Norske born fekk møte Sivert gjennom andre sesongen av barne TV-serien Klart eg kan.
No skal episoden med sjuåringen visast på kino i heile Taiwan.
– Vi har snakka litt om det, og det er litt stas. Kanskje det er mest stas og spennande for foreldra, humrar pappa Odd Lennart Vikene.
Sivert på mandarin
Episoden vart i slutten av mars vist under Taiwan International Children Film Festival, der den var
. Pris vart det likevel ikkje, då juryen ikkje vart samde om ein vinnar som oppfylte alle krav i dokumentarsjangeren.(Artikkelen held fram under videoen)
Når episoden no skal visast på taiwanske lerret, skjer det mellom 1. juli og 31. august. Og sjølvsagt på mandarin, som er Taiwan sitt offisielle språk.
– Han tykkjer det i utgangspunktet er rart å høyre si eiga røyst, og endå rarare blir det vel å høyre seg sjølv på eit anna språk, seier Vikene.
– Stas
Vinningane i Taiwan blir gratis. Prosjektleiar Kjellrun Lavik tykkjer det er stas at fleire skal få innblikk i korleis born i Norge nyttar naturen.
Ho var sjølv i Taiwan under filmfestivalen og fortel at kulturskilnadane kom klart fram, då borna der vanlegvis
.– Litt av målsettinga med «Klart eg kan» er å inspirere barn til å prøve å nå mål og draumar dei ber på. Difor synest me det er veldig kjekt at flest mogeleg får moglegheita til å sjå programma og få tru på at dei kan klare mykje dersom dei berre vågar å prøve, seier Lavik.