde saka på ny. Han vart meldt inhabil den andre dagen av rettssaka mot Anders Behring Breivik, grunna ei utsegn om at tiltalte fortener dødsstraff. Utsegna kom 23. juli i fjor. No held han fast ved det han sa då.

– Dødsstraff er rettferd i denne saka, seier Indrebø til VG Nett.

Kjende seg som ei popstjerne

– Eg kjende meg litt som ei popstjerne då det stod fotografar utanfor tinghuset, fortel han vidare til VG.

(Artikkelen held fram under biletet)

Meddommer Thomas Indrebø

MEDDOMMAR FJERNA: Thomas Indrebø frå Førde vart fjerna som meddommar den andre dagen av 22. juli-rettssaken.

Foto: NRK

I intervjuet presiserer han at han tykkjer det er dumt at han ikkje får vere med å dømme Breivik, men meiner det ikkje er bittert.

– Eg synest eigentleg det er rart at eg er funnen inhabil for å nytte ytringsfridomen min. For meg er det å vere inhabil fyrst og fremst å ha kjennskap til nokon i ein sak, seier Indrebø.

Fleire utsegn frå Indrebø er komne fram etter han vart kjend inhabil. Dagbladet.no melder mellom anna at Indrebø skreiv på Facebook, 13. november: "I morgen blir det SIRKUS utenfor og i Oslo Tinghus, can't wait!!!"

Behring Breivik: – Fornuftige meiningar

Etter at Thomas Indrebø måtte gå av som meddommar, fekk han støtte for sine utsegn av Behring Breivik. Indrebø uttaler til NRK at han har registrert at tiltalte er einig i det han sa:

– Eg tek det som eit kompliment at tiltalte er einig med meg, fortel han utanfor tingretten i dag.

Thomas Indrebø er éin av to involverte frå Sogn og Fjordane. Den andre er Ernst Henning Eielsen frå Florø, som òg er meddommar i saka.