Hopp til innhold

Sjå «Klart eg kan» i nett-TV

Episodane av i den andre sesongen av dokumentarserien «Klart eg kan» går kvar tysdag på NRK Super. Her kan du sjå dei i nett-TV.

Premierefest for Klart eg kan

FØRSTEMANN: Lukas Endal Andersson er førstemann ut når sesong 2 av «Klart eg kan» kjem på lufta tysdag 8. januar.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Premierefesten var fredag 4. januar, og tysdagen etter var det duka for første episode. I sesongens første episode møtte sjåarane Lukas Endal Andersson frå Nordfjordeid.

Serien ser ein kvar tysdag på NRK Super klokka 1815. I alt 11 episodar fram til 19. mars.

– Eg er med på teater, og oppfører meg ikkje heilt som eg skal. Det var så mykje anna som var kjekkare, fortel Lukas om den første episoden.

Skal lage ein tredje sesong

Gjennom 11 episodar av dokumentarserien «Klart eg kan» får sjåarane møte born frå Sogn og Fjordane som viser kva som er utfordrande og spennande i deira kvardag.

Tilbakemeldingane frå NRK Super er også svært positive. Det er allereie klart at NRK Sogn og Fjordane skal lage ein tredje sesong av serien.

Borna er seg sjølve og sjåarane får bli med kvardagslege, men likevel svært viktige hendingar i borna sitt liv. Mange drøymer om ting dei vil klare, og jobbar hardt for å nå målet sitt.

– Dei er tøffe

Mellom anna får publikum bli med på overnatting ei kald haustnatt, uteteater, krepsfiske, og kartløp og klatring i ein bratt fjellvegg.

Serien er i hovudsak laga av journalist Eva Westvik, som har fått fleire utmerkingar for arbeidet sitt. Ho har tidlegare stått for dokumentarserien «Her er eg!».

– Eg tykkjer borna er tøffe. Dei kastar seg ut i utfordringar og gjev mykje av seg sjølve. No er vi spente på kva sjåarane synest, seier prosjektleiar Kjellrun Lavik.

Sjå alle episodane her:

8. januar Lukas Endal Andersson

Lukas likar ikkje å stå i ro. Han likar best å springe rundt å sjå på alt det rare han finn. Men i eit teaterstykke han skal vere med i, skal Lukas vere ein gut frå gamledagar, som som skal synge og stå fint i ro. Skal tru korleis det går?

EPISODE 1: Lukas Endal Andersson.

Lukas likar ikkje å stå i ro. Han likar best å springe rundt og sjå på alt det rare han finn. Men i eit teaterstykke han skal vere med i, skal Lukas vere ein gut frå gamledagar, som skal synge og stå fint i ro. Skal tru korleis det går?

15. januar Malin Eikenes Tjellaug

Malin har blitt storesøster til ein pitteliten bror, og det er jo fint. Men det skjedde akkurat samtidig som ho skal synge på sin siste sommarfest i barnehagen. Og mamma kan ikkje komme fordi ho er med babyen på sjukehuset! Så no er Malin både glad og lei seg samtidig!

SJÅ: Episode 2 med Malin Eikenes Tjellaug.

Av og til skjer fine ting samtidig. Då er det ikkje fint likevel. Slik er det med Malin. Ho har blitt storesøster til ein pitteliten bror, og det er jo fint. Men det skjedde akkurat samtidig som Malin skal synge på sin siste sommarfest i barnehagen. Og mamma kan ikkje komme fordi ho er med babyen på sjukehuset! Så no er Malin både glad og lei seg samtidig!

22. januar Leon Silden Tytingvåg

Leon vil bli skippar når han blir stor. Då skal han vere sjef ombord i ein båt, som heiter Øyglimt. Han øvar seg så ofte han kan, og det beste som finst er å vere med morfar på jobb.

Klart eg kan - Leon

Leon vil bli skipper når han blir stor. Då skal han vere sjef på ein båt, som heiter ”Øyglimt”. Han øver seg så ofte han kan, og det beste som finst er å vere med morfar på jobb. For morfar er skipper på ekte. Leon får lov til å styre den store båten og å ta billettar frå folk som skal til byen

29. januar Ada Johanne Borgund

Ada har sin eigen hund. Det er mykje å passe på og det verste ho veit er når ho må plukke opp hundebæsj. Snart skal Ada på ein hundekonkurranse med hunden sin. Det er første gong og Ada er redd for alt det gale hunden kan finne på.

