Hopp til innhold

"Klart eg kan" vekkjer begeistring og undring i Taiwan

– Finst det monster i alle norske skogar? Korleis kan born få spikke med kniv? Spørsmåla var mange etter at ein kinosal full av taiwanske born fredag fekk sjå Sivert som overnattar ute under Taiwan Internasjonale Barnefilmfestival.

Taiwanske born ser "Klart eg kan"

TALLAUSE SPØRSMÅL TIL SIVERT: – Korleis kan folk ete is frå eit vatn som er frose? Ein fullsett kinosal i Taipei av eit svært ungt publikum hadde mange spørsmål til NRK Sogn og Fjordane-serien 'Klart eg kan'.

Foto: Eva Westvik / NRK

– Finst det troll i alle norske skogar?

– Kan norske born få klatre i tre?

Spørsmåla var mange etter at ein smekk full kinosal av taiwanske born fekk sjå ein episode av nrk-serien "Klart eg kan" under Taiwan Internasjonale Barnefilmfestival.

(Artikkelen held fram under biletet)

Taiwanske born er begeistra over "Klart eg kan"-serien

TROLL?: 8 år gamle Constance Huang lurte på korleis det går an å ete vatn som har frose til is. James Ho kjende seg att i Sivert, 8-åringen likar heller ikkje tanken på at det er troll i skogen.

Foto: Eva Westvik / NRK

Største asiatiske barnefilmfestival

NRK-serien er ein av fem nominerte i klassen for beste dokumentar under den internasjonale festivalen, TICFF. Serien vert laga av NRK Sogn og Fjordane.

Det er episoden om Sivert som er plukka ut til å representere serien under den internasjonale filmfestivalen der 635 filmar frå 32 land er representert. I dag vart episoden vist fram for ein fullsett kinosal av taiwanske born.

(Artikkelen held fram under biletet)

Sivert Klart Eg Kan

SIVERT VEKKJER UNDRING: Taiwanske born er forundra over at born i Norge får spikke og sove i gapahuk.

Foto: NRK / Arkiv

Sivert er mørkeredd, men likevel vil han overnatte ute i gapahuk saman med faren sin. Han klatrar høgt opp i eit furutre medan faren sikrar han med sele, han spikkar, sagar og lagar bål.

Dei taiwanske borna synest det var rart at Sivert fekk lov å klatre i tre og fyre bål. Det er ikkje vanleg at born i Taiwan får lov til slikt, kunne dei fortelje.

(Artikkelen held fram under biletet)

Klart eg kan i Taiwan

FØREBUING MED TOLK: Westvik i møte med med tolk, konferanseleiaren og folk frå festivalleiinga like før episoden med Sivert vart vist fram på festivalen.

Foto: Kjellrun Lavik / NRK

Kan ein ete is som er frosen på vatn?

– Korleis er det mogeleg å ete vatn som er blitt til is, undra borna i kinosalen. Det gjorde sterkt inntrykk ettersom dei aldri tidlegare har sett og høyrt om at vatn kan fryse og bli til is.

– Har ikkje folk i Norge telt ettersom dei må lage gapahuk når dei søv ute, var eit anna spørsmål frå eitt av borna i kinosalen.

Episoden om Sivert vekkjer også oppsikt blant vaksne i Taiwan fordi han får lov å klatre høgt opp i eit tre, spikke med kniv og tenne fyrstikker og lage bål åleine. Det er ikkje normalt at born i Taiwan får lov til dette.

Spesielt møte

For regiansvarleg for serien Eva Westvik var det ei spesiell oppleving å svare på spørsmåla frå det unge publikummet. Responsen frå borna har gjort inntrykk på henne.

– Det var utruleg fint å få spørsmål om serien frå eit så spesielt publikum. Dette var ei stor oppleving, som motiverer, seier Eva Westvik.

Filmane som vinn skal visast for born i heile Taiwan seinare i år. Men det er først neste fredag at vinnaren av dokumentarklassen vert kåra.

Eva Westvik på plass i Taiwan

MÅTTE SVARE DEI UNGE: Eva Westvik måtte via tolk svare det unge publikummet i Taiwan på korleis born kan spikke og om det finst troll i norske skogar.

Foto: Kjellrun Lavik / NRK