Klart eg kan 9 - Her er ungane frå tvserien Klart eg kan samla til førpremiere i Operahuset på Nordfjordeid. - Foto: Øystein Torheim /

Her er ungane frå tvserien Klart eg kan samla til førpremiere i Operahuset på Nordfjordeid.

Foto: Øystein Torheim

Her kan du sjå «Klart eg kan»

Sjå episodane frå den nye barnetv-serien «Klart eg kan» i vårt nett-tv her.

Barn må i oppveksten sin gjere mange ting for første gang. «Klart eg kan» heiter ein ny dokumentarserie med born som forsøker seg på ting dei har lyst å klare.

Her kan du sjå born som tek sin første tur på skøyter, reiser med fly åleine for første gong, sluttar med smokk, deltek i store danseframsyningar, tek hol i øyret og padlar til ei øy for å overnatte.

Serien ser du kvar dag i julemorgen på NRK Super klokka 0830. Vi legg alle episodane og musikkvideoen frå serien på denne sida etterkvart som dei er sendt på TV.

Episode 1 - Ida skal fly åleine

Ida sin mamma og pappa er skilt og bur langt vekke frå kvarandre. Når Ida skal besøke pappa må ho og storebror fly åleine. Det synes Ida av og til er skummelt, men samtidig er det kjempefint å besøke pappa og venner der ho budde før.

Video Klart eg kan - Ida skal fly åleine - Foto: Nyhetsspiller /

Klart eg kan - Ida skal fly åleine

Episode 2 - Harriet Maria som sirkusprinsesse

Harriet Maria skal vere sirkusprinsesse på Cirkus Zorba. Ho skal ri på ein kvit, høg hest. Harriet Maria synes hesten er litt skummel. Ho har veldig lyst til å vere sirkusprinsesse, men lure på korleis det skal gå.

Video Klart eg kan - Harriet Maria vil bli sirkusprinsesse - Foto: Nyhetsspiller /

Klart eg kan - Harriet Maria vil bli sirkusprinsesse

Episode 3 - Tora og isslottet under isbreen

Tora skal på lang skitur. For onkel Bjørnar vil vise henne eit isslott. Isslottet ligg langt unna, og så langt har Tora aldri gått på ski før.

Video Klart eg kan - Tora skal besøke ei grotte under breen - Foto: Nyhetsspiller /

Klart eg kan - Tora skal besøke ei grotte under breen

Episode 4 - Johan på fotballturnering

Johan elskar å vinne fotballkampar. Men han likar ikkje å tape. Pappaen til Johan er kjempegod i fotball, og han seier at Johan må vere blid sjølv om laget hans taper. Men det synes ikkje Johan er så lett.

Video Klart eg kan - Johan på fotballturnering - Foto: Nyhetsspiller /

Klart eg kan - Johan på fotballturnering

Episode 5 - Per og Bukke-Lars

Per likar å leike med alle dyra på garden til tanta si. Favorittdyret er ein geitebukk som heiter Bukke-Lars. Men no må Per finne på noko lurt, for Bukke-Lars har blitt så tjukk at Per ikkje kan leike den leiken han likar aller best lenger. Per må rett og slett skaffe pengar for å løyse problemet.

Video Klart eg kan - Per og geitebukken Bukke-lars - Foto: Nyhetsspiller /

Klart eg kan - Per og geitebukken Bukke-lars

Episode 6 - Mathilde tek hol i øyrene

Matilde synes det er fint med øyredobbar. Men ho har berre leikeøyredobbar. Kanskje ho ein dag tørr å ta hol i øyrene?

Video Klart eg kan - Mathilde skal ta hol i øyrene - Foto: Nyhetsspiller /

Klart eg kan - Mathilde skal ta hol i øyrene

Episode 7 - Lukas danser ballett

Lukas dansar ballett. Nokre meiner ballett er jentete, men Lukas vil betemme sjølv. Snart skal han vere prins på ei Torneroseframsyning - og då må han øve veldig masse.

Video Klart eg kan - Lukas - Foto: Nyhetsspiller /

Klart eg kan - Lukas

Episode 8 - Trine må slutte med smukk

Trine er så stor at mamma og pappa har bestemt at ho må slutte med smukk. Men Trine har aldri sove utan smukk før, og vil ikkje gje smukken frå seg.

Video Klart eg kan - Trine - Foto: Nyhetsspiller /

Klart eg kan - Trine

Episode 9 - Adrian skal gå på skøyter

Adrian ser gjennom vindauget at ute har alt vatn frose til is. Adrian har aldri gått på skøyter før, men har veldig lyst å prøve. Isen er glatt og knallhard. Det blir spennande å sjå om Adrian klarar å gå på skøytene, eller om han berre kjem til å dette og slå seg.

Video Klart eg kan Adrian - Foto: Nyhetsspiller /

Klart eg kan - Adrian skal gå på skøyter

Episode 10 - Emilie skal på turnstemne

Emilie er kjempeflink til å turne. Ho sprett rundt så lett som ingenting. Snart skal Emilie og alle ho turnar ilag med, reise på turnstemne for å vise fram det dei kan. Men mamma og pappa kan ikkje vere med, så Emilie må reise åleine. Klarar ho det skal tru?

Video Klart eg kan - Emilie skal på turnstemne - Foto: Nyhetsspiller /

Klart eg kan - Emilie skal på turnstemne

Episode 11 - Lotte skal på langtur med Kajakk

Lotte og pappa er ofte på tur ilag. Men denne gangen skal Lotte prøve noko heilt nytt. Ho skal padle i kajakk, og er litt nervøs. For dei skal ut på det opne havet og der kan det bli både skummelt, vått og kaldt.

Video Klart eg kan Lotte - Foto: Nyhetsspiller /

Klart eg kan - Lotte skal padle kajakk

Episode 12 - Andreas skal prøve å segle

Andreas bur ein plass der det nesten alltid er vind. Ham elskar å leike i vinden, men når pappa vil lære Andreas å segle oppdagar han at sterk vind kan vere litt skummelt og. Så det spørs om Andreas klarar å vere så modig som han helst vil.

Video Klart eg kan - Andreas - Foto: Nyhetsspiller /

Klart eg kan - Andreas skal lære seg å segle

Musikkvideoen til Klart eg kan

Musikken til serien er laga av Torbjørn Ellingsen og framført av Odd-Erik Lothe. Her kan du sjå musikkvideoen til Klart eg kan.

Video Klart eg kan - musikkvideo - Foto: Nyhetsspiller /

Klart eg kan - musikkvideo

Påsken er for mange starten på årets båtsesong. Vi vart med då ein Sea King frå 330 Skvardron trente på sjøredning saman med redningsskøyta Halvdan Grieg.
Det er bygd ut så mykje grønn strøm i Norge at det ikkje er lønsamt lenger.
No står mange små-kraft-prosjekt i fare, trass i at stortinget har vedteke at det skal byggast meir vasskraft fram til 2020.
Created by InfoDispatcher

Opphavsrett NRK © 2014

Ansvarlig redaktør: Thor Gjermund Eriksen

Nettsjef: Frank Gander (konst.)