EPISODE 4: Ada Johanne Borgund.

Ada har sin eigen hund. Det er mykje å passe på og det verste ho veit er når ho må plukke opp hundebæsj. Snart skal Ada på ein hundekonkurranse med hunden sin. Det er første gong og Ada er redd for alt det gale hunden kan finne på.

5. februar Sivert Vikene

Sivert skal vere med pappa på overnattingstur ute i skogen. Sivert gruar seg, for han er litt mørkredd og trur kanskje det blir veldig kaldt. Og tenk om huldrer finst? Sivert trur litt på huldrer, for pappa elskar å fortelje skrøner og eventyr.

EPISODE 5: Sivert Vikene.

Sivert skal vere med pappa på overnattingstur ute i skogen. Sivert gruar seg, for han er litt mørkeredd og trur kanskje det blir veldig kaldt. Og tenk om huldrer finst? Sivert trur litt på huldrer, for pappa elskar å fortelje skrøner og eventyr.

12. februar Mina Husebø Kristensen

Mina likar kjempegodt å ri. Men for ei stund sidan vart ho kasta av hesten og fekk veldig vondt. No er ho redd for å hoppe med hesten, men likevel har ho bestemt seg for å delta på rideoppvisning der ho og hesten må hoppe over fleire hinder.

EPISODE 6: Mina Husebø Kristensen

Mina likar kjempegodt å ri. Men for ei stund sidan vart ho kasta av hesten og fekk veldig vondt. No er ho redd for å hoppe med hesten, likevel har ho bestemt seg for å delta på rideoppvisning der ho og hesten må hoppe over fleire hinder. Mina er veldig spent på korleis det skal gå.

19. februar Emma Aase

Emma elskar bilar, og no har ho fått sin eigen vesle bil som vert kalla gokart. Ho øver masse på gokartbanen og snart skal ho delta i sin første ein konkurranse. Skal ho vinne må ho køyre fort, samtidig må ho passe på at ho ikkje krasjar eller køyrer ut av banen.

EPISODE 7: Emma Aase

Emma elskar bilar, og no har ho fått sin eigen vesle bil som vert kalla gokart. Ho øver masse på gokartbanen og snart skal ho delta i sin første konkurranse. Skal ho vinne må ho køyre fort, samtidig må ho passe på at ho ikkje krasjar eller køyrer ut av banen.

26. februar Aurora Elise Grinde

Klart eg kan Sesong 2 Episode 8

Klart eg kan - Aurora

Aurora og besten er bestevenner. I dag skal dei på fisketur, for å fange kreps. Aurora er redd for at krepsen skal bite henne i tommelen, for det har skjedd før. Men heldigvis passar besten på. Aurora er spent på om dei får kreps, eller kanskje dei berre får rare sniglehus og slimete ål?

5. mars Hanna Loftesnes Breilid

Klart eg kan Hanna - Sesong 2 Episode 9

Klart eg kan - Hanna

Hanna elskar å klatre, men mamma og pappa er ikkje så veldig glad i klatring, så Hanna får ikkje klatre så ofte som ho vil. Når Hanna endeleg kjem seg til klatrehallen, vil ho prøve å klatre til toppen av Norges brattaste klatrevegg. Veggen når heilt til taket og det er veldig vanskeleg å komme seg heilt opp. Skal tru korleis det går med Hanna?

12. mars Tine Skovro

Tine er veldig spent før ho skal overnatte hos ei venninne for første gong. Det ho er mest nervøs for er om ho kjem til å vakne midt på natta og har lyst heim att til mamma.

Klart eg kan - Tine.

Ho er veldig spent før ho skal overnatte hos ei venninne for første gong. Det ho er mest nervøs for er om ho kjem til å vakne midt på natta og har lyst heim att til mamma. Skal tru om det går bra?

19. mars Patrick Hjelle

Klart eg kan - Episode 11 Patrick

EPISODE 11: Patrick Hjelle.

Patrick har så veldig lyst å bli brannmann når han blir stor, for det er både pappa og farfar. Så ofte som han får lov er han med pappa for å øve seg å slukke brann. Håpet er å ein dag kunne redde folk frå brann på ekte.